Mange hyttefolk i Øygarden og Knutsvik synes det var litt dumt at turboka på Høgafjell måtte vike i fjor. Høgafjell boka til helselaget er erstattet med en ny bok som ble lagt ut i Januar i fjor, denne boken vil bare bli liggende ute til den er utskrevet. Det var hele 164 noteringer i boken, …
Kun 106 dagar til PåskerevyenJoda, for revygjengen har alt begynt å lea på seg – så Påskerevy skal det bli i år òg !!! Har du lyst å bli med i revygjengen, så kom an !! Det er mange jobbar som skal gjerast for å få til ein slik revy som me har hatt dei …
Skiftun Fiskemottak har planar om å utvide drifta si til òg å omfatte sal av fisk. Dette skal skje i dei tidlegare meierilokala på Sand.Les meir om dette i Suldalsposten.
Nei, dette er ikkje bilde av KorLøye……såå mange og såå «styla» er me dog ikkje.Men KorLøye er likevel klar med sesongstart på mandag 10 jan kl 19.30 Jøsenfjorden. Deretter annakvar mandag Jøsneset og Jøsenfjorden KorLøye er eit høgst uhøgtideleg amatør-kor, som hittil har bestått av 8-10 damer frå Jøsneset og Jøsenfjorden. Nå er kanskje tida moden …
Det var bra frammøte på «rom-juls-volleyballen», og nå satsar me på like stort frammøte framover vinteren 2011. Volleyball er sosialt, gøy og passer for alle…..og det er viktig å komme i form til sommarenMØT OPP I GYMSALEN TORSDAGAR KL 20.00. Arr: Ola Skiftun/JUL
Redaksjonen hadde nyleg kontakt med «ein ivrig wikipedianar», som m.a. har skrive om Jøsneset på Wikipedia. Lurer du på kva Wikipedia er: sjå HER. Nå har han òg lagt ut link til nettsida vår på Wikipedia. I dag 02.01.2011 var det plutselig 153 gjester inne på sida vår på ein gong. Kanskje berre tilfeldig, eller……? (det vanlege er meir rundt+/- 10 …
Juletrefestkomiteen inviterer til JULETREFEST laurd 8.jan kl 17.00, Gymsalen Komiteen skriv: «Me ønskjer velkommen til tradisjonell juletrefest for store og små. Servering av graut, gløgg og julekaker. Leiker, song og gang rundt juletreet.Kvar familie tar med eit fat med julekaker. Pris: Vaksne 50,- Born under ungdomsskulealder: kr 20,- Nissen kjem – me vonar at …
Nytt år – nye utfordringar. Ingen VEIT kva året vil bringe. Men alle: store, små, unge, gamle kan bli med å SPÅ JØSNESET SI FRAMTID 2011. Send inn dine svar på dei 15 spørsmåla nedanfor innan 15.februar 2011, så er du med på Jøsneset Ungdomslag sin SPÅDOMS-KONKURRANSE 2011 : 1. I løpet av 2010 har Jøsneset hatt ei folkevekst på 10 pluss. …
Statistikken vår viser at josneset.no er stadig godt besøkt – og meir enn i fjorOm besøkstalet ikkje plent går rett til himmels, så peikar iallefall pila vår oppover !! I fjor hadde me 9 477 besøk. I år har det auka til 13 500 besøk, derav 3924 unike brukarar (dvs ulike pc-ar som har logga seg inn …
På Juleafta var det Arthur Westersjø 90 år frå Jøsneset som stod i fokus i fleire media i fylket. Både Stavanger Aftenblad og Strandbuen hadde artiklar med den spreke 90-åringen, og radiointervju i NRK Lokalen var det òg Stavanger Aftenblad fokuserte på at Arthur sannsynlegvis er Norges eldste politikar: for igjen stiller han på AP …
Me har fått melding om at juletrefesten blir LAURDAG 8.JANUAR 2011, og at lappar er på veg ut i postkassane. Meir info her følgjer når me har fått «lappen».
Volleyball-treningane i haust har slått bra til, og det har vore bra frammøte. Primus motor er Ola Skiftun i Ungdomslaget. Han dreg nå i gong òg ROMJULS-VOLLEYBALL…….det er godt å trimma av seg litt julekaker, er nok filosofien bak dette her påfunnet. Møt opp i GYMSALEN LITLA NYTTÅRSAFTA kl 20.00. Invitasjonen går til kvinner og …
I år som i fjor kom julesnøen som bestilt ! Juleafta stod snøbygene tett og den fine snøen kledde bygda i sin finaste kvite julestas. 1. juledag opprant med strålande sol, speilblank Ombofjord og minus 10. Snøen hang på greiner og strå. Ei vakker julehelg !! Norda-Skiftu Juleafta – det snødde tett ! Skiftudalen Juleafta…..utsikten mot Randøy er blokkert …
Hjortajakta blei avslutta 29.11 og det blei i følge fellingsrapporten skutt 43 hjortar på Jøsneset dette året. Jøsneset Viltlag har eit stort vald og hadde i år jaktløyve på 50 dyr. Fellingsprosenten blei altså 86 %, så det var bra. Jøsneset Viltlag er i følge skogbruksrådgjevaren i kommunen det valdet der det blir skutt mest …
Kl 00.38 natt til onsdag 22. desember – ca 15 timar etter fullmåne med total måneformørkelse – inntreffer vintersolverv. Frå nå av vil detlangsomt gå mot lysare tider Men «snur» eigentleg sola? Nei, det gjer den sjølvsagt ikkje – det er berre ein talemåte. Men dette er tidspunktet ein gong i året då …
Me har fått ei koseleg julehelsing til bygdafolket frå eit besteforeldre-par i Stavanger. Sjå HER Dette var eit godt tips, folkens. Har de lyst å sende ei jule-eller nyttårshelsing til Jøsnesfolket, så er dette staden å formidle det.Me oppmodar til fleire «julekort» !! Send gjerne med bilde. Sendast til ungdomslaget@josneset.no
Helselaget har også i år delt ut blomar til medlem over 80 år. I alt 10 blomar vart delt ut i år og dei kan glede seg over ei fin juleasalea. Me ynskjer også alle andre ei god jul og eit godt nyttår!
Eli Fossmark og Inge Knutsvik har flytta til Knutsvik. Jøsneset, 10 i pluss! Ok, mattekunnskapene må kanskje rustas opp, men så langt «redaksjonen» har greidd å telje kjem Jøsneset ut med 10 personar i pluss i 2010! Det er jo kjempepositivt, og vi håpar at det er ein trend Heile 7 stk har flytt til …
Dei trufaste ferjependlarane blei møtt av ein nypynta julesalong på mandagsmorgonJuletreglitter er sirleg hengt opp over vindauga i alle salongar på ferja – så her kan du hente tips til di eiga julepynting i heimen Pendlarane er bittelitt usikre på om pyntinga er heilt «i boks» for i år…….dei årvisse julestjernene på bordene i salongane …
Værprognosane seier «kvit jul i Hjelmeland, men usikkert i Stavanger». Les her.