Hjelmeland Hagelag valde torsdag denne veka å leggje Hagelagsmøtet sitt til Jøsneset, og det blei full klaff med 25 frammøtte både frå Jøsneset og andre bygdar.
Temaet var miljøvennleg/økologisk hagebruk, og Ingvald Erga frå Jæren hadde eit engasjert og godt innlegg.
Erga er miljørådgjevar i Grønn Hverdag i Stavanger, men driv òg Erga gard på Jæren. Frå eige bruk har han gjort seg masse erfaringar kring temaet; og driv mellom anna grønsakdyrking. Erga er oppteken av samanhengane både globalt og lokalt, og var inne på at dei små bidraga kvar enkelt hageeigar gjer, er viktig i den store samanhengen. Han er òg svært oppteken av gleda det er å dyrke sine eigne planter, ikkje minst nytteplanter som urter og grønnsaker. Gleda av å ete sitt eige eple og si eiga tomat er viktige verdiar i livet. Han ga masse enkle og nyttige tips om miljøvennleg hagebruk; td jorddekking for å oppnå betre jordklima, samplanting for at plantene skal dra nytte av ulike eigenskapar, bruk av kompost, oppbygging av bed for å halde på jordvarmen osv osv.
Etter innlegget blei det servert kaffe og gode kaker. Tore Sandvik orienterte om Hagelaget sentralt og lokalt, og ønskjer seg fleire medlemmer frå Jøsneset 🙂 Hagelaget har i år 30-års jubileum, og i mai blir det difor stor fest på Samfunnshuset.
Ønskjer du å bli medlem, kan du ta kontakt med Tore Sandvik eller «vår eiga» Elsa Nesvik Altamirano, som òg er med i styret nå. Ein kan òg ta direkte kontakt med Hageselskapet sentralt.
Tore og Elsa hadde òg masse fine blomar dei lodda ut denne kvelden. Åresalget såg ut til å gå godt, og mange nøgde vinnarar tusla heim med ein fin ildtopp eller kalia under armen.
Takk til Hagelaget for ein fin hagekveld. Nå gledar me oss til våren
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.