Treningsrommet i gymsalen har ein god del utstyr: tredemølle, romaskin, syklar, benkpress, vekter, matter, kettlebells, vektballar, foamroller. Gymsalen og dette treningsrommet kan nyttast for alle ! Ta med musikk på mobilen, så kan den koplast til god høgtalar! Då blir det gøy !! meir info:
«Inngangsbilett» er kr 300 pr ÅR. Då får ein tilgang til nøkkel i ein nøkkelboks og kan gå å trene når ein sjølv vil. Nøkkelboksen er kode-basert, og koden er nyleg bytta! Om du har betalt, og ikkje fått ny kode: kontakt Silje 950 62 607. Utstyret er kjøpt inn delvis av Jøsneset Bydaråd og delvis av Jøsneset Helselag, m.a med midler frå EXTRAEXPRESS-STIFTELSEN
Det er laga eit sett reglar for treningsrommet ! Det er viktig at alle følgjer instruksjonane ift nøkkelboksen – på den måten kan dette forbli fleksibelt !
Ellers minner me om TORSDAGSTRENINGA !! Den held fram kvar torsdag kl 19.30. Ope for alle – kondisjon, styrke, strekk ! Gratis !! Då nyttar ein òg trim-apparata. Silje er instruktør og dette er eit lågterskeltilbod: det er ikkje avansert og du treng IKKJE vere i god form FØR du kjem på trening men blir det kanskje etterkvart ? Velkommen til trim !
OG
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.