Partilistene til kommunevalet er nå offentleggjort, og det er 8 partier som stiller lister til haustens kommuneval. Alle parti, bortsett frå Kystpartiet, har Jøsnesbuar på sine lister.
Komplette partilister finn du på Hjelmeland kommune si heimside.
Jøsneskandidatane er som følgjer:
Arbeiderpartiet: Arthur Westersjø, født 1920 (og sikkert ein av Norges eldste kandidatar)
Framstegspartiet: Jarle Langvik, født 1970
Høgre: Unni Fossaa, født 1967
Kristeleg Folkeparti: Solveig Bog Bouzane, født 1978
Senterpartiet: Eilef Foss født 1971 og Sven Gil Westersjø født 1965
Sosialistisk Venstreparit: Silje Sværen, født 1972
Venstre: Lars Reidar Nesvik, født 1959
Dermed har me fått eit breitt utval fordelt på parti, kjønn, alder, yrkesgrupper og Jøsnes-grender.
Følg med i valkampen
12.september er det kun opp til deg kva parti du vil stemme på og eventuelt om du vil få fram Jøsneskandidatane.
Ja, for du har vel tenkt å bruke stemmeretten din !!!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.