Jøsneset helselag er invitert med, blant nokre andre lag i Hjelmeland, til å søkje om å få tildelt midlar av potten som nå skal ut til distrikta frå regjeringen si side, for å auke bulysta i distriktsnoreg.
Vi har svært kort frist på oss, og må ha noko konkret klart allereie fredag denne veka (8.april)! Vi skal ha eit møte saman med bygdarådet for å bli enige om kva vi skal søke midlar til på onsdags kveld (6.april). Dersom nokon har tankar om akkurat kva som gjer oss bulyst på Jøsneset og kva me kan søke midlar til, set vi stor pris på å få tilbakemelding. Du kan ringje Jorunn på tlf 99638803 eller sende mail til helselaget@josneset.no. Vi set pris på innspel frå bygdefolket, det er slik vi kan påverke, «lokaldemokratiet» lenge leve
Tankar så langt er oppgradering av grendahusets uteområde (som også er skule og barnehage) med fleire bord/benker, bålpanne, fikse området rundt ballbingen, nytt leikeapparat, leige inn eksterne til å halde foredrag/kurs 2 gonger i året, sandvolleyballbane..
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.