Det blei ein informativ kveld på Grendahuset 5. november då kommunen inviterte til møte om kommuneplanens samfunnsdel. Planen skal reviderast og for å gi innbyggerane i Hjelmeland moglegheit til å medvirke reiser leiinga rundt i dei ulike bygdene for å lytte til kva som er viktig for folk. Bygdarådet stilte med kaffi, te og kringle, og dei frammøtte fekk sitte rundt småbord i salen.
Kommunedirektøren fortalde først litt om status i kommunen – og litt om kva utfordringar me vil få i framtida. Både skulestruktur og omsorgsstruktur er blant områda kommunen vil sjå på for å spare pengar.
Møtedeltakarane blei etter kvart delte inn i grupper og fekk svara på spørsmål om korleis ein ser for seg at Hjelmeland kan være attraktiv å bu i i framtida, kva som er bra med å bu på Jøsneset og kva me kan gjera for å vera ein aldersvennleg kommune. Mange hadde gode innspel om kva som er viktig og kva som er utfordringar.
Forslag til ny samfunnsdel skal være klar til behandling i februar neste år. Planen skal gjelde fram til 2036.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.