Fredag 3. januar opner puben på Grendahuset klokka 19. Ein perfekt anledning til å avslutta julefeiringa og starta det nye året. Det blir JULEBINGO, god stemning og godt selskap. Garantert fritt for julemat! Velkommen unge & mindre unge i hus og hytte 🙂
Ønsker du å profilera bedrifta di og samstundes støtta nettsida vår? For kr 2000,-/år får du firmalogo eller tilsvarande under eiga «sponsor»-fane på jøsneset.no. Annonsa kan være hyperlink til nettside/FB-side. Ta kontakt med redaksjonen på epost til nettside@josneset.no
Inngangsdøra til gymsalen er øydelagt og skal skiftast ut, difor kan ein ikkje låsa seg inn med kode til gymsalen og treningsrommet. Som ei midlertidig løysing ligg det nøkkel i nøkkelboks ved hovudinngangen. Send melding til 95062607 for å få kode til nøkkelboksen!