Månad: april 2011

Fest for Rektor Rasin

Joda, det var stor ståhei når alle skogens dyr skulle lage fest for Bamsefar i lia. Det same var tilfellet når alle borna på Jøsneset skule/barnehage og Jøsenfjorden skule/barnehage skulle lage fest for «bamsen sin», nemlig Rasin Rektor.Rasin blei 60 år lørd 30. april. Men alle borna og alle lærarkollegaene til Rasin hadde ein stor …

Idrettskule for 3-7.klasse

For 4.år på rad arrangeres den populære Idrettskulen…..ei kjekk veke etter skuleslutt med kun fysisk aktiviet, leik, moro, godt lag og god mat for 3-7. klassingar i heile kommunen. Anne Hjorteland frå Skiftun er nok ein gong med i leiargruppa, og ho minner om påmelding 10.mai. Les plakaten HER. Bildet er frå ein kjekk vannleik …

Arthur Westersjø held 1.mai-appell

Det blit 1. mai-markering på Spinneriet klokka 16.00, der Arthur Westersjø frå Hjelmeland Ap held appell, og Marcela Molina frå Stavanger SV held innlegg – du kan sjå invitasjonen her

Ut på tur – i påsken

Ein tipsar har rapportert at i frå palmehelga til 2. påskedag, så var det 118 besøk på Håvehammar, og 81 besøk på Brynå! Det vil seie at folk har nytta påska til å gå mykje tur, og det er me glade for. Håvehammar og Brynå er dei mest populære turpostane på Jøsneset og går du …

Takk til revygjengen !!

Revygjengen ga publikum gode opplevingar Påskeaften i gymsalen. Dei er etterkvart blitt ein dreven gjeng med gode idèar og rare påfunn. Her er de tydeligvis blitt inspirert av både det lokale damekoret «KorLøye» og slageren «We are the world». Ein artig kombinasjon, og med stor innleving tok koristane salen med storm Her ein sekvens frå …

Hjertemarsj

Måndag 02. mai kl 13.00 til ca 14.30 vert det laga til hjertemarsj på Jøsneset for å markere hjerteveka til nasjonalforeningen for folkehelse. Vi vil møtast på skuleplassen og går ei hjertemarsj rundt nullen. Det blir premiering og gratis frukt/vatn til alle når dei kjem tilbake. Helselaget samarbeider med skule, barnehage og eldretreff om arrangementet, …

Påskestemning i Nesvik

  Frå Edvard Vigesdal i Nesvik har me fått oversendt desse koselege påskebilda. Her er det kos med eit nyfødt lam,og…..     ….og her er det grillkos i Nesvik-stranda.   Joda, i Nesvik kan de kunsten å kose seg i det nydelege påskeværet !!                     …

Revyen «KorNøye?» slo an !

To forestillingar med revyen «KorNøye?» slo an blandt publikum. Det var god stemning og trampeklapp når siste nummer ebba ut klokka ni lørdagskveld.  Over 120 stk fann vegen til gymsalen påskeafta. Og ein glad og munter revy-gjeng gleda oss nok ein gong med lokalhumor, song og rare figurar. FOTO frå revyen vil bli lagt ut her …

Jøsnesposten i rute !!

Elevane på storskulen på Jøsneset er i rute med produksjon av årets høgdepunkt: JØSNESPOSTEN. Arbeidet var godt i gong før påske, og etter den fantastiske påskeferien dei har hatt, er sikkert skrivelysten enda høgare enn før. JØSNESPOSTEN er blitt eit årvisst vårteikn på Jøsneset: nå produserast den for 28. gong!!! Rektor Rasin og lærar Tor Olav fortel …

Salg av THAI-MAT Påskeaften

Påskeaften blir det sal av deilige thairettar på skuleplassen Jøsneset frå kl 16.30 – ca 22.00.Siranees Upawong Viken er kjendt Ryfylke rundt for sine gode thairettar; og Påskeafta kan du gjere det lettvindt for deg sjølv. Kjøp deg ferdig thaimat til Påske-aften-kos!!   Siranee er eigentleg på plass i forbindelse med revy og fest/dans, men …

21.04 Ny turbok på plass på NordaHøgaste

Helselaget si turbok er igjen på plass i kassen på Norda Høgaste på Herefjellet – etter at den «gamle» blei tatt ned for eit par veker sidan: våt og ødelagd. Så nå er det berre å ta turen – så får du bli med på Helselaget sin topptur-konkurranse.   Flotte påske-forhold på Herefjellet: ikkje snø …

20.04.11 Manglar bok på Norda Høgaste

Boka på Norda Høgaste er for tida tatt ned, pga ho var kliss våt og øydelagt. Det er kjøpt inn ny, og den vil bli lagt opp, men eg har ikkje planar om tur opp der før etter påske ein gang. Dersom du har tenkt deg opp i påska, ver venleg å ta med deg …

Send oss dine påskebilder

GOD PÅSKE !!SEND OSS DINE PÅSKEBILDER !!   Påsken er ei god tid for fotografering; send oss bilder frå DIN Jøsnes-påske !! Det kan vere frå lemmingå i sauafjosen, frå fisketuren, skituren, blomstreprakten, vårsola, sein frokost, hagejobb, eggknusing (?) (koking? maling?), sofamiljøet, revyfest, basar, middagskoking,……ja, kva som helst som du måtte finne på i påsken. …

Gjensyn med Kornelius på butikken

For 10 år sidan hadde me framleis butikken på Skiftun, og TV VEST fann «over-disk»-butikken så eksotisk at dei laga eit fjernsynsinnslag om den.  Her får du eit gjensyn med både Kornelius, Tordis og Elsa bak disken og kunder på handel. Innslaget finn du ved å klikke inn på www.tvvest.no. På hovudsida blar du deg …

20.04 Bedehusbasar

Tradisjonen tru blir det påskebasar på Jøsneset Bedehus onsdag 20.april kl 19.00 Andakt ved Jarle DalaneUnge lokale musikkinnslagMatsal i kjellarenKakeutlodningVanleg utlodning Vi treng som vanleg gevinstar til basarenAlt blir teke imot med takk: VEL MØTT TIL ALLE !! Bedehusstyret

..og ferske brød til salgs!

Cesilie på MIXn Nauste på Nesvik lokkar med ferske brød og utvida opningstider i Påsken Me har fått følgjande melding frå Cesilie: Det blir opent kvar dag frå kl 10 – 21.00 f-o-m 16.april t.o.m 25.april Me har ferske brød og rundstykker kvar dag nå f.o.m april levert frå Arne Johannesen Bakeri AS. Ønsker noen …

Fersk fisk til salgs !!

SKIFTUN FISKEMOTTAK STARTAR FISKE-UTSAL PÅ MOTTAKET SKIFTUN KAI Nå kan du få kjøpa den ferskaste fisk du kan tenka deg: Skiftun Fiskemottak onsdagar kl 13.00-15.00. Fisken kjem til mottaket direkte frå yrkesfiskarane som har sitt daglege arbeid i fjordane rundt neset vårt, og dei fiskar ikkje berre makrell (som på bildet), men òg alle andre …

Framleis ledige plasser til revy/fest/dans

PÅSKEREVY !! FEST OG DANS MED GIL SILVERBIRD !! DEILIGE THAI -RETTAR !!! PÅSKEAFTÅ PÅ JØSNESET 2011 !!!! Framleis ledige plasser: ring Sven 928 62 410 eller Maria 977 55 322   PÅSKEAFTA kl 17 brakar det laus i gymsalen på Jøsneset med første forestilling av «KOR NØYE» tett etterfulgt av neste forestilling kl 20. …

12.april: KorLøye syng i Fjorden

KorLøye er eit ørlite, amatør-lokalkor med damer frå Jøsneset og Jøsenfjorden. Og koret er på «adle bauar».  Iallefall har de i vinter vore å høyre både på Bygdekvinnekveld på Spinneriet, Bygdefest på Jøsneset, og nå stiller dei altså på songkveld på Bedehuskapellet i Jøsenfjorden Tirsdag 12. april kl 19.30 kjem det til å ljoma godt …

Jøsnesbuar stiller til val

Partilistene til kommunevalet er nå offentleggjort, og det er 8 partier som stiller lister til haustens kommuneval. Alle parti, bortsett frå Kystpartiet, har Jøsnesbuar på sine lister.   Komplette partilister finn du på Hjelmeland kommune si heimside. Jøsneskandidatane er som følgjer: Arbeiderpartiet: Arthur Westersjø, født 1920 (og sikkert ein av Norges eldste kandidatar)Framstegspartiet: Jarle Langvik, …