Månad: mars 2011

Nytt Ungdomslag

Jøsneset Ungdomslag hadde årsmøte laurdag 26.mars. Igjen var det desverre dårleg frammøte – kun 2 stk utanom styret.Men årsmøtet blei avhalde, og det blir nå fleire «nye kostar» i styret. Joar Rosså, Torstein Rødde, Sigbjørn Nesvik er den mannsterke gjengen som går inn som nye i styret, i tillegg til Sven Westersjø og Maria Brandal …

26.03 Fotokurs i finværet

  Etter månader med gufsent vintervær, slo det endeleg til med glitrande vårsol lørdag 26. mars. Mange ville nok difor heller tilbringe dagen ute då, for oppmøtet på fotokurset hadde nok vore adskillig betre om været hadde vore dårleg. Men Morten Hetland i Hetland Media møtte opp, og han tiltrakk seg (trass i godværet) ein liten «eksklusiv», …

Klokkestilling og Earth Hour

    Natt til 27.mars stiller me klokka ein time fram igjen – tjohoo – klar for sommartid og lange kveldar. Har du samstundes lyst til å delta i den verdsomspennande klimakampanjen Earth Hour, så kan du enkelt gjere det ved å sløkkja alle lys i ein time frå 20.30 laurdag 26. mars. Visste du …

24.03 Skuleelevar diska opp på Eldretreffen

Elevane på Jøsneset skule hadde ein travel dag i dag: dei skulle vere kokkar, vertar og underhalderar for Eldretreffen.  Dette er etterkvart blitt eit årvisst arrangement for skulen, og tru om ikkje dette er like populært både for dei eldre og dei yngre. Ein slik dag blir ein kunnskapsrik dag; på meir enn berre ein måte. …

Aerobic-step oppstart måndag 28.03.11!!

Med Bente Tednes Gjil! Alle som vil være med å trimme er hjertelig velkommen te gymsalen på Jøsneset kl 20.00!     Pris kr 350 for 10 gonger i vår. Beløpet kan betalast kontant eller setjast inn på konto 3353.22.10653 (hugs å merke beløpet med namn og «Trim»). Elles kr 50 for drop-in. Lurt å …

Nytt Bygdaråd

Jøsneset Bygdaråd har hatt årsmøte, og du kan no finna årsmøtereferat og info om dei nye medlemane her

35 dagar igjen

  I fjor var det vafler. Kva diske de opp med i år mon ??  Revygjengen…. Blir det like fjernsynsteater-seriøst som kokken her gir uttrykk for??  Neppe !! Går han (ho?) amok med kjevlå – og ingrediensene ? Hm – kanskje meir sannsynleg Ingen veit  – her er mykje hemmeleg !! Det ryktes òg om ein hemmeleg …

Curling = GØY

  Sist søndag inviterte Jøsneset Ungdomslag jøsnesbuane til curlingbanane i Sørmarka Areana. 12 stk fekk prøve seg på 2 banar i 2 timar – og dette ga meirsmak for dette var gøy !!! I den nye ishallen i Stavanger er det topp curlingbanar med instruktørar. Her fekk me rettleiing i både teknikk og reglar, og …

Endeleg vårteikn

  (ps: bildet er heldigvis ikkje frå Jøsneset….…men mottatt i ei epost….optimistiske rådyr)

Endeleg vårteikn

  (ps: bildet er heldigvis ikkje frå Jøsneset….)

Endeleg vårteikn

  (ps: bildet er heldigvis ikkje frå Jøsneset…., men kunne nesten vore det….optimistar er de iallefall…rådyra)

Ungdomslaget: fotokurs og årsmøte

Lørd 26.mars kl 13.00 TRIVSELSTOVA Me får besøk av Morten Hetland i Hetland Media. Han gir oss tips og råd om god digital fotografering, lagring av bilde og enkel fotoredigering på PCn. Kr 50  Etter fotokurset, ca 14.30  blir det kaffe og noko attåt, og så ÅRSMØTE: SAKLISTE  ÅRSMØTE JUL : 1.    Godkjenning av innkalling …

24.3.11 Bilete frå årsmøte i helselaget

Palma Ommundsen snakka på årsmøtet og ho sa mykje fornuftig og masse til ettertanke. Gikk ein del på å gripe dagen, sjå menneska rundt oss, være et medmenneske.  Vi bur i eit av dei rikaste landa, men allikevel er mange ensomme og mange sliter psykisk.  Heldige vi som bor i små bygder, men være obs …

Utvida opningstider Mixn

Det nærmar seg vår og meir trafikk, og Cesilie på Mixn sender følgjande melding: Det blir lengre åpningstider på Mixn frå mand 07.03 : åpent kvar dag frå kl 11 til kl 19.00. Nå får òg folk kjøpt den populære Jøsenfjord Rutelag -t-skjorta hos meg kr 200 til støtte for prosjektet om å få den gamle …

«Jøsenfjord»-t-skjorter selges på Mixn

«Jøsenfjord Rutelag» t-skjorter er blitt Ryfylkes nye moteplagg .  T-skjortene blir solgt til støtte for prosjektet som skal få den goe, gamle rutebåten «MS Jøsenfjorden» (1886) heim til Ryfylke etter mange år utenlands. T-skjortene får du kjøpt på Mixn på Nesvik ! Det er Jone Laugaland som er primus motor bak T-skjorte-salget, og har vore på Nesvik og knipsa …

04.03 Fastelaven og bollesøndag

Denne helga er det fastelaven, og skulen arrangerte tradisjonen tru sitt faste fastelavensris-treff for foreldre og besteforeldre. Og der serverte de sjølvsagt deilige boller med krem og syltetøy på        Bollene gjekk ned på høykant, mmm – jammen smaka bollene som skuleelevane hadde baka godt. Og etter på blei både barn, lærarar, foreldre og besteforeldre …

Bra frammøte på bra hagekveld

Hjelmeland Hagelag valde torsdag denne veka å leggje Hagelagsmøtet sitt til Jøsneset, og det blei full klaff med 25 frammøtte både frå Jøsneset og andre bygdar.   Temaet var miljøvennleg/økologisk hagebruk, og Ingvald Erga frå Jæren hadde eit engasjert og godt innlegg. Erga er miljørådgjevar i Grønn Hverdag i Stavanger, men driv òg Erga gard på Jæren. …

Aktiv volleyballgjeng

Volleyballtreningane rullar og går jamt og trutt kvar onsdagskveld, og det er etterkvart ein fast gjeng på rundt 10-12 stk som møter opp jamnleg til aktiv og munter lagspel. Tenåringsgutane er trufaste på treningane, men òg «gamlingane» stiller jamt og trutt opp – og det er òg ei god blanding mellom kvinner og menn etterkvart.  …

Heibergheiane

Heibergheiane er eit sentralt begrep i lokal fjellhistorie. Er du glad i den ville fjellheimen «aust i heiå», og interessert i reinsdyrjakt, så er nok dette kvelden for deg:Spinneriet 23.mars kl 19.30. Les plakaten HER.