Månad: oktober 2008

30.10. Tid for røykelaks

Torsdag 30 oktober arrangerer Helselaget Damekveld på Mikal Laks på Jøsneset, og då blir det omvisning med Astrid Fossa Viga. Du kan førebu deg på besøket ved å lese meir om røykelaks-verksemda på deira eiga nettside www.kingmikal.no. Her finn du oversikt over produkta, prisane, bestillingsskjema og ikkje minst – masse spennande lakse-oppskrifter !!Dei tilbyr òg …

28.10.08 Demenskonsert i Oslo

Nasjonalforeninga arrangerer festforestilling på Chat Noir 10.11.08 kl. 19.00. Ingrid Bjørnov og Dennis Storhøi er programledere. Ellers er det mange kjente artister med. Dette er for å setje fokus på demenssaka. Det er ikkje så mange som klarer å få til å reise heilt frå Jøsneset til Oslo på konsert, men då er det greit …

Minner om volleyballtrening annakvar tirsdag

Me minner om volleyballtreninga annakvar tirsdags-kveld, gymsalen på Jøsneset skule.  Det er relativt bra frammøte; mellom anna er ungdomsskuleguttane flinke og ivrige. Men me kunne gjerne hatt fleire spelerar med, og damer er det iallefall manko på !! Så kom an folkens, og still opp på følgande tirsdagar 28.10, 11.11, 25.11 og 09.12.Tidsrom 19.30 – …

sønd 02.11 Bowlingtur til Sand

Sønd 02.11 har Ungdomslaget reservert banar i bowlinghallen på Sand, så då blir det et slags "Jøsnes-mesterskap i bowling". Aldersgruppe: frå storskulealder og oppover – kjekkt viss både barn/ungdom og vaksne har lyst å bli med !!Tidsrom: kl 17.00 – 19.00. Avreise frå Jøsneset i 16 tida. Me organiserer transport. Pris +/- kr 100,- , men …

Lyst å bli med på ein hel-aften??

Har du lyst å komme deg ut av stova ein kveld – i lag med kjekke sambygdingar?? Ungdomslaget har reservert revybilettar og middagsbord + dans på Sand til lørdagskvelden den 15. november. Høyres det fristande ut??Ta med ektefellen, kjærasten, naboen eller den du måtte ønske, og bli med !! Me har altså reservert eit visst …

20.10 Sesong for Buhagen-produkter nå

Den lokale verksemda BUHAGEN har nå salgsklare produkt: villsau og eplesaft. Og tenk på jul: legg inn bestillinga på julematprodukta nå !! Ferske villsauprodukt kan leverast frå veke 42. Pinnakjøt, fenalår og lammerull kan leverast frå slutten av november. VILLSAU:Pinnakjøt 209 kr/kgFenalår  245 kr/kgFårikålkjøt 99/kgBeinfri, surra lårsteik 220/kgHeilt lår   130/kgLammerull   299/kg Villsauskinn  675 kr/stk EPLESAFT:Flaske, …

18.10. Jøsenfjorden på nett

Me observerer nå at nabobygda vår i aust, Jøsenfjorden, nå er på nett !! Her finn de informasjon om Jøsenfjordbygda, om lag/foreningar, aktivitetar med meir. Me gratulerar Jøsenfjorden med fin side, og me har nå lagt ut lenke til nettstaden på vår undermeny LENKJER. Eller gå rett til deira bygdeside her .

Søn 19.10 – innsamlingsaksjon !

Søndag 19 oktober går årets TV-aksjon av stabelen. I år går inntekta til BLÅ KORS sitt hjelpearbeid for barn og unge som lider under dei vaksne sitt rusmisbruk. Her på Jøsneset er det Bygdarådet som står for innsamlinga.Berit S Hjorteland, Silje Sværen, Terje Bremnes og Sven Westersjø vil farte rundt med bøssene frå kl 15.00 …

22.okt FN-kafè og basar på Jøsneset skule

Jøsneset skule og Jøsneset Barnehage inviterer til kafè og basar på Jøsneset skule ONSDAG 22.OKT kl 12.30 – 14.00. Det blir opptrinn frå skuleelevane og barehagebarna. Overskotet går til to fjernadoptivbarn som dei har i Equador. Elles vil barnehagen selje ein del varer som er produsert i land i sør, og desse blir selde til …

15.10 Nye åpningstider Nauste

Cesilie på MIXn Nauste på Nesvik melder at åpningstidene nå framover er 11.00-19.00 – alle dagar.  Velkommen innomom !

13.10 Inspirert av haustens frukter

Ein god frukthaust går mot slutten på Jøsneset, og skuleborna er blitt inspirert av all frukta rundt dei.  Etter besøk i frukthagen hos Jostein Hjorteland gjekk dei sporenstreks tilbake til skulen, og laga ei flott lita utstilling av "fruktbroderier". Ta ein tur innom Jøsneset skule si heimeside og sjå ulike kunstverk laga av nål og …

13.10 Framleis usikkert om scenebygging

Scenetilbygget til Jøsneset skule er igjen ute på anbod.  Det har meldt seg interesserte til grunnarbeid og elektroarbeid, men framleis manglar det tømmermenn !!  Men det jobbast med saken, og ein håpar etterkvart å få tak i eit firma som vil påta seg jobben. Ettersom alt anna er "i boks" ville det vere synd om …

30.10.08 Damekveld på Mikal’s laks

Siste torsdag i oktober mnd er det igjen duka for damekveld. Denne gongen skal vi møtast ved Mikal's laks kl. 20.00. Sjå www.kingmikal.no  Astrid Viga vil ha omvisning for oss på fabrikken, og deretter vil vi ta kaffi-drøsen der. Sidan ho åpnar ekstra for oss om kvelden så håper vi så mange som kan møter …

29.10.08 Eldretreff på tur

Eldretreffen skal vere litt kulturelle i haust og reiser til Hjelmeland på Edvard Hoem den 29.10.08. Den byrjar kl. 19, men før det skal dei få omvisning på Axel Hansson med god fiskesuppe etterpå, laga av kokken Roy som jobbar der. Til våren er det planar om ein tur til Trodla-Tysdal.

Oversikt kulturarrangement

Det skjer litt av kvart av kulturarrangement i vårt nærmiljø, både her i Hjelmeland og i nabokommunane. Her er nokre tips til  korleis kan du skaffe deg oversikt over det som skjer !! – Følg med på plakatstativa på Nesvik ferjekai og Skiftun-krossen. Svært mykje blir slått opp der. – Følg med her på www.josneset.no …

10.10.08 Det blir ikkje tur til Julebyen

Styret i helselaget har hatt møte og samla saman kor mange som syns det høyrtes interessant ut med tur til julebyen i Eigersund. Det var berre 6 stk som hadde meldt sin interesse for dette. Det er for lite og det blir difor ikkje tur dit. Derimot kjem vi nok til å få til noko …

04.11.08 Paal-Andrè Grinderud kjem til Finnøy!

   Tysdag 04.11.08 kl. 19.00 på Betel. Dette er verdt å få med seg! Paal-André Grinderud fortalte åpent i et tv-program i 1989 om sin tøffe oppvekst, med en far som døde tidlig og en mor som var alkoholiker. Han har mottatt flere priser for sin åpenhet og innsats rundt omsorgssvikt. Tittelen på hans første …

06.10. Flott innsats av Jøsnesbu i NM

Jøsnesbuen Joar Rosså deltok i helga i NM i saueklipping i Bjerkreim – og gjorde der ein bra debut i meisterskapssamanheng. Joar kom vidare til finalen i sin klasse, Maskinklipping Junior, og fekk til slutt ein fin 6.plass!  Joar klipte 3 lam i finalerunden, og det på tida 7 min og 1 sek ! Han …

05.10.08 Resultat frå demensaksjonen

Søndag 21.9 var det innsamlingsaksjon på Jøsneset. Bøssebærarar frå helselaget var ute mykje av søndagen. Resultatet var kjempebra! Det vart i år samla inn kr. 3.770,- og beløpet gjekk i sin heilhet til årets aksjon. For meir informasjon kan de sjå her.