År: 2022

Julehelsing fra Bygdarådet

God jul til små og store Jøsneset Bygdaråd vil gjerne få ønske alle ei god og fredfull jul. 2022 har vore frivillighetens år, og me vil difor spesielt takke alle som har bidratt med smått og stort dette året. Enten det gjeld frivillige lag, ulike arrangement, dugnadar eller anna som er med på å gjere …

Nyttårsfest på Grendahuset

Etter to års corona-pause inviterer me igjen til nyttårsfest på Jøsneset Grendahus. Festen er open for alle, og me satser også denne gangen på at gjestene har med seg eit bidrag til ein flott nyttårsbuffet. I tillegg til god mat blir det leiker, litt underhaldning og godt selskap. Har du lyst til å bli med …

7 sortar i boks…..og vel så det

Det gjekk unna på julekakebake-kjøkkenet på Grendahuset mandag kveld. Det blei goro og fettbrød, berlinerkrans og tyske skiver, snøballar og vepselbol, crakle cookies og peppermyntegodt….Ja, det blei steikt og trilla, kjevla og pynta, steikt og stabla…og, joda, det blei litt sukk og stønn over deigar som oppførte seg ustyrleg og steikeresultat som ikkje blei heiiiilt …

Straumsparing

2022 har vore eit år litt utanom det vanlege når det kjem til straumprisar. Me i Bygdarådet ønsker difor å komme med ei oppfordring: Me ser at det krevjer meir straum å varme opp Trivselsstova enn det gjer å varme opp Grendahuset (ikkje gymsalen). Så oppfordringa er at dei som har anledning benytter seg av Grendahuset i …

Bake- og smakekveld

Liker du best å bake? Eller å smake ?? Mandag 12. desember kan du få gjere begge deler på Jøsneset grendahus !!Det blir først baking frå kl 18.00  til ca kl 20.000:  Opplegget blir i år som i før (ja, for det var jo tradisjon):  Ta med deg tomme kakeboksar og ein stor kakedeig av din ønska kakesort …

Bake- og smakekveld

Liker du best å bake? Eller å smake ?? Mandag 12. desember kan du få gjere begge deler på Jøsneset grendahus !!Det blir først baking frå kl 18.00  til ca kl 20.000:  Ta med deg tomme kakeboksar og ein stor kakedeig av din ønska kakesort – (gjerne òg sorter som ikkje treng steiking i ovn)  – og kom …

Minner om strikkekveld

Trivselstova – Onsdag 23. november kl 19.00 – 21.00. Alle velkomne, med eller utan strikketøy

Nytt prisdryss til Eiane Gard og Buhagen

SiderVM blei avvikla på Norsk siderfestival i Bergen denne helga:  Eiane Gard hanka med seg heim nye premiar for sine eplesider : Gull for sin BRIST og bronse for sin FYNDIG.    Buhagen hanka med seg heim 3 sølv for sin BØLGESKVULP , SOLGANGSBRIS og SLANTEN.   Me bøyer oss i støvet og GRATULERAR ! To andre lokale …

Julegrantenning 2022

Bygdarådet inviterer store og små til å vere med når årets julegran skal tennast.   

Seniortreff på Grendahuset

Påmelding innan fredag 4. november til Berit mobil 97112474 Velkommen !

Fekk du med deg feil jakke fra puben?

Jakke m bilnøkkel er sakna etter puben på Grendahuset i går – ta ein sjekk om du har fått med deg rett jakke heim!

Ny strikkekveld Trivselstova

 Minner om ny strikkekveld onsdag 26. okt kl 19.00-21.00. Trivselstova ! Alle velkomne, med eller utan strikketøy

TV-aksjon på søndag

På søndag, den 23. oktober, går årets TV-aksjon av stabelen. Pengene fra årets aksjon går til Leger uten grenser. Representantar fra Bygdarådet vil komme rundt med bøsser mellom kl 16-18. Dersom du ikkje har kontanter, går det an å bruke vipps. Me sjåast!

Kom på torsdagstrening !

Nå framover blir det fint «inne-vær» på kveldstid:  me startar opp med TORSDAGSTRENING igjen ! Kvar torsdag kveld kl 19.30 i Gymsalen/Treningsrommet på Jøsneset Grendahus.  ALLE er velkomne, og…. tenk ikkje at du ikkje kan gå fordi du er i dårleg form eller er utrent ! Dette er for ALLE, og du trenar i ditt …

Velkommen til Pubkveld

Endeleg blir det pub på grendahuset! José Altamirano står for levande musikk, det blir mat og drikke å få i baren!Påmelding m/sms til nr 95062607 seinast torsdag 27.10.Aldersgrense 18 år – Velkommen

Velkommen til hyttefrukost

Har du hytte på Jøsneset?.. eller andre stader i kommunen? Prosjektet «Hjelmeland naturlegvis» v/Hjelmeland kommune ønskjer alle fritidsbuande velkommen til nydeleg, lokal frukost laurdag 15.oktober, denne gang på solfylte Jøsneset! Du er velkommen uansett kor i kommunen du har deltids- eller fritidsbustad.  Frukost blir servert kl. 10, og programmet startar kl. 10.30.  Jøsneset Grendahus.  Påmelding til postmottak@hjelmeland.kommune.no …