Kategori: Siste nytt

Spreke studentar på Gunlanut-tur

Lørdag 1. oktober (den stille, deilige, varme solfylte haustdagen) kunne me møte desse spreke studentane ved varden på Gunlanuten. Det var litt tilfeldig dei hamna her, for dei hadde aldri vore her før, men via googling på nettet fann de tursti-kartet vårt og kunne dermed legge ut på helgetur på Jøsneset. Dei hadde bestemt seg …

Mobilinnsamlinga

I runden rundt i bygda blei det samla inn 30-40 brukte mobilar, som nå blir resirkulert hjå Telenor. Dette brakte +/- 1300 kr inn på kontoen til Hjelmeland Idrettslag, som gjorde innsamlingsjobben for Telenor. Takk for bidraga.

30.09 Endeleg sommar

Alle har vel lengta etter sommaren som ikkje heilt slo til i år. Og den historisk regnfulle og klissblaute september månad gjorde vel sitt til at me blei enda meir «værsjuke» enn godt er. Men som eit lite eventyr openberra dei siste dagane i september seg med sol, blikkstille fjord og over 20 grader varme …

Join oss i KorLøye

Er det ein ting «KorLøye» er gode på, så er det svinlange sommar-feriar. I år har me hatt sommarpause sidan før påske!  Men nå går det mot vinter, og då trekkjer songfuglane innomhus, og gudane må vite kor rustne røstene er blitt etter sommaren.Men som vanleg er denne variert samensette songglade «på-tvers-av-bygdegrense-gjengen» med svært godt …

17.10.11 Oppstart helsebading

Helsebadinga startar opp att i oppvarma basseng på Hjelmeland den 17.oktober. Kvar måndag Kl 17.30-18.30 for småbarn med føresette. 18.30-19.30 for vaksne. Det kostar litt å vere med, nærare info kjem når dette er klart.

29.09.11 Eldretreff – datoar for hausten

Eldretreffen startar opp att i Trivselståvå den 29.09.11 kl. 10. Datoar for hausten blir vidare: 13.10, 27.10, 10.11, 24.11 og 8.12. Pga middag er det påmelding til Olga Hjorteland på tlf 51751947. Vel møtt, og hugs det er plass til fleire!

29.09.11 Damekveld- besøk av NAV

NAV-leiar Svanhild Hjorteland kjem den første damekvelden i haust! Ho vil snakke om pensjon – eit viktig tema for oss damer å vite noko om! I tillegg kan ho fortelle litt om hvilke oppgåver som ligger til eit NAV-kontor. Så vel møtt torsdag 29.09.11 kl 20.00 på Trivselståvå. Helselaget

Mobiltelefon-innsamling

Bli med på eit miljøløft samtidig som du støttar Hjelmeland Idrettslag !! Fram til 3.oktober blir det innsamling av BRUKTE MOBILTELEFONAR. Hjelmeland Idrettslag organiserer innsamlinga her, og mottar kr 35,- pr innsamla mobil til lokalt idrettsarbeid. Dei «utbrukte» mobilane vil bli resirkulert, og dette skjer i regi av Telenor. Les meir om returordninga til TELENOR. …

Utflytta Jøsnesbu kåra til ÅRETS KVINDØL

Kjekkt å sjå at utflytta Jøsnesbuar gjer det godt.  Leiv Gunnar Skiftun, som er oppvaksen midt  i «tjukkaste» Skiftudalen og er bror til TorMagne,  er i haust kåra til historias første » ÅRETS KVINDØL». Dette kan me lese i avisa Agder Flekkefjord Tidende. Me gratulerar med den gjeve tittelen og alle godorda frå ordføraren om …

23.09.11 Flott resultat i årets demensaksjonen

Fredag 23.09.11 er det gjennomført ei bøsse-innsamling for Nasjonalforeningen for folkehelsen sin Demensaksjon. Resultatet var svært flott dette året, og utan å ha lett tilbake i bøkene ennå, så antar vi at det kanskje kan vere rekord? Beløpet som vart samla inn, og som uavkorta vert gitt Demenssaka, var på heile kr 4485,-. Kva går …

Tid for Buhagen-produkt

Det er full fart i produksjonen av Buhagen-produkt nå på hausten. Epler og pærer blir hausta inn, og mange av dei saftige epla går til safting i eige presseri. Villsauer og Jerseykalvar er klar for slakting, og desse blir det både gode kjøtprodukt og fine skinn av. Meir info og prisliste finn du på BUHAGEN …

23.09.11 Demensaksjonen

Husk dem som glemmer! Fra 19.-25. september arrangerer Nasjonalforeningen for folkehelsens helselag og demensforeninger den årlige Demensaksjonen. Ta vel imot bøssebærerne! På Jøsneset vil bøssebærerne gå rundt den 23.09.11. I Demensaksjonen 2011 samler Nasjonalforeningen inn midler til forskning, helseinformasjon og lokale tiltak for å bedre livet til syke og pårørende. Aksjonen arrangeres samtidig med den …

14.09. Ny miljøstasjon v/Nesvikfyret

Ryfylke Miljøverk har i dag etablert ny miljøstasjon for bygda inne ved Nesvik-fyret v/ RV13, dvs ca 4-500 m på riksvegen inn mot Jøsenfjorden.  Den gamle miljøstasjonen på Nesvik er altså nedlagd. Kjem du til den gamle miljøstasjonen på Nesvik, møter du dette skiltet: RYMI fortel at dei måtte flytte frå den gamle staden, og …

Valdag på Jøsneset

På Jøsneset er det Bedehuset som er vallokale, og på valdagen 12 september, sat røystestyret klar til å ta imot stemmesedlar frå bygdafolket. I vallokalet blei me møtt av dette blide røystestyret, som består av Elbjørg Tednes, Olga Hjorteland og Rasin Tjeltveit, som både kvar for seg og saman har lang erfaring med dette samfunnsnyttige …

Lyst på ein hane eller to?

To flotte, friske ung-hanar gis bort !!!! Blanding mellom Føniks og Gul Dvergkochin.   Hanane er to brødre som kakka seg vei ut av eggeskalla på sjølvaste Påskeafta…..ekte påskekyllingar altså.  Opp gjennom barndommen utvikla dei seg til å bli fantastisk nusselige, gule dun-nøster, som levde godt i grønne omgivelsar med fjordblikk saman med mor, far …

Jakttid hjort

Laurdag 10. september er ein merkdag for mange Jøsnesbuar. Då startar den etterlengta hjortejakta.  Også i år blir jakttida her på Jøsneset utvida til 29 november (gjeld òg Randøy), medan andre jaktvald gjeld det kun til 15.november. I fjor blei det felt 43 hjort på Jøsneset, fellingsprosent på heile 83 %. Blir spanande å sjå …

04.09.11 Debatt om tursti-premiering

Styret i helselaget har for tida ein runde igjen der vi diskuterer premieringa på turstiane. Tidlegare var det loddtrekning og heilt tilfeldig kven som vann ein liten premie på årsmøtet (klart at sjansen auka jo dersom ein gjekk fleire gonger, likt som om ein tek mange lodd på basaren). Så var det etterspurt at det …

Reidert artikkel om død sau

  «Gutten vår på 12, Jasin, skulle ned i stranda i dag, og i fjæresteinane rett nedanfor hagen møtte han eit makabert syn: I fjæresteinane låg ei stor/vaksen oppsvulma vær og flaut…..ikkje nok med det. Beina på væren var knytt fast i ein tau festa til ein stein. Og hodet var skjært bort på sauen.  …

Nye opningstider MIXn

Cesilie på MIXn melder om nye opningstider utover hausten:F.o.m mand 5.sept: mand-lørd 11.00- 19.00, Søndag 11.00 – 20.00 OBS: Det er HALV PRIS på IS heile september.

Jøsneskandidatane har ordet

Du lurer kanskje på kven frå Jøsneset som stiller på politiske lister til årets kommuneval, kva parti dei representerer og kva dei står for ??  I stadan for eit lokalt debattmøte, har Bygdarådet nå gjort ei lita skriftleg utspørring av kandidatane og nedanfor finn du svara frå den enkelte. SPØRSMÅLA VAR: 1. Nemn 3 saker/tema …