Kategori: Siste nytt

Alle eldre ut på tur

I samband med EUs europeiske «år for aktiv aldring» inviterer Frivilligsentralen og Eldrerådet alle eldre i kommunen til aktivitetstund og liten rusletur. Dette skjer i alle grender TORSDAG 10 Mai kl 10.30 – 11.30. På Jøsneset finn dette stad på Ferjekaien på Nesvik. Det blir servert frukt og grønt spandert av SPAR-butikken Hjelmeland, og organisert …

Bli med på hjertemarsj

Tysdag 8.mai er det hjerte- eller kanskje også fredsmarsj på Jøsneset. Frå ein tidlegare hjertemarsj på Jøsneset. Alle er velkomne til å vere med på årets hjertemarsj, som startar kl.17 frå Foss. Små og store, unge og eldre kan vere med og marsjere for hjerte-helsa og for fred. Arr. Nasjonalforeningen Jøsneset helselag

Bli med på ryddedag

Me samlast til tradisjonell ryddedag tysdag 15. mai klokka 17.30! Møt opp i skulegarden, så deler me oss i lag og ryddar langs vegen. Etterpå blir det pølser, saft og kaffi til alle. Bli med og gjer bygda ryddig og fin til 17. mai! Bygarådet

God plassering på Strandamila

Jøsnes-karen Jarle Tednes sprang i år inn til ein finfin 6.plass på årets Strandamil mellom Jørpeland og Tau.Etter det me får opplyst sprang han òg inn til ny personleg rekord på 40 min 11 sek !!Me gratulerar med eit bra løp, og her finn du heile RESULTATLISTA.

Nye ferjeruter

NORLED har nå korrigert dei nye rutene, så nå er de rette dei som ligg på nett HER.NORLED melder elles at papir-rutene er sendt til trykking, og er forhåpentlegvis på plass om ei vekes tid, dvs +/- 10.mai.

Feil i nye ferjeruter

NORLED fekk omsider lagt ut dei nye ferjerutene på si nettside…..men….akk….med feil. Sjølv om kommunen gjorde merksam på feilen tidleg på mandag 30.april, har likevel ikkje NORLED korrigert feilen pr 1mai. I ruta står avgangen 19.00 både frå Hjelmeland og Nesvik. Det rette er 19.00 frå Nesvik og 19.15 frå Hjelmeland. Dei nye rutene er …

Jøsnes-nutane ein månad før innrykk

  Det er ein snau månad igjen til «Jøsnesets vakraste eventyr» nemlig 3NUTSTUREN OG HARDHAUSEN som arrangeres 1.pinsedag. Lurer du på  korleis forholda på nutane er, så får du siste oppdatering her. Siste søndag i april var ein vårdag av ypperste klasse; som skapt for topptur. Her er Gunlanuten (829 m.o.h) med utsikt vestover mot Herefjell. Snøbart på toppen, men …

Årsmøte Ungdomslaget

Årsmøte i Jøsneset Ungdomslag lørd 5.mai kl 17.00Innkalling med saksliste, årsmelding og medlemsgiro er sendt ut i postkassane. Maria Brandal Vikane og Sven Gjil Westersjø står på val. Valnemda har innstilt Dag Rosså og Jon Eiane til nye i styret. Lise Tjeltveit til vara. Joar Rosså,Torstein Rødde og Sigbjørn Nesvik held fram i styret + …

Kulturtilbod vår 2012

Kulturseksjonen har laga nytt vårprogram 2012.Her til venstre ser du eit lite utdrag. Du finn masse meir spanande på programmet  HER

Nypussa Viglesdalen ventar på deg

Sist helg blei det utført eit dualeg dugnadsarbeid på Viglesdalen Turistforeningshytte – alt til glede og nytte for deg som fotturist. Hytta ligg i fantastisk natur, berre to timars gange frå parkeringsplassen på Nes i Årdal. Etter helgas dugnadsinnsats glinsar det i koppar og kar og hytta luktar frisk grønsåpe frå topp til tå. To …

Pulsklubben 6-12 år

Sjå nettsida www.pulsklubben.no for eit nytt tilbud som Nasjonalforeningen for folkehelsen har presentert. Pulsklubben er for barn mellom 6 og 12 år. Her kan du registrere den fysiske aktiviteten du gjer, av forskjellig slag t.d skigåing, sykling, hoppe tau, gå tur m.m. Aktiviteten blir rekna om til pulskilometer, og du kan deretter oppnå bronse, sølv …

Nye bussruter frå 1.mai

Ikkje berre ferjene som fornyar rutene sine: dette gjeld òg bussrutene mellom Hjelmeland og Tau. Nå kan du td ta buss frå Hjelmeland og vere i byen til kl 08 . Sjekk rutene HER.

18.04.12 Ekskursjon til Årdal

Som tidlegare nevnt her på nettsida, så er Jøsneset med på bulystprosjektet til kommunen «24/7».  Jøsneset helselag og Jøsneset bygdaråd er med i arbeidsgruppa «Møteplassar i naturen» i lag med Årdal bygdaråd og idrettslag. Det har lenge vore planlagt ekskursjonar for å besøke kvarandre. Denne onsdagen, 18.04.12, så var det Jøsneset som skulle på ekskursjon …

Nye ferjeruter !!

Kommunen har fått tilsendt nye ferjeruter frå  Statens Vegvesen, og desse skal gjelde frå 1.mai.Det er ein god del endringar, så vær OBS når du skal ut å reise etter 1.mai.Ferjerutene finn du HER

Nærmar seg HARDHAUSEN

Nå er det på tide å pusse støv av turskoa og legge deg i trening til årets styrkeprøve: HARDHAUSEN og 3-NUTSTUR. Set av  1.pinsedag, søndag 27 mai !!! Dette blir 4.gong «løpet» går, og igjen satsar me på strålande turvær, mange spreke deltakarar og god utsikt over fjordar, fjell og himmel frå dei høgaste toppane …

Ny nisje-næring i bygda

På plakat-tavla på Skiftu-krossen står denne plakaten oppslått: «Hunde pass kr 12,00. Inkluderer hundar som drar mye.Vis du vil at eg skal Gå tur med hunden din ring 51 75 18 14. VOF !!!!!!!!» Kva prisen blir etter vårens tariffoppgjer er sanneleg ikkje godt å seie

Savner du ein ryggsekk?

Ein av påsketuristane må ha hatt det travelt med å kome seg ned frå heia, for ryggsekken blei varande igjen i Fossmarka. Ryggsekken, som er stor, god og grøn, hang i kveld ved turposten på Fosstemmen (nokon kan ha funne den ein annan plass og hengt den der). Kan den vere din? Rett eigar kjenner …

Gullrusj i Skiftudalen

Sagnet seier at det ligg ei gryte med gull i enden av regnbuen. I såfall er skiftubøndene rike, for idag var endane på regnbuen å finne på begge sider av Skiftudalen

Send oss påskebilder

Send oss dine påskebilder; anten det er frå terassestolen, basaren, snøfjellet, fiskefangsten, bjørkeskogen, påskeliljer, nyfødte lam, eller kva det måtte vere. ungdomslaget@josneset.no. 13.04.12: desverre så mottok me ikkje eitt einaste påskebilde

Turtips i nærmiløet

Påsken og våren er turtid. Treng du tips om kor turen skal gå?Prøv Turistforeningens nye tur-«app» UT. Mobilen din tar då utgangspunkt i der du er; og du får turforslag i nærleiken: td. til «Majesteten på Jøsneset» Gunlanuten, eller Bandåsen på Ombo, Skomakarnibbå osv. Vil du ha enda meir lokale turforslag, finn du det her …