Kategori: Siste nytt

Balletid

Plutselig kom sommaren over oss…og vips plutselig var graset slått og ballane i «boks» eller rettare sagt i ball….her frå Nesvik.    Ballinga er jo eit kjærkome sommartegn !! Det er sommar, folkens !! Og tida er inne for dei lange lyse kveldane, og dei flotte «himlane»…her over Knutsvik lørdagkveld ….og her over Ombofjorden frå Herefjell …

Fellestur til Ramsfjell

Fritidsklubben i Jøsenfjorden inviterar til fellestur til Ramsfjell sønd 3 juni. Oppmøte kl 11 nede ved Fylkesvegen (like utanfor Sildafjordtunellen). Ramsfjell er altså 3 fråflytta fjellgardar høgt ovanfor Jøsenfjorden.  Det er bratt og spanande sti opp, og ein skikkeleg artig tur med flott utsikt frå gardane.Fotoet ovanfor er frå den innerste garden

Fleire bilder frå Harhausen

Sigurd Opedal frå Stavanger er ivrig heiatravar på Jøsneset, og deltok òg i år på 3-nutstur/Hardhaus, saman med familien sin. Her er det yngstesønn Rick Andrè Opedal og kompisen Aleksander Buer Mikalsen på ein kort stopp på Røssenibben   I følgje far Sigurd hadde guttane tatt mål av seg til å slå den uoffisielle rekorden …

Skatt i vegkanten

Amber Bog Bouzane fant ein liten skatt i dag, i vegkanten på veg heim frå skulen. Eit reir med fire egg i. Dei fire egga var blå med svarte prikkar: trosteegg.  I lengre tid har ho og familien sett trostemor og trostefar som har flydd att og fram i området. Og i dag fann ho …

Årets «Hardhaus»

Martin Augestad (snart 17) er altså HARDHAUSEN 2012. Denne gjeve tittelen fortel oss at Martin toppa alle dei fire høgaste toppane på Jøsneset 1.pinsedag 2012; Gunlanuten, Røssenibben, Valafjellet og NordaHøgaste.  Kniven til Daniel har dermed havna i Sandnes dette året. Martin gjekk turen på 6 t 6 min, og kom nærast den hemmelege idealtida som …

Drømmedag frå topp til topp

Hardhausen og 3-nutsturen blei avvikla 1.pinsedag, denne gongen med tidenes flottaste sommarvær !! 64 lettkledde, spreke, blide og turglade personar gjennomførte ei eventyrleg toppvandring – og tenk det blei årets yngste deltakar som gjekk av med seierskniven for 3-nutsturen: Elise Sværen Oaland (3.klasse). Foto: Ingeborg Westersjø Elise Sværen Oaland er ein orntlig spreking. Alt som …

Vinnar av hjerte-quiz

Leiar av Nasjonalforeningen Jøsneset helselag, Svanhild Elise Hjorteland, melder at vinnaren av quiz’en 8.mai er klar: 1. Berit S. Hjorteland med 19. rette 2. Sven Westersjø med family med 18. rette 3. Eilef, Anniken og Ronja Foss 16. rette

Jippi-nye benkar på plass:)

  Første synlege resultat av bulystprosjektet er på plass på Jøsneset (Klikk på bileta for å få dei større) Dette er den flotte nye benken ved Fosstemmen. Denne kan du prøve om du skal på 3-nutstur/ Hardhausen 1.pinsedag     Som de kanskje har lese om før her på nettsida til Jøsneset, så er vi …

Kveldstur til Saupstøl

Kva med ein ørliten oppvarming før Hardhausen? Hjelmeland Turlag inviterer deg med på kveldstur til Saupstøl og Jørmelandsvatnet. Sjå plakaten HER.

FinnFramDagen

Fleire utfordringar 2.pinsedag, dagen etter Hardhausen. Vil du har ein litt rolegare, men likevel aktiv utedag? Då er FinnFramDagen på Bjødnabu på Hjelmeland midt i blinken for deg. Masse aktivitetar for barn og vaksne + sal av grillmat mm.  Sjå plakaten HER.

Spring Ølmedalen rundt

Våre naboar nord i Imsland har sendt oss invitasjon til ei ny utfordring dagen etter Hardhausen. Då går det populære Ølmedalen rundt av stabelen i Imsland.  Du treng ikkje vere topptrent som Petter Northug for å delta her; det er òg barne-og trimklassar. Løpet trekk hundrevis av folk kvar år, så dette er gøy ! …

Våt, men koseleg 17mai

Paraplyane måtte fram òg i solbygda Jøsneset 17.mai 2012. Likevel blei det ei riktig koseleg og tradisjonell feiring, med tog t/r Austad, ordførartale, leiker og konkurransar, masse gode KAKER, is, brus, lapskaus og pølser og ikkje minst…..godt pratelag !! Her glir toget forbi Austad leda an av Torstein som flaggbærar, komiteen…og hakk i hel følgjer …

Stor dag i nabobygda Erfjord

Me gratulerar med nyopna veg Kilane-Osberg !!! Når me så får bru over Sandsfjorden om eit par år blir det nesten «strake vegen» for oss til Haugesund

JØSNESPOSTEN ER HER!

Den årlege, populære JØSNESPOSTEN er nå ferdigtrykka og i salg. Bygdeavisa er laga av storskuleelevane !! Her finn du smånytt (og stornytt), intervju med bygdefolk, vitsar, foto, elevoversiktar, krim og og artiklar om ting som har skjedd i det siste. Storskul- elevane frå Jøsenfjorden har òg vore med å laga avisa, og difor får du …

27.mai Hardhausen

Hardhausen og 3-nutstur 1.pinsedag 27.mai. YR.no melder om 19 grader og SOL – det kan bli ein flott dag mellom fjord og fjell !!Klikk på plakaten så får du den i større format. Her er løypekartet : Dette er ein tøff topptur så det er ein fordel å vere i nokonlunde god form: set av …

JØSNESPOSTEN snart i salg

Rektor Rasin kan fortelje at arbeidet med den hyper-populære JØSNESPOSTEN er i rute. Storskulen har stått på dei siste vekene med artiklar, fotografering og intervjurundar. Nå er det trykking og distribuering som gjenstår. Skuleavisar kjem ut før 17.mai !!!  Elevar vil gå rundt i bygda å selje. Elles blir den å kjøpe på MIXn på …

17.MAI 2012

17.MAI PROGRAM JØSNESET Startar alt kvelden før 16.mai kl 18.00 på gamle skytebanen bak bedehuset : SKARPSKYTING 17. MAI kl 11.00 Toget startar frå Brannstasjonen og går til Austad og tilbake til skulenca 11.40 Tale for dagen v/ ordførar Trine Danielsenca 12.00 Sal av lapskaus, pølser, is, brusca 12.30 Fellesaktivitetar og konkurransar på skuleplassenca kl …

Jøsneset på Facebook

Nå finn du òg Jøsneset på Facebook sjå ute på venstremenyen og oppe i hovudlinja, og klikk deg inn på den opne Jøsnes-sida på Facebook. Sida er oppretta for alle som er glade i Jøsnes-bygda og er interessert i det som skjer her. Difor håpar me at det som blir lagt ut der blir Jøsnes-relatert. …

Jøsneset på Facebook

Jøsneset på Facebook

Inspirasjonstur i Bulyst-prosjektet

Vi besøkte Seljord og der møtte vi Seljords-ormen over alt Fra Jøsneset reiste Jorunn Foss fra arbeidsgruppa i bulystprosjektet «Hjelmeland 24-7» og Svanhild Hjorteland, ny leiar i Jøsneset helselag. Tilsaman reiste 11 stk frå forskjellige frivillige lag og kommunen. I Seljord fant vi bli-lyst og MASSE inspirasjon.     På veien opp fredag, stoppa vi …