Gå hit for å finna info!
Mandag 5. juli hadde folk i hytter og hus, frå alle krikar og krokar i bygda, gått krokrygga over plen, grøfter og vegar for å samla inn brune, slimete kryp Om lag tjue personar frå Knutsvik, Nesvik, Skiftun, Foss, Ingesdal, Fosså og Austad hadde samla hundrevis av dei ufyselege storspisarane i bøtter og spann. Dei …
De hugsar kanskje historia om Amber Bog Bouzane og mor som fant trostereir i vegkanten tidlegare i vår. Amber har fulgt med på reiret heile forsommaren. Og her ser me at tre av dei fire blå egga har klekt ut. Amber sjekka reiret på veg til og frå skulen. Og her er dei tre …
Vinnaren av fotokonkurransen «Min Jøsnessommar 2012» – er kåra: det blei LENE HJORTELAND med dette flotte stemningsbildet av Ombofjorden og Bandåsen hylla inn i fantastiske kveldsskyer. Juryen, som er styret i Ungdomslaget, grunngir seieren med at dette er eit stemningsfullt bilde med flotte fargespel. Premien er ein 30×40 forstørring av bildet i lerret !! Me …
Det nærmar seg den store volleyballturneringa. OJ Event har sendt ny pressemelding. Gjer deg klar for påmelding – dette gjeld ikkje minst spreke hyttefolk og andre feriegjester!! Dette blir MINST like gøy som førLes plakaten HER
Er du lei av feite snegler som slimar seg over plenen, knaskar i seg salaten og blir fleire, større og eklare for kvar dag? Då har du sjansen til å gjera ein innsats for å bli kvitt styggedomen! Slik gjer du: 1. Samle så menge LEVANDE snegler du kan i ei bøtte 2. Møt …
Ta fotoapparatet fatt og «skyt» laus – kanskje nettopp ditt bilde blir kåra til ÅRETS SOMMARFOTO FRÅ JØSNESET !!! Me håpar jo på skyfri himmel, luftige svev og herlige badetemperaturar – slik som på dette bildet som vant vår fotokonkurransen for nokre år sidan. Men regnværsdagar og mørke skyer kan òg gi fine motiv. Ta …
I eit strålande flott sommarvær tok eldreklubben på Jøsneset den 27 juni ein dagstur til Suldal, der dei besøkte to spanande plasser på kva si side av Suldalsvatnet: Lali og Sukka gard. LALI er ein flott liten stad som ligg på nordsida av Suldalsvatnet. Her tok Karl Lali imot; han er er ein pensjonert rektor …
I vinter fekk me ein veldig fin miljøstasjon v/ RV13 på Nesvik. Det er til alle si glede og interesse at denne blir halden velhaldt, fin og ryddig. Det skal IKKJE setjast ting utanfor containarane! Her er bilder som RYMI har sendt oss av malingsspann og bilbatterier – som står utanfor containarane. RYMI minner oss …
Neste helg er det Hjelmelandsmeisterskap i fotball, les meir hjå HJELMELAND IDRETTSLAG. Her oppmodast bygdene i kommunen til å stille lag .Det ryktes at karane på Jøsneset er i ferd med å mobilisere eit herrelag, og til det treng de 11 mann!! Men kva med kvinnene?? Der trengs det berre 7.Me håpar her at «ung-kvigene» …
Værmeldingane trua med både vind, regn og tordenvær, men folk stilde likevel «mannsterkt» opp – og faktisk var me nok heldigare enn dei fleste: for det blei både opphaldsvær, grei temperatur og verken lyn eller torden. Det var veldig bra frammøte, masse barn, vaksne og eldre – og ekstra kjekt at det var så mange …
Tradisjonen tru inviterte Jøsneset Skule – saman med kulturskulen – inn til sommaravslutning i gymsalen på Jøsneset. Elevar i kulturskulen framførte mykje flott musikk både på piano, fiolin, gitar, song, fløyte og ikkje minst slagverk. Igjen får me stadfesta at talenta gror på Jøsneset: mange flinke musikalske elevar som ser ut til å stortrivast på …
Som de sikkert har sett, så har vi fått flotte nye benker på turmåla våre. Desse er eit resultat av bulystprosjektet så langt (søk på nettstaden dersom du vil lese meir om bulystprosjektet). Dette har me lyst til å markere, det fins alltid ein grunn til å feire må vite Derfor inviterer vi alle som …
Elevane på Rygjabø VS har mediatekke, for nå er de jammen på lufta igjen! Sist veke var dei på fasjonabelt møte med Kofi Annan. Denne veka presenterer dei ein verdenssensasjon !! Gjennom eit elevprosjekt har dei klart å befrukte ei breiflabb-ho ; noko som er forsknings-og næringsmessig VELDIG spanande. Og Jøsnesgutane Jonas og Sondre er …
Det blir som vanleg St. Hans- feiring laurdag 23. juni klokka 18.30 i Skiftustranda. Det blir bål, grilling, leiker for store og små og bading for dei tøffaste. Ta med grillmat, campingstol og godt vêr – eventuelt varme klede!
Jøsnesguten Sondre Fosså (17) var ein av svært få sikkerheitsklarerte personar som fekk møte og prate med Kofi Annan når han var innom Stavanger på Aqua Vision-konferansen i dag, 12 juni. «Det var ein grei kar» i følge Sondre. Sondre blei intervjua av NRK om treffet. Klikk på bildet så får du høyre Sondre fortelje …
Sist søndag var det sekundstrid for Jøsnesbu i sykkelrittet, og då enda det med knepen 2.plass. Denne søndagen var det nok ein Jøsnesbu som var i sekundstrid, og denne gongen enda det med seier. Jasin Hjorteland Gbada, 13 år sprang inn til seier i juniorklassen (12-17) i Viglesdal-løpet med tida 1.27.10 – berre eit sekund …
Tirsdag 5 juni blei nettsida angripen av hackerar eit par gonger, og difor blei me «sett ut av spel». Nettsida framstod i mindre periodar desverre som noko heilt anna enn den gode gamle sida vår. Og difor har me ikkje kunne legge ut stoff dei siste par dagane. Det var 150-200 andre nettstader i Norge …
2 knepne, minimale, bittesmå sekund bak vinnaren i Marine Harvest Rittet trødde Ingeborg Westersjø, JØSNESET SYKKELKLUBB, inn til ein flott 2.plass i Marine Harvest Rittet på Hjelmeland i dag søndag. Dette står å lese i STRANDBUEN. Gratla. Ryktet fortel elles at det var eit par Jøsnes-karar òg med i rittet (?), men dei står det ingenting …
Plutselig kom sommaren over oss…og vips plutselig var graset slått og ballane i «boks» eller rettare sagt i ball….her frå Nesvik. Ballinga er jo eit kjærkome sommartegn !! Det er sommar, folkens !! Og tida er inne for dei lange lyse kveldane, og dei flotte «himlane»…her over Knutsvik lørdagkveld ….og her over Ombofjorden frå Herefjell …