Eldretreffen har oppstart torsdag 20.09.12, kontaktperson Olga Hjorteland tlf 51751947 for påmelding. Middagsservering. Anna kvar torsdag vidare. Alle er velkomne! Nasjonalforeningen Jøsneset helselag
Nasjonalforeningen Jøsneset helselag meldar at barnetrimmen vil starte opp etter haustferien. Nærare skriv om datoar og ansvarlege, vil komme etterkvart som det nærmar seg.
DAMEKVELD «PREMIERE» HAUSTEN 2012 Få med deg første damekveld som blir siste torsdag i september, den 27.09.12 kl. 20.00 i Trivselståvå. Det blir quiz denne kvelden så her kan ein få setja hjernecellene i sving i tillegg til å få seg ein kopp kaffi og drøsa litt Alle er velkomne! Neste …
Nasjonalforeningen Jøsneset helselag skal samle inn pengar til demensaksjonen torsdag 20.09.12. Ta vel i mot dei når dei kjem på døra, hugs det er ein viktig sak det gjeld! Du kan lese meir om demens her. Blant anna kva demens er og 10 tidlige tegn på demens.
Regnet har hølja ned over oss denne andre veka i september. Bygene har vore tunge, bygene stått i kø og langtidvarselet fortel om regn, regn, regn. Men INNIMELLOM sprekker skydekket opp, iallefall i små øyeblikk, og me kan få ettermiddagshimlar som denne. Det gjeld om å nyte dei små glimta av godvær Grønt og …
Leif Trevland måtte til med tau og stropper for å feste det det fullstappa lasset med sekker og øskjer som blei gitt til innsamlingsaksjonen til Romania.Det var mange som var innom brannstasjonen med klær, leiker og utstyr – og eitt døgn seinare vil varme jakkar og gode bukser frå Ryfylke vere på veg til barneheimane …
Jøsneset Framhaldskule frå 1952 hadde nå i august 2012 gjenforeningstreff på Krambulemmen. Det blir meldt om stor gjensynsglede – og mange gode historier frå den felles skuletida blei delt denne dagen og det var god stemning og mykje song. Les meir om denne feiande flotte gjengen, og sjå om du kjenner dei igjen frå 1952 …
Me vidareformidlar gledeleg melding frå Frukt-og Laks-«generalen» Kolbjørn Pedersen: «Det blir gratis båtskyss over fjorden i år også, rett etter dansen på lørdagskvelden den 8.september – klokken 0100 natt til søndag I år blir det først standup-show med Tommy Steine, Hans Morten Hansen og Andre Jerman og etterpå blir det dansegalla med PK og …
les meir på Hjelmeland Turlag sin PLAKAT Vil du vite meir om det unike Ritlandskrateret før du går, finn du info på RITLANDSKRATERET.NO
Vi har fått inn eit spanande tips frå «hobby-slektsgranskar» Haldis K. Nilsen om at «Noregs ukjente astronaut» Sally Ride som døde i sommar har slekt på Jøsneset !! Ho var amerika´s første kvinnelige astronaut som vart sendt i rommet. Så nå kan ei rekke Jøsnesfolk rette ryggen og smykke seg med å ha ei berømt …
Kolumbus opprettar skulerute frå Nesvik kvar måndag kl 06.35. Les meir HER
Husk Romania-innsamlinga – fredag 7.sept mellom kl 17.00 og 18.00 Jøsneset Brannstasjon Like trufast som trekkfuglane trekk sørover om hausten, skal Inger Apelands trailer òg trekke sørover – full av klær og utstyr til ROMANIA. Nå er det tid for oss å rydde i skuffer og skap!!! I Romania treng dei det du har til …
Sommaren er såkalt agurk-tid, og det står «litt stille» òg her på vår nettside. Og det er slettes ikkje lett for oss få, frivillige i redaksjonen å følgje med på kva som skjer på Jøsneset….eller OM det skjer noko i det heile tatt. Difor, kjære lesar: TIPS OSS. Send oss di sommarhistorie, eit lite foto …
Veit du namnet på denne tjødnå? I likhet med Runda Tjødnå (sjå artikkel lengre nede) ligg òg denne vesle tjødnå på Herefjellet; like aust for NordaHøgaste. Tjødna ligg ikkje så langt frå kanten ned mot Erfjorden; dette bildet er tatt i retning Erfjord. Tjødnå er såpass liten at den ikkje er namnsett på …
Hjelmeland Turlag inviterar til Kanotur på Breilandsvatnet søndag 19.august.Kjempefin familietur. Les plakaten HER.
Denne sommaren gjeld det om å nytte dei glimta av godvær me får, og heldigvis har me fantastisk turterreng like utanfor stovedøra, så du kan raskt kome deg til fjells. Helgas turtips er RundaTjødnå på HEREFJELLET. Der er dei gule nøkkerosene akkurat nå i ferd med å blomstre, og her er ein fantastisk utsikt !! …
Eldfinn hadde tenkt seg til feiringa av bulyst-benkene på Håvehammar den 25.7.12, men han nådde ikkje å koma dessverre. Han hadde tenkt å gje oss ei gåve frå kommunen i høve denne «milepælen» i bulyst-arbeidet på Jøsneset. Denne har han no overrekt etterpå: Ei flott Fiskars ryddesaks! Den blir god å ha når vi skal …
Årets «Skiftudal Open» blei avvikla i ganske så fint sommarvær, og òg i år gjekk den store pokalen til feriehuset på Skiftukaien til laget «Ivar og di» : Ivar frå Hinna til venste. «Og di» viste seg òg å vere drevne volleyballspelarar begge to: Jonas og Vilde frå Oslo. Me gratulerar dette unge laget som …
Det er påmeldt 8 lag til årets volleyballturnering. Heile kampoppsettet finn du HER.Arrangementet opnar kl 12. Kampstart 12.15, og foregår både i ballbingen og inne i gymsalen.Det er OPEN KAFÈ i Trivselstova heile dagen, med sal av kaffe, brus og kaker.Ta turen oppom og hei fram ditt favorittlag !!!
Vel 25 stk møtte fram for å feire at vi har fått nye benker på turpostane våre. Vi feirte med brask og bram, helselaget spanderte flott marsipankake på oss og kaffi og saft var der og, arbeidsgruppa fekk informert litt om historikk og status på bulystprosjektet så langt. Det såg lenge spanande ut med været, …