Kategori: Siste nytt

6 dagar igjen til Påskefest

  ….ryktet om Påskerevyen sprer seg stadig

Melding frå årsmøte helselaget

Leiar Svanhild Elise Hjorteland. Vi hadde besøk av Åsmund Sigmundstad som presenterte bulyst-prosjektet «Hjelmeland 24-7» Glemte visst å ta bilde av han ble så opptatt av å følge med på bildene han viste fram, blant anna frå arbeidsgruppa på Jøsneset sitt arbeid     Tradisjonen tru var det basar på årsmøtet. Dette var ein flott …

Første lam på Jøsneset?

Det er kome lam på Åsland! Anniken, Ronja og far Eilef Foss lurer på om det er dei første lamma i vår på Jøsneset? Lamma vart fødde 21.03.13, og det er kome 5 lam til no.

Me minner om BEDEHUSBASAR i kveld

Tradisjonen tru blir det BEDEHUSBASAR på Jøsneset bedehus onsdag 27. mars kl 19.00. Andakt ved prost Sigrid Sigmundstad.Matsal i kjellaren. Kakeutlodning og vanleg utlodning.Komiteen tek imot gåver til basaren med takk.Vel møtt til alle frå Bedehusstyret.

Takk for bidrag til Fasteaksjonen

Denne veka gjekk dei 6 konfirmantane i bygda rundt frå hus til hus med bøsser: innsamling til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon. Det var Helga Havnerås som kooridinerte innsamlinga og som frakta bøssene vidare. Ho fortel at dei samla inn kr 5 666,- her på Jøsneset. Og konfirmantane fortel at dei blei tatt godt imot hjå folk. …

RiksvegRiddarane trør til igjen

 Alle huskar vel den festlege «landplaga» frå Suldal Billag for eit par år sidan: «Me kjører buss». Nå er dei her igjen!! Heile gjengen trør til igjen med slagaren «RiksvegRiddarane» Trykk på fotoet, eller HER, og høyr den flotte musikkvideoen frå Suldal Billag….og ser du nøye etter, så ser du ein og annan lokal skulebuss-sjåfør …

Påsken på MIXn Nauste

Cesilie på MIXn Nauste melder at dei har opent kvar dag i påsken frå kl 10.00 – 21.00 f.o.m palmefredag 22.mars t.o.m 2.påskedag 1.april …..så løp og kjøp

Påmelding til Påskefest

 Lise Tjeltveit  97531845 og Jon Brandal 47324805 tar nå imot påmeldingar til årets påskefest m/lokalrevy som finn stad i gymsalen Jøsneset på Påskeafta ! Meir info kjem når alle detaljar er på plass….finpussen blir gjort i helga.

Ope politisk møte – Jøsneset.

Hjelmeland KrF si kommunestyregruppe skal ha ope gruppemøte her på Jøsneset mandag 8.april kl 18.30 i Trivselstova. Gruppemøtet er ope for ALLE, uansett kva du stemmer eller kva parti du høyrer til i. Då kan du kome å seie kva du meiner om det som skjer i kommunen nå; med td endringar i skulestruktur og …

Støtt Kirkens Nødhjelps fasteaksjon

Tirsdag 19. mars mellom kl 16.15 og 19.00 får du besøk av ein av årets konfirmantar. Dei har sagt seg villige til å gå rundt i bygda med bøssene til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon «Sammen forAndre». Ta godt imot bøssebærarane. Info om fasteaksjonen finn du HER

Framtida til Jøsneset skule?

Som kjendt er Hjelmeland kommune midt inne i eit stort omstillingsprosjekt, og det er vedteke at det skal gjerast store innsparingar i drift; melllom anna i oppvekstsektoren. Dette betyr at skulestruturen slik den er idag, med svært stor sannsynlegheit blir endra.  Det er skissert 9 ulike alternativ, som nå skal utgreiast nærare. Dei 9 alternativa finn du …

Spelemann til Påskefesten!

Denne musikaren er desverre fullbooka heile påsken…….MEN folkensdette går likevel mot ein lykkeleg slutt for Påskeaftens-svingomen…..for me har ei gledeleg nyheit!   Les meir nedanfor: Fordi : THE ONE AND ONLY JOSÈ ALTAMIRANO kan spele likevel. Josè har snudd og vendt, og rydda og sopt i speleplanen sin …..som jo faktisk VAR fullbooka for lenge sidan….og …

PRESSEMELDING SKIFTUDAL OPEN 2013

Me har mottatt denne PRESSEMELDINGA FRÅ SKIFTUDAL OPEN.

Kun 3 veker igjen !

…….rykter ser ut til å ha nådd Stavanger by….send oss bilde om du skulle kome over «ryktet» andre stader òg !

Isen bryt – det vårast

Denne vinteren har det vore usedvanleg mykje is i fjorden; og ein populær aktivitet for nokre veker sidan var å gå på skeiser frå Hauga til Førrebotn på den tjukke isen inn fjorden. Det er fleire tiår sidan det har vore mogleg. Men nå slepp isen….og det vårast. Slik såg det ut i Nesvik båthamn …

Komlekos

Me trur de gleda seg like mykje; både komlekokkane og komlegjestene. For den årlege felles middagen mellom skuleelevane (som lagar middagen) og eldretreffen (som er inviterte gjester) er eit svært populært og koseleg treffpunkt.Ein gong i året består nemlig mat-og helse-oppgåva til storskuleelevane å lage og servere middag til eldretreffen. Og i år var det …

Spanande trofèfiske i fjorden

Ei fotohelsing frå sportsfiskar Øystein Davidsen frå Egersund, som sist fredag var inne i Jøsenfjorden og heldt foredrag om store, sjeldne trofèfiskar.  Bildet er av hans sønn(13) første gong dei var på fisketur i Jøsenfjorden. Om de drog i land ein sværing denne gongen vites ikkje. Men Davidsen er ein svært erfaren og entusiastisk sportsfiskar …

Årsmøte i Ungdomslaget

Jøsneset Ungdomslag kallar inn til Årsmøte laurdag 23.mars kl 17.00 i Trivselstova. Innkallinga og årsmeldinga finn du HER

www.josneset i ny design

www.josneset framstår nå i litt ny drakt – ein lys og lett vårdrakt, kan me kanskje kalle det. Me har nå fått ein såkalla responsiv design ! Dette betyr at sida vår nå er meir tilpassa smarttelefonar, nettbrett oa.  Denne tilpassinga er viktig fordi stadig aukande besøkstal til nettstader kjem frå slike innretningar – og …

Kongens fortjenestemedalje til Skiftun

Rundt nyttårstider blei den utflytta Jøsnesbuen og soknepresten i Kvinesdal Leif Gunnar Skiftun heidra av sjølvaste HM Kong Harald – for då fekk han utdelt Kongens fortjenestemedalje i sølv av ordføraren i Kvinesdal. Ein glad og takksam Skiftun, som òg blei kåra som årets kvindøl i 2011, var heilt uvitande om denne høgthengjande heideren då …