Kategori: Siste nytt

Nytt styre Jøsneset Ungdomslag

Palmelaurdag 23.mars hadde Jøsneset Ungdomslag årsmøte i Trivselstova. Sjå referat HER. Det blei ein del utskifting i styret: Det nye styret er nå: Jon Brandal og Dag Rosså (attvald), Lene Kaldheim, Sondre Fosså og Frode Tjeltveit (nye). Styret konstituerer seg og vel leiar på første styremøte. Vara: Ian Bouzane og Joar Rosså. Når det gjeld …

Sjekk TV2 Nyhetskanalen i dag

Gjekk du glipp av Lørdagsmagasinet i TV2 i går, med innslag frå SKIFTUN ?Du har fleire sjansar i dag: går i reprise på TV2 Nyhetskanalen kl 13.35, kl 17.30 og kl 21.40

Skiftun på TV2 «Magisk og enestående»

«Magisk og enestående sted»…..det var den franske superkokkens svar til TV2 då han fortalde at det franske kokkekamp-programmet TopChef for første gong filma utanfor Frankrike, og valget falt på Norge og på Skiftun !! Lørdag 6 april hadde TV2 innslag i Lørdagmagasinet om den topphemmelege filminga som pågjekk på Skiftun kai i november 2012. På TV2 sitt innslag fekk me …

Følg med på TV2 i kveld

Viser til tidlegare artikkel om Fransk Tv M6 som laga TopChef program på Skiftun kai. Då dei var her å filma i november, var òg TV2 på staden for å lage eit innslag om TopChef-programmet. Dette skal visstnok bli vist i kveld på TV2 kl 18.50 Lørdagsmagasinet.

Godt besøk på turpostane

Me har fått melding om at turpostane i låglandet har hatt godt besøk i Påsken: Dette er ca-tal: 110 på Håvehammar, 85 på Nesdalsfjellet og 70 på Bryna. Påskeværet var jo som skapt for turgåing i låglandet, for i høgheia låg snøen hard og isete. Send oss gjerne fleire tur-rapportar og ev tur-foto

Hittegods frå påskefesten

Nokon gløymde igjen ei svart, lita veske etter påskefesten. Det er ingen lommebok eller anna i den som kan identifiser eigaren. Dersom nokon saknar veska, kan de ta kontakt med Lise Tjeltveit, 97531845

Filmrolle i Haugesund

 Alle la merke til at det var ein del ukjende folk på påskerevyen, men det ingen visste var at det var filmfolk frå Haugesund på plass. Dei likte så godt Frode Tjeltveit si tolking av Odin Stavneland i Vamp at han blei hanka inn til audition i Haugesund, der de skal  lage film om Vamp! Det var …

Vellykka påskerevy og fest

Så var dei tilbake igjen, den lokale revygjengen Lise Tjeltveit, Lene Hjorteland, Maria Brandal og Sven Westersjø – og med seg i år år hadde dei to nye (hemmeleghaldne) lokale stjerneskot: Solveig Bog Bouzane og Frode Tjeltveit. Saman snekra dei sju  til påskerevyen «Fugladansen» – med ablegøyer på scenen og på videofilm – og trakk …

KorNøye drog to fulle hus !

Fekk du ikkje med deg det verdensberømte (?) koret KorNøye og deira «Fugladans» på Påskeaften?? Følg med her på Jøsnes-siå……etterkvart skal òg du få eit ørlite glimt inn i deira showbuiss-verden!

Vårteikn i bygda

Solveig Bog Bouzane bada på 1.april – og det er INGEN APRILSNARR !! Men tvert i mot eit vårteikn, må me vel seie…brrrr…i Nesvik har de visst gått bananas med den badinga Sprekt i kulden !   I Austad begynnar dei blå scillaene å dukke opp or den harde jorda. Foto Eldbjørg Tednes   Også …

Jubilant på Krogane

Vår kjære moster Karina fyller 85 år i dag 30.mars. Hilsen små og store i Krogane. Det kom inn ei helsing til «redaksjonen» frå Margaret Buene i Krogane, til si moster, som var inne på www.jøsneset.no for første gong i går Dei syns det hadde vore stas om ho fekk sjå ei helsing til seg …

Påskesol ned i vest

  Påsken 2013 må vel gå inn i historia som tidenes beste – iallefall har sola fått regjert på himmelen heilt aleine – utan ei sky – heile påskeveka til endes ! (og fullmånen har regjert aleine på nattehimmelen) . Her går sola ned i Nedstrandsfjorden; tatt frå ein terrasse i hyttefeltet i Knutsvik….dette er …

Fransk TV på Skiftun kai

Då det franske TV-teamet M6 og det populære franske kokkeprogrammet TOP CHEF med 4 mill sjåarar for første gong i historia bevega seg ut av fransk jord, var det SKIFTUN KAI valget falt på !!! Her blei episode nr 9 i denne gigantiske kokkekampen filma torsdag 8 november 2012, og det 3 timar lange programmet blir sendt på fransk …

Fullsett Basarkveld

Ingen påske utan BEDEHUSBASAREN, og slik vart det òg i år. Styret i Bedehuset skipar til god, gammeldags basar der inntekta går til naudsynt vedlikehald av bedehuset i bygda. Basaren er ein populær begivenhet; ikkje minst for tilreisande påskegjester. Bedehuset var fullsett denne kvelden, og leiar i bedehusstyret Trygve Brandal var nøgd.   Bedehuset var …

Våronn i Nesvik

Me har mottatt fleire påskebilder frå Nesvik, og her er det vårstemning: Lars Reidar og Sigbjørn Nesvik er tidleg ute med våronna i skråninga ned mot båthamna. Det er nok mange bønder rundt om i Norges land som kunne tenkt seg og gjort det same nå; men kulden og snødekket over landet gjer nok sitt til …

Påskebadet !!

Påskeliv er ikkje berre ski og appelsiner: men også bading!! Her er det friskusen Tobias Skjennum Vigesdal frå Sandes som tar årets første bad i Nesvikstranda tirsdag i påskeveka…..ansiktsuttrykket fortel vel det meste om temperaturen     Og her er beviset på at han dukka seg heilt under Fantastisk bra Tobias ! (Foto: Edvard Vigesdal) …

Påskerevy og Påskedans

Det er PÅMELDING !!! Les heile plakaten HER.NB NB: på plakaten her og skriva som blei sendt ut i postkassen var Lise sitt telefonnummer FEIL. Dette er nå korrigert på plakaten her.  Rett tlf.nr til påmelding er 975 31 845.  Dersom du alt har sendt SMS, bør du sjekke om det var rett nr.

Kaffetreff på Jøsneset bedehus

Kaffetreff på Jøsneset bedehusFredag 5 april. Kl. 19.30 Mye sang og musikk avGaute Melberg med døtrene Ann Iren og Grete Reidar Andersen blir og medAndakt med Gaute MelbergMatøkt.Alle hjertelig velkomne.

Totalforbud mot bålbrenning

Konstituert brannsjef Johan Mjølhus melder at det nå er totalforbod mot open ild og brenning ute i terrenget i Hjelmeland fram til det generelle forbodet 15.april. Det er svært tørt i gras og utmark, så vær OBS !

Send oss dine PÅSKEBILDER

Så var dei endeleg her igjen…tjelde-paret som kjem att vår etter vår på den same steinen i Skiftustranda – litt seint i år i den kalde våren, men dei kom, og dei er eit like sikkert tidleg vårteikn som lamma i sauefjøsa, som gåsungane som snart sprett ut, som krokusar og snøklokker.  Send oss foto av eit …