Kategori: Siste nytt

Flagg til topps i ny flaggstang

Frå ein glad nabo meldes det at Wyller fekk montert ny flaggstang i går 11.juni2013, og at flagget gjekk sporenstreks rett til topps ! Me veljer å tru at det var til ære for norske kvinners 100års stemmerettsjubileum(…..men sjølvsagt KAN det jo hende at det var for å teste stanga) Uansett – fint er det …

Lommetørkletre i blomst på Fosså

Kanskje du har vore nedom Fosså i det siste, og lurt på om Ellen Mari og Odd har storvask av kvite tørkler? Men, nei, dette er derimot eit litt sjeldan og veldig artig tre som blomstar slik: det såkalla Lommetørkletreet , også kalla Duetre.  Treet er såpass sjeldan at folk valfartar til botaniske hagar når …

Tips oss !!!

Send oss gjerne tips om stort og smått som skjer på  Jøsneset eller som berører folk og fe i/frå Jøsnesbygda. Kjekt med foto ! Send inn til td. ungdomslaget@josneset.no eller til Bygdarådet og Helselaget, sjå kontaktinfo. Desverre så er det for tida stort fokus på nedlegging av Jøsneset skule –  Me har desverre ikkje kapasitet …

Kulturskulekonsert og Sommaravslutning

Det har tidlegare vore annonsert Kulturskulekonsert (som skal kombinerast med sommaravslutning for skulen) på Jøsneset skule 19.juni. Rektor Rasin Tjeltveit melder nå at denne truleg  blir utsett til torsdag 20.juni. Årsaka til utsetjinga er at Kommunestyret skal foreta endeleg behandling av sparesaka i kommunestyret den 19.juni – der nedlegging av Jøsneset skule er eit sentralt …

Seier til Jøsnes-gut i Viglesdalløpet

Jasin Hjorteland Gbada til høgre sprang òg i år inn til seier i Juniorklassen i Viglesdalløpet med tida 1.21.49. Dei neste plassane vart òg som i fjor; Tobias Topp Sandvik på 2. plass med tida 1.27 og Svein Hjørungdal, Hjelmeland på 3.plass.  Herreklassen og vinnar totalt: Henning Mæhle frå Strand, Damer: Lene Egeland Kyllesø vant …

Frå kurs i hjartestarter

Dei frammøtte fekk prøve seg på hjerte- og lungeredning og hjertestartaren som Jøsneset helselag har kjøpt inn    

Visning i dag søndag 16.juni 14-15.00

Austad er til salgs: eit flott lite småbruk som ligg i Skiftudalen midt i hjarta av Solbygda….ja for sjå berre på headingen til nettsida vår: Fotoet er tatt frå….ja, nettopp Austad !! Eigdommen er annonsert på FINN.NO, så der finn du all salgsinformasjon !!

Fleirtal for nedlegging av Jøsneset skule

Formannskapet som partsamansett utval behandla i dag sak om Omstillingsprosjektet; inkludert skulestruktur. Når det gjeld skulestruktur, så gjekk fleirtalet inn for at kun Jøsneset skule skal leggjast ned, ingen andre endringar i skulestruktur. Dette forslaget fekk 6 røyster: Bjørn Laugaland og Per Inge Egeland i SP, Lin Veronika Jacobsen i AP og Håkon Helgøy i …

Bli med på kjekk familiedag

Søndag 2.juni 12.00-15.00 blir det kjekk familiedag på Bjødnabu, Hjelmeland med padling, fisking, grilling, natursti mmSjå plakaten på Hjelmeland Turlag si opne Facebookside.

Modige elevar talar til politikarane

Det blir hevda og meint mykje om små skular for tida; sist nå i folkemøtet med politisk panel som blei avhalde på Jøsneset 29. mai. Ein ting er sikkert:  små skular kan også skape modige, samfunnsengasjerte og sosialt oppvakte elevar. Dette beviste både Elise (10) og hennar medelevar Kristiane og Amber på møtet i kveld: …

Å vera eller ikkje vera

Det er spørsmålet for skulen vår..        Som ein del av innsparingar i Hjelmeland kommune er Jøsneset skule foreslått lagt ned – igjen. Skulen rommar no elevar både frå Jøsneset og Jøsenfjorden. Saka skal endeleg avgjerast i kommunestyremøte 19. juni, så dersom me vil påverka prosessen må me handla raskt!  Bygdarådet og Samarbeidsutvalet …

Barnebøker på fleire turpostar

  Frå før har det vore barnebok på Håvehammar i lengre tid. Den har vore populær, og helselaget fikk spørsmål om å legge ut fleire. Helselaget set pris på innspel, og melder nå om at dei har lagt ut barnebøker på Brynå og Nesdalsfjell i tillegg! God tur! Nasjonalforeningen Jøsneset helselag

Søndagstur til Reinarknuten

Hjelmeland Turlag inviterar deg med på kjempefin tur til Reinarknuten søndag 26.mai.Dette er den flotte, høge nuten opp frå Tysdalsvatnet; ein nut som du ser frå Jøsneset.Kanskje du vil opp å vinke heim? Les meir på den åpne Facebooksida til HJELMELAND TURLAG

Vinnarar av 3-nutstur og Hardhausen 2013

Vinnar av 3-nutsturen blei Monica Østerhus frå Jøsenfjorden. Ho var nærast den hemmelege idealtida på 4 t 53, då ho kom i mål 2 min før: på 4, 51. Monica fotel at ho hadde ein super tur, og syns det var eit flott arrangement. Det var første gongen ho deltok. Her på bildet er ho …

Saknar du ein skritt-tellar?

Det er funne ein skritt-tellar i turpostkassen på Brynå. Kanskje den er din?Ta kontakt på 950 50 427

Ny draumedag frå topp til topp

Slik ser tre ekte «Hardhausar» ut : Runar 10 år ( t.v.) var årets yngste «Hardhaus», og han og Vebjørn (t.h) 11 vart i år «Hardhausar» for første gong, medan Jakob 13 år har littegrann erfaring i sporten. Her glade på 4.og siste nut: Valafjellet. Det må vere noko magisk over «Hardhausen og 3-nutsturen», for været har ein tendens til …

Feiande flott 17.mai på Jøsneset

Ja, for det heile starta med relativt feiande vind; og flagget fremst i toget vaia godt og flosshattane heldt på å fyke av. Her ledar komiteen an i årets 17.mai tog, tett fulgt av skulen, barnehagen, bygdefolket og tilreisande gjester.   Medan kommunepolitakarane diskuterar nedlegging av Jøsneset skule, så kan framleis glade skulebarn stolt bære skulefana til …

Hardhausen og 3-nutstur 2013

Årets 3-nutstur og hardhausen arrangeres som vanleg 1.pinsedag. Dette blir 5. året og det ligg an til at nokon kan klare 5 år på rad..   Været som meldes (15.5) på www.yr.no for 1.pinsedag: Lappen for arrangementet finn du her. Løypekartet finn du her.

Bli med på ryddedag

Mandag 13. mai er det igjen tid for ein triveleg dugnadsdag for små og store. Bygdarådet inviterer alle til å bidra med rydding langs vegen og vask av Trivselsstova. Du kan lesa invitasjonen her