Kategori: Siste nytt

Meld di interesse for fibernett NÅ

Me minner om at utbygging av fibernett på Jøsneset avheng av at innbyggjarane melder interesse for dette! Lyse startar no med informasjonsmøte rundt i bygdene om utbygginga. Meld di interesse ved å bruka denne linken. Lyse har inngått ein avtale med Hjelmeland kommune om utbygging av fibernett; dvs eit svært mykje raskare og meir stabilt …

Kjempegode moreller til salgs

Mandag kveld var det tendenser til trafikk-kaos i Fossåkrysset (ja, iallefall var me to bilar som stoppa der samtidig), for Runar Fossaa hadde fått opp salgsbordet med deilige moreller. Morellene er dyrka inne i drivhuset på Fosså, og Runar og pappa har plukka de, og Runar er altså salgsdirektøren. Utstyrt med campingstol og Donald-pocket, om ventetida …

VINNAR: «Celine dansar heim frå Håvehammar»

  Juryen i Jøsneset Ungdomslag har nå avgjort fotokonkurransen «Min Jøsnessommar 2013», og har kåra Andrea Loktu Vasseng (17) som vinnar med dette nydelege fotoet «Celine dansar heim frå Håvehammar». Juryen si grunngjeving: Eit nydeleg stemningsbilete med vakre kontrastar. Dei varme fargane får fram sommarfølelsen her. Andrea vil få tilsendt eit forstørra print av vinnarbiletet …

Kommunestyremøtet 19.06 på nett

Dersom du gjekk glipp av kommunestyremøtet den 19.06, der mellom anna Jøsneset skule blei vedtatt lagt ned, kan du nå sjå og høyre debatten på nett HER.  Møtet blei sendt på nett på direkten, men det tok noko tid før det var å finne på opptakslista, men nå ligg det altså tilgjengeleg. Sjølve vedtaket i …

Opningstider Mixn Nesvik

Melding frå Cesilie på Nauste Mixn Nesvik: Vil berre minne folk om åpningstidene på Nauste er fra 10.00 – 21-00 alle dagar heile Juli

Skiftudal Open Avlyst

  OJ EVENTS har sendt følgjande pressemelding: » Grunna omstillingsprosjekt i OJ-Events blir årets Skiftudal Open AVLYST. Me beklagar på det sterkaste ! Det er vårt største ønskje at ballar på nytt fyk over netta allereie neste sommar. Me har på ingen måte lagt turneringa på hylla for godt. Best regards Sekreteriatet !

Sol, sommar og vafler

For å feira sommaren, fellesskapet og den flotte bygda vår, inviterer Bygdarådet til sosialt «vaffeltreff» på skuleplassen søndag 30. juni klokka 16. Du kan lesa meir her  

Brev til oppvekstsjefen

Jøsneset bygdaråd har skrive eit brev til oppvekstsjef Anita Heggebø angåande nedlegging av Jøsneset skule. Du kan lesa brevet her. Til hausten startar den offisielle høyringsprosessen om nedlegging av skulen. Har du ei meining om saka? Kontakt bygdarådet og sei fra!

Starta bra, men enda i pøsregn

Jonsokafta i Skiftustranda starta veldig bra….picknick-korger, campingstolar, store og små strøyma på , og den eine retten etter det andre bli grilla fram over fellesgrillen. Kos, prat, deilig og stille sommarkveld medan grillmaten blei spist og kaffekosen pågjekk……men skumle skyer trua! Bålet blei tent …wow ! For eit syn!!! Men skyene trua framleis… Det held seg framleis …

Sportsmeldinga

Dagens sportssending med involverte Jøsnesbuar: Ingeborg og Sven Westersjø deltok i det 10 mil lange sykkelrittet «Kraftrittet» . Ingeborg gjekk inn til seier i dameklassen – ikkje så rart kanskje sidan ho var einaste dame som deltok – smart !!. Tida blei 5.04; omtrent nøyaktig det same som Sven si tid – dei utgjorde til saman …

Aftenbladet refsar nedleggingsvedtak

Distriktskommunen Hjelmeland får passet sitt påskrive på ledarplass i Stavanger Aftenblad i dag 21.juni 2013.  I ledaren står det følgjande: «KORTTENKT NEDLEGGING AV SKULEDistriktspolitikk var lenge eit heidersord som politikarane gjerne trekte fram og heldt høgt. Nå er det mest gløymt – ikkje berre i staten, men desverre også i kommunane. Folk flytter frå bygd til by for å …

Lun og fin sommaravslutning Jøsneset skule

Det blei ei spesiell sommaravslutning på Jøsneset skule torsdag kveld, sidan kommunestyret hadde vedtatt nedlegging av skulen kvelden før.  Men barna er sceneproffe som få; og de trylla fram gode, glade opplevingar for publikum  frå begge bygdene. Song, sketsjar, musikk, film, dikt og ikkje minst heftige tøffe dansenummer – og alle som ein av elevane …

Jøsneset skule blir nedlagd

Uvanleg folksomt i kommunestyresalen i kveld. Ekstrastolar blei lempa inn og folk sat ute på gangen. Folk frå fleire bygdar møtte opp for å høyre om sparesaka. Det blei vedtatt det same som i formannskapet: Ned med Jøsneset skule og redusert omsorgsenter i Årdal + noko kutt/omstillingar på Interne tenester/Bygdeutvikling. Det blei òg vedtatt ein …

Sommaravslutning skule/kulturskule

Jøsneset skule og Kulturskulen inviterar til sommaravslutning i gymsalen kl 18.00 torsdag 20.juni. Det blir opptrinn av skuleelevane og musikkinnslag frå kulturskuleelevane. Alle bygdefolk i begge bygder er velkomne

Framtida til skulen blir avgjort onsdag 19.juni

Kommunestyret i Hjelmeland skal ha møte onsdag 19.juni kl 16.00. Her blir m.a. framtida til Jøsneset skule avgjort.Omstillingsprosjektet er sett opp som sak nr 2 på sakslista, sjå HERMøtet blir som vanleg vist direkte på nett, sjå HER.

Velkommen til Jonsok-feiring

Søndag 23. juni er det igjen klart for tradisjonell Jonsok-feiring i Skiftu-stranda             Ta med deg grillmat, campingstol og varme klede til Skiftu-stranda klokka 18.30. Det blir stort bål, grillen er varm, og det blir leiker for alle. Husk bøtte til krabbefiskekonkurranse!   Bygdarådet og Helselaget ønsker alle velkomne!

Littera-turen

Likar du både litteratur og turgåing? Slå to fluer i ein smekk på søndag 16.juni. Bli med på LITTERA-TUREN.

Ny trofèfiske-kveld

Var du ein av dei som gjekk glipp av  Trofèfiskekvelden som var i Jøsenfjorden i vinter?  Nå er den ivrige trofèfiskaren Øystein Davidsen tilbake – med nytt spanande foredrag av kva som finst av rare, store fiskar i fjorden vår. Spinneriet 17.00 – 19.00 fredag 14.06.13.Les meir om trofèfiske HER.

Klart for snegleaksjon

Du har sikkert sett dei allereie – brune, slimete skapningar som tyt fram i hagen og i vegkanten. Søndag 16. juni blir det derfor felles snegleaksjon i bygda   Dei fleste sneglane er framleis ganske små, men ein del feite beist er også observert. Gjer ein innsats no, så slepp du å vassa i slimete …

Glad-løå

Om du lurer på kor skøyarfantane i  bygda held hus («held løe») –  så er det altså i NESVIK  !! Fin start på dagen på veg til ferja og båten