Jøsneset Helselag si varsla HELSE-(is?)-BADING på laurdag var ingen spøk : Her er det dokumentert: det BLEI utført!!! Heile 4 stk heiv seg uti det kalde vatnet i Foss-ånå; Her representert med 1/4 av Jøsneset Brannvesen. Med dette forskrekka blikket er me litt i tvil….er det helsegevinsten han stussar på ? Eller er det kanskje …
FOSS LAURD 26,10 kl 16.00. Jøsneset Helselag tek helsebadinga opp til nye nivå; og utfordrar nå alle og einkvar til bading i kulpen i Foss-ånå laurd 26 okt kl 16…brrrrr.Jaaaa, dei meiner det altså ! Einaste krav dei stiller er at; om du kjem så må du bade ! Ei spesiell utfordring går til karane i …
ENJO-«ekspressen» Karin Tove Netland er i området : møt dama som får ei kvar reingjeringsoppgåve til å virke som ein fest….ja, tru det eller ei! Ho tipser og demonstrerer og viser dei miljøvennleg ENJO-produkta. Ho har med masse produkt for salg – også mange julegåveidear. Men her er ingen kjøpeplikt: Har du berre lyst å …
Som de kanskje veit, så har Jøsneset skule og barnehage si eiga nettside sjå HER. Her kan me lese om skulen og barnehagen sine aktivitetar. Oioioi!! Me lar oss imponere !! Om du trudde dagens barn berre sit på rumpene sine og brukar dataskjerm, så er det ikkje tilfellet!! For ein aktiv gjeng! Me les td om …
Foto:Jøsneset skule Fredag 18 oktober kl 11 inviterte Jøsneset skule til Turmarsj til inntekt for TV-aksjonen og demenssaken. Dette blei kjekt og sosialt i det nydelege haustværet. Nærare 50 stk frå begge bygder, derav nok mest frå besteforeldregenerasjonen, tok turen rundt «Nullen» og 2025 kr kom inn i kassen. Elevane selde nybaka Jødekaker til aksjonen. Deltakarane skrøyter, og rektor Rasin …
Dei mørklagde vekene over bygda er nå over, og nå ser me igjen LYSET ….takket være LYSE, som nå har vore å fiksa alle dei 9 gatelysa som har vore ute av drift langs fylkesvegen, ved branngarasjen og skuleområdet. Nå vart det brått så mykje LYStigare i bygda Fotoet illustrerar òg det makelaust fine været me …
Meir info finn du her på PLAKATEN
….ja, desse namna og over 50 til dukka opp på første «dugnadskveld» for lokale stadnamn. Det var ei lita, men svært kunnskapsrik forsamling med folk frå ulike stader i bygda som kunne bidra med fleire namn enn me hadde tid til på ein kveld. Ingeborg og Svanhild vil altså digitalisere og kartlegge så mange lokale …
Temakveld om demens 16. Oktober kl 19.00 Hjelmeland samfunnshus, Temakveld om demens kl 19.00 Foredrag v/Allan Øvereng, SUS.Arr: Kommunekomitéen NRK TV aksjonen.
Me minner om at Lyse snart startar arbeidet med utbygging av fibernett i Hjelmeland kommune. Dersom me skal få tilbod om dette på Jøsneset, må innbyggjarane melde fra om at dei er interesserte. Du kan melda deg ved å klikka på denne linken. Lyse startar i desse dagar informasjonsmøte rundt i bygdene om utbygginga.
I ca ei veke har ein møtt dette «synet» når ein kjem inn i bygda mot Skiftu-krysset og skuleområdet: altså totalt mørklagd. Kun skiltrefleksar som lyser. Trist syn. Alle dei 9 gatelysa som står langsmed fylkesvegen og opp til og i skuleområdet er mørke. Feilen er meldt til Lyse, og nå blir det spennande å sjå om …
Gymsalen, Jøsneset skule, onsdag 9.okt kl 19.00.Opent for ALLE frå ungdomskulealder og oppover. God trim, god konkurranse og møje løye
Lokale stadnamn er spanande…….veit du td kva denne spisse nibbå heiter?Frå gammalt av er det jo namn på langt fleire steinar, haugar, juv, ekrer, tun…enn det som står på kartet.Dette er ein kunnskap me må ta vare på:Me inviterar til felles «stadnamn-dugnad» – meir info under LES MEIR
Søndag 6 oktober arrangerer helselaget fellestur frå Åsland til Fosstemmen. Oppmøte kl 10:30 ved parkeringsplassen på Åsland. Ta med grillmat. Helselaget serverer kaffi og drikke i gapahuken. Turen er i nydeleg natur og den passar like godt for barn som vaksne. Vel møtt
Syrinhortensiaen på Fosså står framleis i full blomst akkurat nå i månadskifte september/oktober, sjølv om blomstringstida nok snart er over. Men den er eit syn!! 2-3 m høg og nesten enda breiare; og fullspekka av store flotte,luftige kvitrosa blomsterklasar. Blomen på Syrinhortensia minnar litt om syrin, men er mykje større og blomstrar altså utover seinsommar/haust. …
Til alle dykk som bidrog i Romaniainnsamlinga: Inger Apeland i Suldal er «primus motor» for dette humaniære arbeidet. Ho takkar alle bidragsyterar gjennom eit lesarinnlegg i Suldalsposten:
Nedleggingssaka om Jøsneset skule går mot ei ny politisk behandling. Trass i fleire innspel frå bygda her; Samarbeidsutvalet, Elevrådet og Bygdarådet der alle argumenterer for å behalde skulen, så går det stadig nærare ei nedlegging. Saka blei behandla i Oppvekstutvalet 3.oktober: der blei det vedtatt samrøystes at skulen skal leggjast ned med verknad frå 01.08.14, …
LES PLAKAT HER
Solbygdå klarer òg å vise seg som Tåkebygdå….slik som i dag, då Hjelmeland Turlag sin planlagde tur til Herefjellet «forsvant» i skoddå: Det hølja ned og Herefjellet låg kapsla inn i tåke. Ikkje forsvarleg å legge ut på den planlagde turen; ingen som møtte opp heller; klokeleg nok. Turlaget v/ Svanhild og Anne Kari tok …
Damekvelden 26.september har me sett bok som tema. Me får besøk av bibliotekar Grete H Sandvik frå biblioteket på Hjelmeland. Ho vil fortelja litt om ulike bøker, så set av torsdagskvelden til ein kjekk og triveleg damekveld. Damekvelden startar 19:30 denne gongen