Kategori: Siste nytt

Husk bygdakvelden!

Me minner om at det brakar laus i gymsalen i kveld klokka 18:00! Jo fleire me blir, jo triveligare blir det!! Du kan lesa heile invitasjonen her    

Du vett du bur i Solbygdå når….

..Buhagen Epesaft nytes i 6 gr-kulpen på Foss i november i skodde, regn og blest «Sol ute, sol inne, sol i hjertet…..sol i sinnet !! Åååå…» Endeleg kom paraplydrinkane!! og denne gongen blei det uavgjort Skiftudalen – Foss !   Ja, me reknar med Tania òg i det reknestykket: ho bur på Tonå! Midt mellom …

Treffande ros til josnes-siå

Det hender me får ros og tilbakemeldingar frå dykk nettsidelesarar. Her ein dag fekk me ei artig melding frå ein ny lesar; Svein Hauge, oppvaksen på Jøsneset i etterkrigsåra, nå busett på Notodden. Han har tydelegvis ikkje gløymd barndommen på Jøsneset, for han samanliknar nettsida vår med ei hending frå den gong, samanfatta slik: «Heimesida …

VOLLEYBALLTRENINGAR

Volleyball-trening i gymsalen ONSDAGAR kl 20.00 !!Passar for alle frå ungdomskulealder og oppover – sosial og moro trim !!Velkommen til alle !

Normal ferjedrift igjen

Den øydelagde ferjelemmen er fiksa. Første avgang i ordinær ferjedrift er kl 20.15 frå Nesvik torsdag 14.11.I 1 1/2 veka har ferjesambandet Nesvik-Hjelmeland vore ute i drift pga kollisjonsskaden. Les meir på Aftenbladet.

Vær -«Princar» i media

To værar blir lett til fem høns…eller?…nei,nei,nei !! To værar på nettsida vår blei plutselig til dagens radio-innslag i NRK Rogaland!! Fekk du ikkje med deg radiointervjuet med Sven og Jon Arne om dei to værane som skulle over fjords til gards for å sikre veksten?? Då kan du høyre det på nytt her i …

Lyst å bli med i lesesirkel?

Hausten er ei herleg lesetid !! Er du glad i å lese bøker ? Har du lyst å prate med andre om bøkene du les? Få tips og idear til bøker du elles kanskje ikkje hadde lest? Utvide bok-horisonten? Ein lesesirkel kan vere tingen for deg då Ein lesesirkel er ei gruppe leseglade mennesker som …

«Vær»-dagslivet går sin gang

Ferjekrasj og trafikk-krøll……»vær»-dagen må gå sin gang for det! Og då er det ein fordel med fleksible og praktiske retta skysskarar som Helgøyen og Co. Det fekk sauebøndene Ingeborg og Sven erfare: som hadde kjøpt to værar på Hjelmeland. I staden for å ta lastebilen med på ferja frå Nesvik til Tau, og deretter kjøre til Hjelmeland for …

Ny frisk badedag i Foss-kulpen

Du trudde kanskje badesesongen var over?? Å neida !! Full aktivitet i kulpen i Foss-ånå òg denne lørdagen. 5 grader, pøsregn og lågt skydekke; joda, kulpen berre KALLAR slike dagar. Det blei hopping, dykking og lange, herlege tak i det friske vatnet. Helselagsleiar uteblei akkurat denne dagen; helsinga til henne er kort og godt: Spania …

Barnehagesaka

Saka om barnehagestruktur i Hjelmeland var oppe i Oppvekstutvalet 06.11, les  saksframlegg og vedtak HER.  Oppvekstutvalet går inn for nybygg og utviding av Årdal og Fister barnehagar, medan barnehagane på nordsida av Jøsenfjorden skal bli to avdelingar under Hjelmeland barnehage.  Innspelet frå Jøsneset Bygdaråd (sjå brev i link i artikkel nedanfor) blei ikkje imøtekome. Saka …

Konsert med Per Husby

Les meir om Per Husby og sjå heile plakaten  HER

Alternativ ferjedrift

Etter at ferja krasja i ferjelemmen på Hjelmeland i går, onsdag 6.nov, er sambandet vårt ute av ordinær drift. Dette kan pågå ei god stund, i beste fall ut i neste veke, dvs veke 46.. I værste fall 2 veker! NORLED har nå sett opp ferjerute mellom Nesvik-Skipavik-TAU. Rutene finn du HER.  Trafikkmeldingar HER. Elles blir …

Spennande tider for barnehagen

Onsdag 6. november skal oppvekstutvalet i Hjelmeland handsama ei sak om framtida for barnehagane i kommunen. Det er mellom anna forslag om å leggja ned ein av barnehagane enten på Jøsneset eller i Jøsenfjorden!                 Du kan lesa saksframlegget frå rådmannen her. Bygdarådet har skrive ei uttale i …

Still opp på Bygdakveld!

Torsdag 21. november klokka 18:00 inviterer me alle som kan krypa og gå til ein trivelig Bygdakveld i gymsalen! Bygdarådet har invitert den nye rådmannen i Hjelmeland, Dag Flackè, til å bli kjend med Jøsneset og presentera det som rører seg her. Det blir underhaldning av elevar i kulturskulen, presentasjon av næringslivet i bygda, matservering …

Stor stemning i Fossånå

Laurdag var det igjen duka for Syden-stemning i kulpen på Foss. Friske symjarar representerte familien Westersjø, med både Sven, Ingeborg og Kristiane. Svanhild Hjorteland var sjølvsagt med, og frå Tonå stilte friskusen Tania. Skiftudalen var spesielt utfordra, men bortsett frå bonden på Bøen befant nok dei øvrige seg foran peisen.  På tross av noko dårleg bildekvalitet, er …

Kakesalg for skuletur

10-klassingane frå Jøsneset går nå rundt i bygda og sel kakeboksar. Overskotet av dette salet går til skuleavslutningsturen i juni  til England. Nokon har nok allereie fått besøk, medan andre kanskje har besøk i vente. Dei har fordelt bygda seg i mellom og tek sikte på å gå innom til alle. Det er 3 kakesorter, …

Klar for ny badehelg !

Ny badeseanse i Foss-ånå på Foss laurdag kl 16.00 …..masse buldrande friskt, kaldt heia-vatn ventar på deg La nå ikkje Fossdalsbuen forbli tøffaste tøffingar på Jøsneset….utfordringa går til resten av bygda !

Skumle skremt…og litt søte!

Denne mørke haustkvelden var det kanskje litt skummelt å vere ute på tur langs vegane i bygda; for då kunne du treffe denne rare gjengen. Uuupps….først blei me litt skremt, men……sjå nå nøye etter: de er visst mest søte og godeeller ka?  Iallefall hadde de smilet på lur og liker veldig godt godsaker. Nå kan …

Kroken på døra for Jøsneset skule

Nå er Jøsneset skule formelt nedlagd, med verknad frå neste haust. Dette endelege vedtaket blei i kveld, 30.10.2013, fatta i Hjelmeland kommunstyre, trass i store innvendingar frå Samarbeidsutvalet, Bygdarådet og bygdefolk på Jøsneset undervegs i prosessen. Saka har vore gjennom fleire politiske behandlingar; Først og fremst i kommunestyret i juni (prinsippvedtak) og nå i haust. …

Møt opp på kommunestyremøtet !!

Oppmodinga kjem frå Samarbeidsutvalet på Jøsneset skule, og gjeld nedlegging av Jøsneset skule som skal opp til endeleg behandling i kommunestyret ONSDAG 30.10.13 kl 17.00.  Både Samarbeidsutvalet og Bygdarådet har engasjert seg mot nedlegginga, og har sendt uttalar i saka. Trass i stort engasjement frå bygda, ser det nå ut for at det går mot …