Kategori: Siste nytt

Hagekveld

NASJONALFORENINGEN JØSNESET HELSELAG DAMEKVELD torsdag 27.mars kl 19:00 i trivselstova. Denne kvelden utvidar me damekvelden til å gjelde alle. Me har i samarbeid med Hjelmeland hagelaget ein felles hagekveld som me og har hatt tidlegare år. I år kjem ein frå BoGrønt Ebnes planteutsal i Ølen og vil fortelja oss mykje om stauder og buskar. …

Kjendisspekka JM

På sjølvaste kvinnedagen strøymde små og store Jøsnesbuar til Gullingen for å delta i det prestisjetunge Jøsnesmeisterskapet på ski, det første i sitt slag.  Det blei ein fartsfylt dag med banebrytande skiteknikkar, celebre gjester og kraftige røyksignal Etter høljande regn og flaum fredag, var det fantastisk å få ein dag med både snø og sol …

20.gangs-bad

Full aktivitet i Kogekjellå òg denne laurdagen: 7 stk kasta seg uti ! Dette var 20.laurdag på rad ….så eit slags lite jubileum på sjølvaste kvinnedagen. Elva var stor og straumen strid etter dei store nedbørsmengdane og flaumen  dagen før; friskt og kjølig. Aktiviteten held fram; laurdagar kl 16.

Hva skjer a??

Skituristane inn Breiastølsdalen stussa nok fælt i dag: kva gjorde den fancy, blonde ordførardama i pinnsmalt skjørt i lag med den mystiske, skjeggete russisk-general-mafialignande fyren i pelslue??  Er de ute på testing av nytt OL-anlegg? Siste stunt innan dopingkontroll? Eller på jakt etter Kvikk-Lunsj…og brunost?  Men kvifor må ordførardama ha denne type body-guard? Og, uups….kva har skjedd …

Ballkjole i bakken?

Under laurdagens Jøsnesmeisterskap på ski blir det også moro for dei «vaksne»! Finn fram ditt finaste, sprøaste eller styggaste skiantrekk og bli med på KOSTYMERENN!! Det blir premie til beste og verste antrekk – tek du utfordringa? Det blir ikkje kven som helst som deler ut premiane heller…..          

Jøsnesmeisterskap i ski

Breiastølsdalen Laurdag 8.mars  kl 12.00 – sjå plakat HER

Årsmøte Ungdomslaget

Årsmøte i Jøsneset Ungdomslag laurdag 22 mars kl 17.00 i Trivselstova. Innkalling blir òg kjørt ut i postkassane. Styret JUL v/ leiar Jon Brandal

Det vårast i Kogekjellå

Laurdag1. mars blei ein orntlig vårlig dag….også i Kogekjellå! Vel, vatnet held framleis 4 kalde grader; kjem trass alt direkte frå Fosstemmen som enda ligg dekka med isflak (ifl Johan brukar vatnet ca 1,5 t frå Fosstemmen og ned i Kogekjellå). Men det var ein stille, solrik vårdag, og 8 badenymfer plaska uti den friske …

Godt frammøte på årsmøte Bygdarådet

Det var godt frammøte og mange tema til drøfting på  Bygdarådet sitt årsmøte sist veke, tirsdag 18 februar.  Medan marsipankaka sveiv rundt det store bordet og kaffekoppane blei tømt blei det gitt informasjon og det kom mange idèar for vidare arbeid for bygda framover.   Det var leiar Berit Hjorteland som òg leia møtet, og gjekk gjennom …

Frå sofaslitar til turelskar

Syns du det er eit ork å kome deg ut over dørstokken? Treng du inspirasjon til turglede og fysisk aktivitet? Møt nordsjøarbeidaren som fekk klar beskjed frå legen om å ta ansvar for eiga helse. Han tok grep og gjekk  «frå sofaslitar til turelskar». Spinneriet torsdag 20.feb kl 19.30. Her finn du PLAKATEN

Hugs gå-og joggegruppe

Minner om gå-og joggegruppe TORSDAGSKVELDAR Kl 19.00. Joda, det stemmer: det er vått og det er surt, og det fristar kanskje meir å sitje inne? Men tenk heller at det er også friskt og mildt, og kveldane BLIR faktisk lysare!!  – så ingen grunn til å sitje inne å vente på godværet.   Rett antrekk i kveld; …

MaryKay i Trivselstova

  Hei! Onsdag 19 feb(neste onsdag) kjem konsulenten for Mary Kay og viser oss produkter for hud/hår/negler og make up i Trivselståvå kl.19. 00. Det er mulighet for å kjøpe/bestille varer og du kan få goe tips og råd om pleie av huden.  Kom også gjerne bare for ein kaffikopp og litt drøs sosialt  Hilsen …

Bading i skarp konkurranse med Bjørndalen

Joda, badetidspunktet var i sterk konkurranse med Bjørndalens stjerneløp i OL denne laurdagen. Me bøyer oss i støvet og gratulerar den karen. Men badinga i Kogekjellå blei gjennomført denne laurdagen òg – kun 3 baderar, men forholda var nærast vårlege – kun sur vind og lett yr, men isfritt og friskt i vatnet. Så, joda Hanne Sørvaag….me …

God debatt om islandsk sauebonde

 Her er den vesle boka om den gamle sauebonden, som skapte både lang og god debatt i Lesesirkelen denne veka. Boka «Svar på brev frå Helga» handlar om den 90 år gamle sauebonden frå den islandske landbygda som endeleg «mannar seg opp» og svarar på brevet frå elskerinna Helga.     Boka handlar om den …

Ja, me vil ha lys og liv i husa !

Lokalavisa Strandbuen hadde fredag ein artikkel om Jøsneset Bygdaråd sitt engasjement kring dette.  Bygdarådet etterlyser m.a. meir meir politisk støtte frå kommunen i sitt bygdeutviklingsarbeid. For dykk som ikkje har papirutgåva; nedanfor finn de artikkelen. Her finn du FORSIDA og her finn du ARTIKKELEN

Årsmøte i Bygdarådet

Etter eit hektisk år går Jøsneset bygdaråd inn for landing med årsmøte tirsdag 18.februar klokka 19:00 i Trivselsstova. Sakslista bugnar av viktige saker, så me utfordrer deg  til å møte! Her kan du lesa Bygdarådet si årsmelding, og heile innkallinga til årsmøtet finn du her. Velkommen!!                  

Basar og Årsmøte for Helselaget

                                                                                        BASAR OG ÅRSMØTE FOR JØSNESET HELSELAG. TYSDAG 4.MARS KL 19:00 I …

Ei gladmelding

http://www.youtube.com/watch?v=H6-TsOq4K-E    

Ei gladmelding til alle !!!

Me unne oss denne gladmeldinga nok ein gong….mens badinga går sin gang, og me ventar på sommarn…og Hanne!  http://www.youtube.com/watch?v=H6-TsOq4K-E Set av 23.august – det blir ein kanondag med denne flotte dama i spissen ! Arr: Bulystgruppa/kulturkontoret

Skikarusell-info

Det er tid for vinterens eventyr: skikarusell på Gullingen, MEN, snøen manglar framleis: så første renn er utsett ei veke til 10.februar.Følg med på nettsida til SULDAL IDRETTSLAG !