17.MAI PÅ JØSNESET. I år er det ei spesiell 17.Mai då det er siste året til skulen på Jøsneset, samt at grunnlova har 200 år markering. Me kan difor stolt reklamere for eit innhaldsrikt og variert program for dagen. Talerane for dagen er Ida, Tanja og Sebastian som er 7 klassingar på Jøsneset skule, kulturskule …
LYSE inviterar til ope informasjonsmøte om FIBERNETTUTBYGGING PÅ JØSNESET!Trivselstova eller Gymsalen tirsdag 13.mai kl 18. 00. Påmelding. Les meir på PLAKATEN FRÅ LYSE På møtet vil du få informasjon om LYSE sine breidbandprodukt, som består av lynraskt fiberbreiband, telefon og TV. LYSE skriv: «Tilbudet fra Lyse er avhengig av tilstrekkelig interesse i ditt område. Snakk …
Det lakkar og lir mot siste skuledag her i bygda. Me skal feire Jøsneset skule si historie med ein flott og verdig fest – og alle er invitert – her kjem vår INVITASJON
Deilig vår over bygda!! Akkurat nå blomstrar kusymra frodig oppunder Herefjellet – ta deg turen langs merka tursti frå Åsland til Håvehammar, så kan du nyte synet av massevis av den fine vårblomen; blanda med fioler, bekkeblom og siste rest av kvitveis. Eit syn ! Set deg ned i vårbakken og nyt våren. …
NASJONALFORENINGEN JØSNESET HELSELAG …
Bygdarådet si oppslagstavle v/branngarasjen er ødelagd. Fronten er difor tatt av for reperasjon, og det er difor ikkje så greitt å henge opp plakatar der nå. Reknar med at den snart er på plass igjen; like heil og fin
Det er deilig vår over bygda – og det nærmar seg nasjonaldagen ! Saman vil me gjere bygda enda vakrare og reinare. Rydding av søppel langs vegane. Vask av Trivselstova – ta med bøtte, kost og klutar Dette er kjekt og sosialt team-arbeid og både små og store, unge og vaksne har masse å bidra …
I fjor kunne folk her melde si interesse for fibernett inn til LYSE. Alle desse har nå fått eit INFORMASJONSKRIV. Me legg dette informasjonsskrivet ut på nettsida; slik at infoen blir spreidd uavhengig om ein har meldt interesse eller ei. LYSE opplyser òg at dei jobbar med pristilboda, og vil vere klar med dei nå …
Det var eit trist syn som møtte ungane då dei var innom skulen og barnehagen sin fine gapahuk etter helga. Kledning på fleire vegger var riven ned, og som «brekkjern» hadde vandalane nytta bålrista som dermed var knekt og øydelagd. Den fine grinda som ungane sjølv har laga, var slengd ned ein skråning og …
Me har fått ein førespurnad frå DIS-Norge, som i samarbeid med Arkivverket i Norge mellom anna arbeider med registrering og fotografering av gravsteinar i heile Norge. Dei treng nå ein frivillig fotograf på Jøsneset !! Les førespurnaden nedanfor: «Hei, jeg jobber på frivillig basis og fotograferer gravstener for www.disnorge.no . Disse blir etterhvert lagt …
Lyst på ein frisk luftetur? Tordsdagens gå-og joggegruppe kan vere løysinga Kvar TORSDAG kl 19.00 – oppmøte v/Branngarasjen, Skiftukrysset – gjeld òg Skjærtorsdagskveld ! Kva med ein tur til Håvehammar ?
Gilde gir bort 30 griller, og nå er solbygda Jøsneset med i konkurransen. Gå inn på www.grillpolse.gilde.no og stem på grillplassen. Grillen er spesialdesignet av Snøhetta på oppdrag fra Gilde. Hovedelementet er støpt i hvit betong (den samme som ble benyttet i Operaen i Oslo), mens selve grillelementet er sveiset i stål. Grillen er veldig …
Cesilie på Nauste minner om at dei har opningstider kl 10.00 – 21.00 kvar dag heile påsken, og ønskjer alle velkommen innom !! GOD PÅSKE !!
«Ingen påske uten» – er tittelen på dette stemningsfulle bildet; det anar oss at det er ein bonde som har vore på ferde med fotoapparatet i påskeveka…det er nett som me kjenner den vårlege eimen ! «Sol, grønt gras, lam – drømmepåske»Her er det igjen bonden på Bøen som har vore ute med kameraet …
Me jobbar med avslutningsfesten for Jøsneset skule som blir 13.juni, og ber om foto og videosnuttar med «mitt skuleminne». Her er to nydelege foto innsendt av Svein Hauge – me vil gjerne ha hjelp med namna på alle dei flotte småskulelevane med dei fantastiske strikkagensrane. Også på denne tida var kyrne på Bøen gode naboar …
På den opne «Facebookgruppa Humorbattle i bygdene» blir bygdene i Hjelmeland utfordra til å stille med eit humoristisk innslag på Samfunnshuset 30 august – og Hjelmelands mest humoristiske bygd skal kårast !! Akkurat nå pågår påskerevy-øving på Jøsneset, så me skal ikkje stressa de med nye framtidige oppdrag; men her er iallefall både talenter og poenger …
http://www.youtube.com/watch?v=rNOKETs7JsY GOOOOOD PÅÅÅÅSKE til alle frå Den Glade Badegjeng!! Regnet ausa ned heile palmelørdag: 7 gr til lands og 7 gr til vanns…..ok, lite sol og palmesus i Fossdalen, men likevel ein dag som skapt for bading, grilling og kakekos! Sure værforhold – ingen hindring – Baderane stod likevel i kø foran Kogekjellå Det 25.lørdagsbadet …
Her finn du PLAKATEN
Tidlegare i veka etterlyste med 1995-utgåva av Jøsnesposten, og jammen sann; i ei skuffe i Skifudalen dukka det opp eit eksemplar. Så nå har me samlinga komplett. Me sjekkar nå ut prisar på trykking av ei samleutgåve av alle 33 nummer.
Vollyballtreningane har rulla og gått kvar onsdag gjennom vinteren. Nå før påske tek me ein liten vri og kjører på med TIRSDAGSTRENING!! Møt opp tirsdag 15.april kl 20.00 i Gymsalen. Me ønskjer ferierande ungdommar og påskegjester òg hjerteleg velkommen til treninga – dette er gøy, sosialt og ualminneleg godt for folkehelsa di