Kategori: Siste nytt

Har du lyst å bli med å lage nyttårsfest?

Me i bulystgruppa har lyst å gjenta den vellykka nyttårsfesten 2014/2015. Dette var relativt enkelt å stelle istand; for opplegget var at kvar familie tar med sine matfat – dermed fekk me eit fantastisk og uforgløymeleg matbord !! Jobben til komiteen blir å sende ut invitasjon, ta påmeldingar, handle inn litt fellesting og pynte lokalet. …

Trening for alle i gymsalen

Helselaget startar opp igjen trening i gymsalen torsdag klokka 19:30! Det blir styrketrening i ulike former, kondisintervaller og god utstrekking! Målet er at det skal vera utfordrande men overkommeleg for alle på sitt nivå. Me vil spesielt utfordra mannfolka i bygda til å møta opp – slik at dei ikkje blir heilt overkjørte av spreke …

Ny benk på Nesdalsfjellet

Nå er det kome ny benk på Nesdalsfjellet. Initiativtaker her var Aud Jensen. Lørdag 19. sept samla ho nokre naboar og fekk den på plass. I tillegg så er det laga til eit lite bord. Etter at dette var på plass så måtte både benken og bordet prøvast, og Aud hadde med både kaffi, kjeks …

Damekveld 24.9.15

Torsdag 24.september kl 19:30 er det endeleg tid for Damekveld i Trivselstova igjen. Uformelt treff for damer i alle aldrar. Vel møt. Helsing Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag.  

Gratulerar

Ein Jøsnesbu er nå vald inn som fast medlem i kommunestyret – Sven Westersjø – APAv andre med fast bustadadresse 4146 Skiftun finn me:  Oddvar Skiftun, 2.vara AP og Lars Reidar Nesvik 4.vara Venstre.Komplett representant-liste etter kommunevalet 2015 finn de på HJELMELAND KOMMUNE  

Gå gruppa startar opp att

Me startar opp att med Gå- gruppa Tysdag 15/9/15       Kl 18:30 Me ynskjer nye og gamle turgåerar hjertelig velkomne. Ta på deg gode kle og refleksar så møtes me ved brannstasjonen. Helsing Styret i Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag   

Gå gruppa er tilbake

Hausten er her og gå-gruppa startar nå endeleg opp att. Tysdag 15/9/15 kl.18:30 frå brannstasjonen. Nye og gamle turgåerar er hjertelig velkomne til ein kjekk tur saman. Helsing Styret i Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag

Demensaksjonen 2015

Demensaksjonen 21-27.sept. «Huske dem som glemmer»   Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag går med bøsse på Jøsneset; Mandag 21.sept og Onsdag 23.sept. Kl 18-20 Av totalt innsamla midler går 70% til forskning og 30% til lokal aktivitet. Sandra var 11 år da faren fikk demens. » Det er synd at jeg aldri ble kjent med faren min …

Emissærtriks? Tåkeprat?

Sjølv om det i den politiske debatten onsdag kveld både blei påstått at H/KrF driv med emissærtriksing og at AP driv med usakleg tåkeprat, så blei det halden ein god, allsidig og interessant debatt. Alle parti minus SV stilde til debatt med to representantar – og oppmøtet frå bygdefolket var bra – ca 45 stk derav både barn, ungdom og …

«Skiftunjentene» inntok Oslo

Sjeldan har vel hovudstaden sett så mange flotte Jøsnesdamer på ein gong i byens gater !! Denne spreke flokken gjekk under Team-namnet  «Skiftunjentene» og inntok Bislett og KK-mila med liv og lyst !!  Frå venstre: Kristine Rosså, LinnAina Rosså, Ingunn Nesvik, Kari Skiftun, Lise Tjeltveit og Lene Hjorteland. Ingen av de bur på Jøsneset nå, men …

Nattbåt ifm Frukt og Laks

Også i år blir det sett opp NATTBÅT etter dansen på Frukt-og Laksefestivalen. Båten går frå Hjelmelandsvågen kl 01.45 og kostar kr 50,- Går til Nesvik.Fullt program for festivalen finn du HER

INNSAMLING ROMANIA 2015

18. SEPTEMBER kl 17.00 – 18.00, ved Branngarasjen Intitiativtaker er atter ein gong Inger Apeland frå Suldal Ho skriv: Me treng klede, sko, ulltepper, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, gryter, garn, stoff, strikke-og sysaker, leiker – ja, alt muleg !! Pakk godt inn i doble sekker eller gode øskjer. Ikkje for tunge kolli. Fraktpengar kr 40 pr …

Valdebatt 8.september

  I år er det både vanleg kommuneval, men òg folkeavrøysting for eller imot ny kommunestruktur. Spørsmålet er som følgjer: ««Skal Hjelmeland kommune arbeida vidare med å vurdera ny kommunestruktur i Ryfylke? Svar: Ja eller Nei.» Dette handlar altså om alle vår si framtid ! Og om kommunen skal bestå som før – eller i …

Takk alle sammen

Takk til alle 53 stk som møtte opp til uformell og sosial grill/kake/kaffe/lappar/fotball/prate-lag søndag kveld – i 27 varmegrader på skuleplassen !! Så kjekt å treffe nye trivelege tilflytterarar til Nesvik og Foss, baby m/mor og oldemor frå Åsland, tilreisande besøk – og ja… sjølvsagt alle dokke andre «gode gamle» . Sola skein og det blei ein varm flott dag/kveld, og barneflokken spela …

Sjøkabel på gang

Fiberutbygginga til LYSE går sin gang. Nå i helga 22.aug har det vore jobbing i Skiftuvika med legging av sjøkabelen som går inn i land i stranda, lagt ut frå spesialbåt i sjøbotn. Leif har vore å gravd ned kobingskummar og røyr på land tidlegare. Han jobbar med fibergraving rundt om……så ja, det går framover nå …

Flott motbakke-resultat

  Øyvind Oaland er blitt ein orntlig motbakke-knusar, og nøyer seg ikkje berre med motbakkane på Jøsneset. I dag sprang han Hilleknuten Opp – og slo til med ein 3.plass i mosjonsklassen 3,7 km i sin klasse M40-49, og 5.plass totalt blant alle 91 menn med tida 35.07. Veldig bra !!  Me gratulerar sprekingen!  Resultatlista frå …

Strandbuen heidrar Arthur

Journalist i Strandbuen Magnar Riveland tykkjer det er på sin plass å heidre ein av dei som nå går UT av politikken – den framtidsfokuserte 95-åringen…..ja, sjølvsagt Arthur Westersjø, AP.  Les heideren HER. og klikk på bildet så får du høyre Arthur sitt innlegg i siste kommunstyremøte 17.juni – der han fekk tale om ei …

La oss feire !!

Alle i bygda inviteres til felles søndagskos på skuleplassen nå SØNDAG 24.august kl 18.00.  Me har masse å feire: sola, sommarværet som endeleg kom, skulestart, sjø-fiberkabelen som er på veg inn, nyasfaltert veg, makrellsesongen, bygda vår, oss sjøl og ikkje minst nye tilskudd til Jøsneset !!!….mellom anna den norsk/mexicanske familien som har flytta til Foss . Me fyrer opp bålpannå, og griller og koker …

Rekord på Fosskrossen

For ein gjeng !!Mandag var det skulestart, og på Fosskrossen blei det nærast «trafikk-kaos» då alle desse 9 skuleborna frå Foss skulle ta skulebussen. For nå er det ikkje nok med den eine bussen; nei,bussjåfør Andreas frå Jøsenfjorden må svinge utom for å hente nokre av dei, for at alle skal få plass.   Her er skulegjengen …

Kveldstur til Galleri Hagalid

Torsdag 27.august arrangerer Jøsneset Helselag tur til Galleri Hagalid. Me organiserer skyss frå Nesvik ferjekai kl 17:30. Me blir møtt av Hanne Sundbø, som vil orientere litt om korleis husa er satt i stand samt fortelje litt om utstillinga, kunst og kunsthåndverk   I Sofiehuset får me servert; Kraftig kjøtsuppegryte m/påfyll og heimebakt grovbrød og …