Kategori: Siste nytt

Danseforestilling

I haust har 9. klassingane Ida og Tania hatt valgfaget «innsats for andre», og prosjektet deira har vore dansegruppa «Little Mix» . No blir prosjektet avslutta med forestilling i gymsalen søndag 15. november   Kvar onsdag ettermiddag i haust har barn i 1. – 10. klasse hatt eit ekstra fritidstilbod på Jøsneset; då har «Little Mix» …

Juleverkstad 29/11

JULEVERKSTAD 29.NOVEMBER KL. 11-15 -oppdatert No er snart jula her igjen og då er det tid for sosiale og stressfrie stunder i lag med familien. Då er juleverksted eit perfekt arrangement å bli med på. Det er ope for ALLE, 0-100 ÅR. Dørene opnar kl: 11:00 og held ope til kl 15:00. Så det er opp til kvar enkelt …

Juleverkstad

JULEVERKSTAD SØNDAG 29.NOVEMBER I GYMSALEN. meir info kjem. helsing Lene,Sven ogJøsneset Ungdomslag

Fotokonkurranse

Hjelmeland Turlag har fotokonkurranse som varer ut 2015 – Turlaget ønskjer foto frå naturen i heile kommunen. Det har alt kome mange flotte foto, men håpar på enda fleire. Sjå alle fine bidrag hittil på Hjelmeland Turlag si opne Facebookside. Frist ut året, send til hturlag@gmail.com  

Husk påmelding til påleggskurs!

Meld deg på julepåleggskurset seinast tirsdag!

KONSERT RYFYLKE VISEGRUPPE

 RYFYLKE VISEGRUPPE KJEM TIL JØSNESET IGJEN!! Me hadde besøk av dei i 2010, og nå kjem dei att med nye songar og med ny vokalist Anita Nymann Tønnesen…omtalt i Aftenbladet som «vokalistgullet! Me gledar oss til gjenhør ! Set av datoen alt nå ! Les meir om Ryfylke Visegruppe her i presseomtalen

Julemat-kurs

Det har blitt ein liten tradisjon på Jøsneset at me har ein kveld saman der me lagar kjøtpålegg til jul. Det vil Bulyst-gruppa og laga til i år, og me tek sikte på tirsdag 8. desember klokka 19 hos Silje på Bøen For å få kjøpt inn råvarer vil me gjerne ha påmelding seinast tirsdag 3. november til Silje …

Julebord på spa-hotell Velvære

Bulyst-gruppa har fått reservert ein del billettar til julebord på spa-hotellet fredag 4. desember   Denne kvelden blir det flott julebuffet i restauranten, og så spelar vår eigen Jose Altamirano til dans! Julebord og dans kostar kr 690,-/person. Vil du vera med så kontakt Odd Fosså på tlf 97705273 seinast onsdag 28. oktober Les meir …

Julebord på spa-hotellet

Bulyst-gruppa har fått reservert ein del billettar til julebord på spa-hotell Velvære fredag 4. Desember  Denne kvelden blir det flott julebuffet i restauranten, og seinare på kvelden spelar vår eigen               Jose Altamirano til dans!  Julebord med dans koster kr 690,-/pers. Vil du bli med så kontaktar du Odd Fosså  på tlf …

Snart nye ferjeruter

Stavanger Aftenblad har ein artikkel om dei nye ferjerutene som kjem etter nyttår – «fylkets beste» blir det hevda. Les artikkelen HER

Torsdag = trim

Som vanlig er det trim for alle i gymsalen torsdag 19:30. Sist var me 12 stk men det er plass til fleire

Bildekveld i Jøsenfjorden

Jøsenfjorden Fritidsklubb inviterer inn fjorden til ein flott fotokveld med SULDAL FOTO v/Jarle Lunde. Her vil de garantert få sjå mange fantastiske bilder frå natur, landskap mm: Sjå eksempler på SULDAL FOTO eller følg Suldal foto på facebook.

SOLTRIM !!!

Madelen Langvik og Kristiane Westersjø inviterar til noko spennande:  SOLTRIM  i gymsalen på torsdager. Dei fortel at første oppmøte vil vera den 22. Oktober klokka 17.30-18.45, og alle frå 1-10 klasse er inviterte! Det vil vera aktivitetar som passar for alle, ta gjerne med ein venn !! Bravo jenter !! Torsdag ser då ut til å bli …

Takk for alle regnskogbidrag

Takk til alle som støtta med bidrag til årets TVaksjon til Regnskogfondet ! På Jøsneset var det Jøsneset Bygdaråd som stod for innsamlinga, og kjørte rundt i bygda og ferjekøen på Nesvik – saman med to frivillige som hadde meldt seg som bøssebærarar. Været var nydeleg – sikkert derfor ein del ikkje var å treffe inne. …

«Hjelmelandsfjord» sin siste dag

  Er du ein av dei som hugsar «fjordabåttida»? Hugsar livet på kaien, lasting og lossing, stemninga om bord dei tre timane til byen? Alt bygdeliv skjedde «via landgangen»; sauer til slakt, melkespanna til meieriet, nybaka brød i kassar til butikken, fisk ut og kassar inn, posten inn og ut, reisande folk med byærend – og …

TV-aksjon KAFÈ

I år går årets TV aksjon til REGNSKOGFONDET. Les meir om TVakjonen på BLIMED.NO    

Husk trening i kveld

Det blir trening i gymsalen i kveld 19:30. Alle er velkomne 

Fiberutbygging

Fiberutbygginga går sin gang – her er det kabeltrekking på gang i røyr langsmed kommunal veg Skiftun som pågår-Dette medførte at vegen ned mot Skiftun kai var stengd delar av dagen i dag, tysdag 6.okt.  

Har du lyst å bli med å lage nyttårsfest?

Me i bulystgruppa har lyst å gjenta den vellykka nyttårsfesten 2014/2015. Dette var relativt enkelt å stelle istand; for opplegget var at kvar familie tar med sine matfat – dermed fekk me eit fantastisk og uforgløymeleg matbord !! Jobben til komiteen blir å sende ut invitasjon, ta påmeldingar, handle inn litt fellesting og pynte lokalet. …