Kategori: Siste nytt

Gamle vegar fram i lyset

Mandag var nærmare 20 jøsnesbuar samla på Grendahuset for å læra meir om veg- og stinettet på Jøsneset før bilvegane kom. Det blei ein triveleg og interessant kveld med felles kveldsmat.           Ådne Skiftun starta med å forklara litt om vegane på Jøsneset før «Postvegen» frå Nesvik til Knutsvik blei bygd. …

Bli med på Seniortur til Helgøy !

Påminning: Det er 4 ledige plasser i bussen til seniorturen til Helgøy onsdag 14. juni. Sven hentar folk med bussen rundt i bygda. Me tar 10.00 ferja. Norunn Helgøy møter oss ved brua Helgøy og me får ein liten guida tur rundt på øya. Etterpå blir det lunsj med kaffe og dessert på Epleriet. Eigenandel …

Gamle vegar og snarvegar på Jøsneset

Tysdag 13. jun klokka 19 inviterer Bygdarådet til ein sosial og lærerik kveld på Grendahuset. Ådne Skiftun har teke initiativ til å informera og samla stoff om gamle snarvegar på Jøsneset. Ådne og fleire andre jøsnesbuar har mykje kunnskap om dei gamle ferdselsårene i bygda, og kanskje får me merka opp nokre av dei igjen? …

Dugnad på Grendahuset

Det skjer mye på Grendahus-området for tida! Mandag 5. juni kl 18 blir det ein runde med dugnad på uteområdet, så ta på deg arbeidshanskane og møt opp. Det blir sjølvsagt også tid til kaffi, is og drøs. Velkommen!

Effektiv dugnad på bedehuset

Ikkje så reint få bøtter og klutar var i aksjon då 6 dugnadsklare damer satte i sving. I strålande ettermiddagssol og med godt humør gjekk arbeidet unna.  Etter ein times tid var det meste av arbeidet gjort. Då var vindauga pussa og stolar, skap og gulv vaska. Då alt var ferdig blei det tid for sjokoladekake og …

Vaskedugnad på bedehuset

Bedehusstyret arrangerer dugnad på bedehuset torsdag 1. juni, kl 18-20. Det trengs blant anna ein skikkelig vask i salen oppe, kjellaren og kjøkkenet. Dersom det blir tid, bør og vindauga få seg ein vask. Gi beskjed til Ellen Mari på mobil 92463675 om du har anledning til å bli med. Kjekt om mange kan stille! Helsing …

Hardhausen 2023

Hardhausen blei gjennomført for 15. gong 1. pinsedag. Deltakerane fekk alle årstider, men dei 48 som starta såg ut til å ha hatt ein fin tur. 14 gjekk for første gong, og alle kan kalla seg hardhausar. Eilef Foss deltok for 10. gong, medan Rick Andre Opedal, Jakob Hjorteland Gbada og Vebjørn Fosså har deltatt …

Ring funnet

Har nokon mista ein gullring? Ein ring blei funne ved Norda Høgaste tidligare denne veka. Den låg like ved postkassen.  Gi beskjed dersom du saknar den – enten til oss i redaksjonen eller til Ole Geir Åsland (som fann ringen).

Hardhausen 1.pinsedag 2023

Det nærmar seg pinsehelg og Hardhausen med stormskritt. Følg med på værmelding! Ha med mat og klær etter forholda. Her finn du MEIR INFO OM HARDHAUSEN

Stenging av ballbingen

Ballbingen på Jøsneset vert stengd f.o.m. måndag 22. mai. Det gamle utslitte graset skal fjernast. Underlag skal gjerast klar for nytt kunstgras utan gummigranulat. Dette skal etter planen leggjast i løpet av sommaren. Ber om INGEN AKTIVITET i bingen i denne perioden. Takk! Helsing «Ballbingefedre» og Hjelmeland IL

Ønske om å leige båtplass

Jøsnes-sida har fått ein henvendelse fra nokon som ønsker å leige ein båtplass på Jøsneset i sommar. Ein stad mellom Nesvik og Knutsvik, for ein båt på 21 fot. Dersom nokon har ein båtplass til låns kan dei ta kontakt med oss i redaksjonen (Silje, Svanhild eller Solveig, eller epost til nettside@josneset.no).   

Hardhausen 2023

Då nærmar det seg vårens vakraste eventyr – HARDHAUSEN – ei vandring frå nut til nut på Jøsneset. Og som vanleg skjer det 1.pinsedag.  Følg med på værmelding. Kle deg etter været, ta med godt lag og godt med mat og drikke  – det er ein relativt krevjande tur om du skal gå alle dei …

vår og tid for ryddedag

Snart er me i mai, og det er på tide å gje bygda og Grendahus-området ein vårpuss. Det blir tradisjonell ryddedag 6. mai klokka 11 med oppmøte på grendahuset. Me går langs vegane i bygda og plukker søppel, gir grøntanlegget ein overhaling og ordner praktiske småting. Det blir sjølvsagt tid til mat, kaffi og sosialt samvere også! …

Møte på bedehuset 18. april

Det blir møte for Normisjon på Jøsneset bedehus, tysdag 18. april kl 18.30. Talar er Aud Vihovde Hoftun. Det blir kollekt til Normisjonen. Alle er hjarteleg velkomne!

Vinnar av Påske-Quizzen 2023

   Vinnar: Rune Egeskog Spørsmåla til årets påskequizz var fordelt ut på 8 ulike postar i bygda.   Sigurd Opedal  og Rune Egeskog var dei to som besøkte alle postane, og svara………. ……på alle spørsmåla. Flott innsats, for det innebar òg ein «svipptur» oppom Norda Høgaste ! Og innsatsen viste igjen på poenglista, då dei fekk med …