Jøsneset Helselag minner om Damekveld i Trivselsstova onsdag 30. mars klokka 19.30 velkommen
Det meldes om godt besøk på turposten Brynå i påsken – over 80 stk har skrive seg inn i boka frå palmelørdag til 2.påskedag. Er det nokon av dei andre turpostane i bygda som «slår den» mon?
Sjølv om påskeferien er i gang, er det ingen grunn til å droppa torsdagstrimmen! På forespørsel stiller derfor trimgjengen i gymsalen også skjærtorsdag klokka 19.30 Velkommen nye og gamle trimmarar
God stemning på påsketrimmen mandag – heile 10 stk møtte – mon tru me snakke om rekordoppmøte? Ein ting er sikkert: Skiftudal-buen gjekk av med «seieren» ift oppmøtet – for deltakarane var 100 % geografisk avgrensa frå Bøen i nord til Skiftustrandå i sør 🙂 Men folkens! Dette kan dokke i andre grender gjerne gjere noko med …
Tradisjonen tro blir det påskefest på påskeafta i gymsalen på Jøsneset skule. JOSÈ ALBERTO ROSSO er onkel til «vår» Josè, og er ein erfaren festmusikar som har hatt stor suksess her på Jøsneset før. Det blir dessverre ikkje revy denne påsken, men det satsar me på neste år. Hald av PÅSKEAFTA – meir info her på nett …
Før du slenger deg i sofaen med rekordbillig smågodt, påskemarsipan og sjokoladeegg kan du letta litt på samvittigheten -og kanskje vekta?- med PÅSKETRIM mandag 21. mars klokka 19.30 i gymsalen Velkommen 🙂
Torsdag kveld var det UKM-mønstring (UngKulturMøtes) på Samfunnshuset på Hjelmeland. Det var kun 3 deltakarar, og 2 av dei var frå Jøsneset. Sebastian Altamirano og Ida Sværen Oaland stilde i kvar sin kategori – gitar og foto. Dermed «konkurrerte» dei ikkje mot kvarandre. Ida gjekk vidare med sin fotoutstilling, m.a av trær, blomar og ikkje minst: BobbyBøen. bravo! Innan kategori …
Torsdagstrimmen må dessverre avlysast torsdag 17. mars. Heldigvis innbyr herlig vårvær til frisk trim utandørs
Oppmøte v/skulen kl 19. Ope for alle !
Førstkomande tysdag er dagen for den årlege Fasteaksjonen. Då vil alle husstandar på Jøsneset og i alle andre krinsar i Hjelmeland få besøk av bøsseberarar som samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. I år er pengane øyremerka til å skaffa sikker tilgang til reint vatn for folk ute i verda som ikkje har …
Her er eit utsnitt frå RØFF Hjelmeland si facebookside: Madelen Langvik frå Jøsneset er ei av tre aktivitetsleiarar i RØFF Hjelmeland. RØFF er eit friluftstilbod gjennom Hjelmeland Røde Kors for ungdom mellom 13-17 år. RØFF = RØde Kors Friluftsliv og Førstehjelp. Madelen og dei to klassevenene vil saman med styremedlem i RødeKors Morten Hetland planlegge …
Mandag 29.februar var det årsmøte i Bygdarådet, med besøk av ordførar Bjørn Laugaland. Ordføraren held eit innlegg om ting han er oppteken av td aktiviteten i bygdene, vegprosjekter, fjordkryssing, kommunestruktur (som han ønskjer å behalde slik den er) og kommuneplanarbeid. Det var godt frammøte på årsmøtet og det blei vald inn ein ny person i …
Arkivfoto: Trygve Brandal – leiar Jøsneset Bedehus Tradisjonen tru orienterte Trygve Brandal om ståa for Jøsneset Bedehus på Bygdarådet sitt årsmøtet mandag 29.02. Brandal gjekk gjennom både rekneskapet og årmeldinga. Styret i Jøsneset Bedehus er stabilt og stødig og med relativt høg gjennomsnittalder. Desse er med i styret: leiar Trygve Brandal, nestleiar Kornelius Nesvik, kasserar: …
Det er mange aktivitetar som finn stad i dei fråflytta skulebygga for tida. Denne tilfeldige tysdagskvelden kom Lesesirkel-gruppå på leit etter Anne….ho skulle jo ha vært med! Hm…nokon meinte å sett henne på dansen i gymsalen, men den var jo slutt! Men, joda, Anne ho var framleis i gymsalen – men nå på taekwondo-trening!! Her øves det saman i …
Årsmelding 2015for Jøsneset bedehus Styret har hatt eitt styremøte. Påskebasaren vart halden onsdag 1. april. Sokneprest Sigrunn Hagen Arnesen skulle halda andakt, men måtte melda avbod i siste liten på grunn av sjukdom. Frammøtet var godt, og det økonomiske overskotet likeeins. Påskebasaren skaffar framleis mest inntekter til huset. I tillegg får vi ein …
http://www.youtube.com/watch?v=P4FQTHu1Fls&feature=youtu.beJøsneset er vel ikkje akkurat kjent for å vere ein skidestinasjon. Men – det er uante muligheter – om du likar å trø motbakkar ! …og dine eigne spor!! Siste søndag i februar 2016 eigna seg bra – silkeføre – skyfritt – stille ! Turen finn du på JØSNESET SITT TURSTIKART
Les meir om produkta her: ENJO og ALOE VERA Karin Tove Netland har vore på Jøsneset før – og gledar seg til å komme igjen 🙂 Det er ingen kjøpeplikt – men du får garantert gode tips for reinhald og velvære. VELKOMMEN – OPE HUS !!!Dersom du får lyst å kjøpe noko, så har ho kortterminal / ho …