Kategori: Siste nytt

Oppdatert turstikart Jøsneset

Har du sett Ellen Mari traske rundt i bygda i helga med sekk på – ja, så er det fordi ho har gått frå postkasse til postkasse med den nye, oppdaterte turstifoldaren – «Turstikart for Jøsneset – Ta turen – Jøsneset ventar på deg». Kartet er nokså likt det som blei produsert i 2004, men …

Torsdagstrim igjen

Nei, Trimmen har ikkje tatt sommarfri – det trimmes vidare også torsdag 7.juli kl 19.30, så vil du utfordre mage, armar, lår og kne – så velkommen til alle både fastbuande og ferierande !

Torsdagstrim på torsdag :-)

Denne gongen blir torsdagstrimmen rett og slett på TORSDAG –  nærere bestemt  kl 19.30 den 30.juni – møt opp !

Så blei det lys……

….og ikkje kva som helst av lys !!!! Medan Island skriv europeisk (og nesten verdens) fotballhistorie til glede for oss alle, så skriv me her på nordsida europeisk (og nesten verdens) tunnelhistorie  – òg til glede for oss alle .For som den første tunnelen i Europa blir nå Kjøladalstunnelen (den vesle nærast Eiane) opplyst v.h.a solcelle-panel .  …

«Gågruppa» tar sommar !

Jøsneset helselag si gågruppe går turar kvar tysdagskveld. Men akkurat nå har de tatt sommarferie. Starter opp att i august. Det vil komme info om oppstart på nettsida Men ingen grunn til å legga seg nerpå for det – få med deg ein feriegjest og ta ein tur ut i det grøna graset, i den frodige skogen, opp på ein …

Stille, fin jonsokaften

Tradisjonen tro – jonskok blir feira «på dagen» felles for alle i Skiftustranda. Kvelden var fin – fjorden var stille og folk benka seg til med campingstolane i ei lang rekke på kanten av frukthagen – snautt 50 – Kveldsmåltidet blei tilberedt rundt felles grill og  barna var ivrige krabbefangarar.  Premie til dei som fant …

Torsdagstrim på onsdag

Torsdag 23. juni er Jonsok, og trimmen er derfor flytta fram til onsdag 22. juni klokka 19:30. Velkommen  

Vinnar logo Jøsneset Viltlag

Vinnar av logokonkurranse for Jøsneset Viltlag er kåra – det blei den lokale deltakaren OLA SKIFTUN. Juryen i Viltlaget vektlegg at han har fått med seg kronhjorten oppunder Gunlanuten i soloppgang i solbygda, og Ola sjølv skriv at frå toppen av Gunlanuten er det utsikt over alle jaktvald på Jøsneset. Det kom inn forslag frå …

Velkommen til Jonsok!

Det blir tradisjonell Jonsok-feiring i år og – sjå plakat med informasjon her

Sjønær tomt til salgs – Nesvik

Har du ein draum om å bu på Jøsneset? Kanskje nettopp denne tomta kan oppfylle din draum? Masse info på FINN.NO

Torsdagstrimmen avlyst

Trimmen går dessverre ut denne torsdagen!!

RyfylkeQuissen – Team Hjelmeland på 4.plass

 Finale i RyfylkeQuissen gjekk føre seg fredag kveld på Sand under opning av Ryfylkedagane. 7 lag beståande av 8.klassingar frå 6 Ryfylkekommunar deltok – med 6 stolte ordførarar som tilhøyrarar. På Hjelmelandslaget stilde Kristiane Westerjø, Niklas Svendsen og Amund Thomsen. Dei vant semifinalen i mars, og kom difor til superfinalen – og der dei fekk ein fin 4.plass.Det …

Grusing på gang

To dagar denne veka blei brukt til grusing på skogsvegen opp til Fosstemmen – 103 tonn grus blei lagt ut for å gjere vegen fri for djupe hjulspor slik at regnvær ikkje skal øydelegge dei fine vegane innover heia. Det er Foss Skogsvegforening som har utført arbeidet – Foto Sven Westersjø

Bekjemp brunsneglene!

Dei brune, slimete krypa er langt frå utrydda, og små sneglar blir raskt store i det varme været! Det mest effektive middelet mot brunsneglane er Nemaslug, som inneheld levande parasitter .   Størst effekt får me når alle i nabolaget gjer ein innsats, og søndag 5. juni kl 18 blir det «snegledugnad» hos Silje Sværen. Du kan då …

Torsdagstrimmen flytta til fredag

På grunn av eit foreldremøte må trimmen på torsdag avlysast. Dei som likevel vil svetta litt før helga kan møta opp i gymsalen fredag klokka 18.30, merk tida!!

Nå è me i gong !!

http://www.youtube.com/watch?v=fKZqwrH403w&feature=youtu.be Like årvisst som sauablomen og trekkfulglane – så er òg makrellpakkingå på Skiftunkaien eit sikkert vår-og sommarteiken. I år starta første pakking 18.mai – og då med heile 13 tonn.  Her er ein god del Jøsnesbuar involvert i produksjonslinjå:  alt frå sidjenodå i fjorden – opptak og frakt inn til mottaket – og pakking …

Ny ryddeøkt ved Fosstemmen

Ryddedugnadsånda ved Fosstemmen vil ingen ende ta – denne gongen var det Foss Skogsvegforening som kalla inn til lørdagsdugnad – og dei rydda mellom anna vegetasjon langs vegen på nordaustsida av vatnet – dei gravde òg ein god del stikkrenner for vatn nedover dei brattare partia langs vegen – og fleire planar for vegen har …

SMASHING JØSNESET 2016

Lørdag 6 august vert Smashing Jøsneset arrangert igjen!  Denne gong har me invitert Leif og Kompisane Trio til å spele for oss. I tillegg kjem musikaren Ole Alexander frå Stavanger for å spele for oss utover kvelden!  Det vil bli servert god grillmat og drikke. Salg av øl og vin. 18 årsgrense. Det vil bli …

Trim av deg festkakene !

 Silje meiner det er på tide å få trimma av seg festkake-bomene frå Pinsen og 17.mai – så då blir trim som vanleg torsdagskveld kl 19.30.  Nye og gamle kake-og/eller trim-elskerar er velkomne !

Gratulerer med dagen !

Foto: Helga Havnerås Årets 17.mai-feiring blei tradisjonell – nær og kjær. Toget blei relativt «snedde» i år med færre barn og relativt få tilreisande – men det er jo kje plent kvantiteten som gjeld – men kvaliteten – og i front kjørte Vebjørn med sine blåe Ford – tett fulgt av flaggbærarane, komiteen, kommunelegen og bygdefolket – …