Kategori: Siste nytt

Stort engasjement om lokale stadnamn

Godt frammøte og stort engasjement på det nye stadnamntreffet i Trivselstova denne veka. Folk frå ulike deler av bygda møtte fram, og me tok «ei lita reis» bygda rundt på det digitale kartet på flatskjermen – og gjekk gjennom dei namna som er samla inn. Litt drøfting om skrivemåtar og ulike tolkingar av namn og kor …

Årsmøte Jøsneset Bygdaråd

Med besøk av ordførar Bjørn Laugaland – sjå heile plakaten her Alle velkommen

Måneskinnstur til Fosstemmen mand 13.feb

HJELMELAND TURLAG arrangerer fellestur til Fosstemmen mandag 13.februar. Det er to dagar etter fullmåne – så håpet er at himmelen er klar og månen skin og at snøen ligg tung. Turen startar kl 17.00 frå Foss. Ja, kanskje litt tidleg, men det er fordi turen òg skal kunne passe for barn (ja, i følgje med …

Nytt stadnamntreff – mand 6.feb

Heile plakaten finn du HER.

Fleirtal for nei til storkommune

Tysdag 24. jan 17  er for andre gong folkeavrøysting i Hjelmeland om kommunereformen. Denne gonger er spørsmålet: «Med grunnlag i intensjonsavtala: Ynskjer du at Stortinget skal vedta ein ny kommune der Forsand, Strand og Hjelmeland vert slegne saman?»  Svaralternativa på stemmesetelen er: ja/nei/veit ikkje» Endleleg oppteljing ga følgjande resultat: 488 stemmer =51,69 % NEI436 stemmer = 46,19 JA20 …

Jøsneset skule gjenoppsto

I NRK sin Klassequiz blei det 8 av 12 poeng til laget frå Hjelmeland som besto av 10. klassingane Ida, Tania og Kristof. Det holdt dessverre ikkje til finaleplass, men ein svært hederleg innsats likevel!  Dei to Jøsnes-jentene gjorde seg såpass bemerka at NRK kalla dei tre » laget frå Jøsneset skule»  https://www.nrk.no/rogaland/vi-karer-fylkets-smarteste-tiendeklassinger-1.13312490

Jøsnes-jenter i Klassequizen

10.-klassingar frå heile landet kjempar i desse dagar om å representera fylket sitt i NRK sin Klassequiz. Dei 3 beste elevane frå den lokale quizen på Hjelmeland ungdomsskule, Ida, Kamil og Tania, skal i elden i NRK lokalen ca klokka 14:20 i morgon (mandag). Sterkt at 2 av 3 er frå Jøsneset!  Me ønsker dei lykke til 

Tips for oss ferjereisande

Me bur i ei verd der ferjereising framleis er ein viktig del av vår kvardag. Det hender rett som det er at det er forsinkelsar grunna uvær oa. Då kan det kanskje vere greitt å vere obs på at det er  

Damekveld på onsdag 25/01/17

ONSDAG 25/01/17 kl 19:30 i Trivselstova Helselaget er klare for første Damekveld for 2017. Her blir det drøs og latter over ein kopp kaffi og kanskje du også har med deg strikketøyet. Me gler oss til ein kjekk kveld med mykje gode samtalar . VEL MØTT 

Helsebading vår 2017

MÅNDAG 09/01/17 startar FAMILE OG HELSEBADINGA OPP ATT. 17:30-18:30 FAMILIEBADING 0-6år (barnehagealder) 18:30-19:30 HELSEBADING  Stad: svømmebassenget i underetasjen til Hjelmeland Ungdomskule PS: DET ER EIGA BADING FOR BORN I SKULEALDER. 

Rådgjevande folkerøysting om kommunestruktur

Tysdag 24 januar kan alle f.o.m 16 år gå til stemmeurnene for å ta stilling til ev kommunesamanslåing med Strand og Forsand.På Jøsneset er stemmelokalet på Jøsneset skule – gamlebygget mellom kl 14 – 18.30Meir info på Hjelmeland kommune si nettside.Mei info og debatt på : Folkemøte på Hjelmeland samfunnshus 10 januar 2017 kl 19.30

Godt nytt 2017 frå Skiftustranda

Litt forsinka nyttårshelsing frå Skiftustranda …ja, for det er etterkvart blitt tradisjon blant nokre av jøsnesbuane å hive seg uti den friske fjorden på årets siste dag – sama koss surt og grått været er!!   9 stk stilde opp i badebukser og bikiniar og sydvestar og ullsokkar omanidom.  Denne dagen var det ikkje særs kaldt, …

ROMJULSTRIM

Gymsalen kl 19.30 – torsdag 29 desember – Velkommen til ALLE !! ..

Triveleg juleverkstad

Laurdag før jul arrangerte Jøsneset Ungdomslag for tredje år på rad juleverkstad i gymsalen, og jammen dukka det ein «bank-nisse» opp med ein sjekk på 12 000 til Ungdomslaget. Sjekken er frå gåvefondet til Hjelmeland sparebank, og skal gå til ny miksepult for lydanlegget på skulen og skap og kommode til revygruppa. 26 stk var innom …

BLI MED I RØDE KORS

  Thomas Tjeltveit i Røde Kors Hjelmeland fortel at dei  nå ønskjer å rekruttera nye redningsmannskapar. Thomas fortel: «Nordsida av Jøsenfjorden er eit satsningsområde, då vi ikkje er så mange aktive på denne sida av fjorden frå før….. Som aktiv i Røde Kors hjelpekorps vil ein stå på ein alarmplan som kan kallast ut 365 …

Juleverksstad på lørdag

JULEVERKSSTAD I GYMSALEN KL 12-15 PÅ LØRDAG 17/12/16   Hjelmeland Sparebank kjem med ein gåvesjekk til Jøsneset Ungdomsslag. Dei har søkt om midler frå bankens Gåvefond, så Kl12:00 blir det ovverrekking av gavesjekken. Jøsneset Ungdomsslag er veldig spente på kor mykje gåvesjekken er på, så kom og få med deg denne flotte førjulsgåva frå Hjelmeland …

Tania og Ida’s bygdekveld

Tania (nr 2 fra venstre) og Ida (til høgre) har eit valfag på skulen som heiter INNSATS FOR ANDRE. Det handlar mellom anna om frivillig arbeid. Tania og Ida bestemte seg for at dei ville lage til ein bygdefest for alle i Jøsnes-bygda. Som tenkt, så gjort !  Dei fekk god hjelp frå Elise til venstre og …

Førjulskos hos Mikals Laks

http://www.youtube.com/watch?v=HjRmUTy5_iMFredagskvelden var det ope hus på Mikal Laks – med utdeling av smaksprøvar på både røykelaks, varmrøykt laks, fenalår av villsau og eplesaft – pluss servering av gløgg, kaffe og julekaker. Det blei god stemning og gode juleinnkjøp blei sikra for alle som var innom. Ute var det julepynta og masse flotte juletrær og julekransar frå …

VELKOMMEN TIL :

BYGDAKVELD LØRDAG 10. DESEMBER KL 1700 I GYMSALEN – NÅ ER DET JUL IGJEN!     DET BLIR EN FULLPAKKET KVELD MED SANG, DANS, TEATER, MAT OG JULESTEMNING! BYGDAKVELDEN BLIR ARRANGERT AV IDA OG TANIA SOM DEL AV VALGFAGET «INNSATS FOR ANDRE»   VI HÅPER Å SE AKKURAT DEG