Silje Sværen fekk overrekt eit gåvekort på kr 500,- til EnkelButikken frå JØSNESET HELSELAG – som takk for at ho stiller som instruktør med musikk og program på trimkveldane kvar torsdag ! Torsdagstrimmen rullar og går slik den vel har gjort i snart to år nå – og Silje gir eit fint bidrag til dette folkehelsetiltaket …
Bygdarådet skal snart i forhandlingar med kommunen vedrørande bruk/overtaking av skulebygningane som grendahus m.m. – og ønskjer synspunkt og innspel frå bygdefolket til dette På årsmøtet i Bygdarådet blei det noko diskusjon både om overtakinga og om framtidig bruk. Det verka som om alle helst ville at bygda skal overta heile bygningsmassen, og ikkje berre …
Pensjonist-damene på Jøsneset «er kje for katten»! Uansett vær – de avlyser ikkje den faste onsdagsturen……heller ikkje idag – på sjølve kvinnedagen: Jøsnesdamene lot seg ikkje stoppa av litt sur vind og snøbyger – dei tok turen like fast som alltid. KVAR ONSDAG Kl 12.30 ! I dag gjekk turen til Hårsteinen heilt nord i …
HeiMinner om badevaktkurset ved / i bassenget på Hjelmeland Ungdomsskule onsdag 8. mars .Dette er for nye og gamle badevakter .Dette er et kurs som KUN er godkjent for bassenget ved ungdomsskulen.Nye reglar seier at det må fornyast kvart år .DETTE KURSET VIL GJELDA FOR HEILE NESTE VINTERS BADESESONG.KURSET BLIR IKKJE ANNONSERT PÅ ANNAN MÅTE …
HER FINN DE HEILE ÅSMØTEINNKALLINGA + ÅSMELDING2016
Ein turgåar har mista mobiltelefonen sin ein stad mellom Asheim og Åsland – anten på vegen eller på ein snarveg. Den er tom for batteri, og kan derfor ikkje ringast til eller sporast Dersom nokon har funnet den – vær snill å gi beskjed til Cesilie Wåland på Nauste – tlf 991 01 365 eller …
Trimmarane kom på at de har lyst på TORSDAGSTRIM likevel – så slik blir det. Same opplegg som vanleg: oppvarming, styrketreningsrundar, intervall-kondisjon og uttøyning. TORSDAG kl 19.30 GYMSALEN Silje instruktør er ikkje med, så det blir på «sjølstyr», men har musikk, program og kjører «same procedure as every time» 🙂Ope hus -alle velkomne Svanhild og Lene 😉
HER FINN DE HEILE ÅSMØTEINNKALLINGA + ÅSMELDING2016
JØSNESET BYGDARÅD hadde årsmøte torsdag 23 februar. Her finn du ÅRSMØTEREFERATET. Nytt styre har konstituert seg slik: UNNI FOSSAA – leiarRASIN TJELTVEIT – sekretærMARIT WYLLER – kasserarBRAHIM GBADA – innkjøpSVANHILD HJORTELAND – kontaktperson utlån Trivselstova/gymbygget Ta gjerne kontakt om innspel og idear. E-postar til Bygdarådet kan sendast til bygdaradet@josneset.no – desse går til Unni og Rasin.
På grunn av årsmøte i Bygdarådet torsdag blir det ikkje trim denne veka. Neste veke er trimmen flytta frå torsdag til MANDAG 28. februar, klokkeslettet er framleis 19:30
Med besøk av ordførar Bjørn Laugaland – sjå heile plakaten her Alle velkommen
Onsdag 22/02/17 kl 19:30 er det damekveld i trivselstova. Kom og bli med på ein uhøgtidleg sosial kveld saman med andre, spreke og kjekke damer. Me ventar på nettopp deg.
Nedanfor finn de arbeidskarta som hittil er klar med innsamla stadnamn. Karta blir lagt ut for at folk kan sjå gjennom det og eventuelt supplere med fleire namn. De kan zoome inn på karta slik at de ser namna tydelgare, og de kan printast ut for ev korrigeringar. Me er ikkje ferdige med alle kart; td Åsland …
http://www.youtube.com/watch?v=ewfjvwq2vKg Du finn mange smakebitar av Hilde Selvikvåg på youTube : http://www.youtube.com/watch?v=9k5T__F9P5Y&list=RDRBeRnZM8xTc&index=3
http://www.youtube.com/watch?v=XXWLQf8lb1I Her er døra høg og vid og brei – og tilbodet er åpent for kven som vil uansett form og alder. Velkommen !
Hjelmeland Turlag inviterte til måneskinnstur til Fosstemmen- men månen kom seint den kvelden så den gjekk turgjengen glipp av. Til gjengjeld fekk dei 21 som tok turen oppleva ein magsisk skumringstime på veg opp og ein fullspekka stjernehimmel på veg ned – og imellomtida gjekk radlet og historiene livleg rundt bålet i gapahuken. Meir om turen på …
Førebuingane til sommarens Smashing Jøsneset er i full gang, og programmet er klart! Her kan du ta ein første kikk på plakaten!
Info om turen til Fosstemmen mand 13 feb : Månen kjem seint, sikkert ikkje før halv 9 -9 , så den som vil få med seg den, må vere tolmodig og godt kledt. MEN: me held fast på oppmøtetidspunkt: det er meldt klarvær og fint – så me får iallefall den fine skumringstimen på veg …
<p><a href=»images/2017/Fosstemmen_13feb17.pdf» rel=»alternate»><img src=»https://josneset.no/images/2017/fosstemmen.JPG» alt=»» /></a><br /><br /><strong>HJELMELAND TURLAG</strong> arrangerer fellestur til Fosstemmen mandag 13.februar. Det er to dagar etter fullmåne – så håpet er at himmelen er klar og månen skin og at snøen ligg tung. Turen startar kl 17.00 frå Foss. Ja, kanskje litt tidleg, men det er fordi turen òg skal kunne …
Årsmøte Tysdag 7.mars kl 19:00 i trivselstova. Frist for å levere saker til styret er 22.februar. Gåver til basaren mottas med takk. Vel møtt medlemmer og ikkje medlemmer.