Kategori: Siste nytt

Lyst å bli med på eit snekkeroppdrag ?

På gymbygget er det ein lekkasje i taket, og det skal skiftast ein del utvendig kledning.  JØSNESET BYGDARÅD har fått materialer frå kommunen, men sjølve arbeidet må utførast på dugnad, sidan bygda nå skal drifte bygget sjøl.  Bygdarådet ønskjer kontakt med nevenyttige, frivillige som har lyst å bli med på denne jobben ! Ein satsar på …

Bli med på rusletur på Helgøy

KANSKJE DETTE KAN VERE ALTERNATIV TUR FOR GÅGRUPPENE OG TRIMGRUPPA PÅ JØSNESET ?? LETT RUSLETUR – PASSER FOR ALLE – KJEKT Å SJÅ KOSS LIVET PÅ HELGØY ER ! TURLAGET  HÅPAR PÅ GODVÆR OG VARME FRAMOVER SÅ DET KANSKJE BLIR LITT BLOMSTRING ÒG 

DAMEKVELD

Jøsneset Helselag minner om DAMEKVELD som vanleg – siste onsdag i mnd – altså nå onsdag 26.april kl 19.30 Det blir uformell drøs rundt strikketøy og en varm kopp kaffe ! Velkommen !!  

VÅRDUGNAD PÅ SKULEANLEGGET

JØSNESET BYGDARÅD arrangerer ryddedag/dugnad på skuleområdet lørdag 29.04  kl 09.00 – 15.00. Det blir utvask av gym.sal, Trivselstove m.m. I tillegg blir det rydding av uteområdet. Ta med bøtter, filler, spade, rive o.l. som du trur du treng + godt humør og herlig arbeidslyst   Det blir servert hamburgerar, kaffe og saft.   Den årlege …

Fantastisk påskekonsert

Påskeaften inviterte Jøsneset ungdomslag til familiekonsert med Jose Altamirano i gymsalen. Han hadde med seg «gjesteartistar» frå kulturskulen og ein ekstra gjestesolist. I tillegg lova påskeharen å stikka innom!  Jose diska opp med ei lang rekkje hits i eige arrangement. Han var innom Beatles, Leonhard Cohen, Elton John og Rolling Stones berre for å nevna nokre. …

Tausanibbå 500

Tausanibbå 500 moh er vel verdt eit besøk !! I år har du ekstra grunn til å besøke turposten her ute på kanten av Herefjellet, for Tausanibbå er ein av fleire av kulturkontoret sine  KODEJAKT -postar . Koden finn du ved turposten, og ruta opp frå Åsland er godt merka, og nå er det òg kome …

Ta vare på «Kalvagaren»

Gapahuken ved Fosstemmen er eit populært turmål, og fasilitetene der er til allmenn bruk. Då er det viktig at alle forlet staden slik dei ønsker å finna den! Det er ikkje kjekt å starta rastepausen med å rydda søppel!  Bygdarådet vil oppmoda alle som bruker området om å – rydda opp etter seg og ta …

Skjætorsdag-trening !

Påske ingen hindring – det blir styrektrening i GYMSALEN som vanleg:  SKJÆR- TORSDAG – kl 19.30.  Me kan ikkje love skulderpress med hest – med mindre Silje tar med fjordingen – men det blir vanleg styrketrening + pust-og-pes-kondisøkt og goood uttøying – Alt dette gjer godt for mage, knær, rygg, armar…..hjerte og humør .  Alle velkomne – fastbuande, hyttefolk, …

FAMILIEKONSERT – PÅSKEAFTA !!

Vår alltid like blide og gode JOSÈ ALTAMIRANO held familiekonsert PÅSKEAFTA kl 17.30 – ca 19.00  i gymsalen !! Han får òg med seg elevar frå Kulturskulen – så dette blir bra !!   KR 100,- for vaksne – barn under 16 år gratis ! PS: fleire har sett påskeharen spretta rundt oppå Herefjellet  denne veka, så …

BEDEHUSBASAR onsdag 12. april !

Bedehusbasar  på Jøsneset bedehus onsdag 12. april 2017 kl. 19.00 Andakt ved  Natalie Bjørkeland – Matsal i kjellaren – Kakeutlodning – Vanleg utlodning Vi treng som vanleg gevinstar til basaren. Alt blir teke imot med takk. Vel møtt til alle!  Bedehusstyret  

NY SKILT-KVELD ONSDAG 5.april kl 19.30

 Bli med å lage fleire skilt – Det nærme seg vår – og jo fleire me klarer å lage nå, jo fleire får me satt ut i terrenget når tur-sesongen byrjar for fullt i skog og hei!!   Det er jo veldig kjekt å sjå desse skilta dukkar opp både her og der 😉 Kontaktinfo …

Spøt og skilt i skjønn forening

Damekveldar her i bygda er kanskje ikkje som andre damekveldar – Her går spøt og skiltmaking om ein aen – Medan 2-3 stk fresa skilt i sløydsalen (med tilhøyrande bråk og fresestøv) , blei namna på skilta malte i Trivselstova – og då passa det godt å kombinere det med Helselaget sin damekveld 😉 litt …

Dine briller ?

Er dette dine briller? Låg igjen i Trivselstova – sannsynlegvis etter årsmøtet i Helselaget tidleg i mars. Kjekt å få de att? Kontakt Svanhild 97007636

Neste skiltkveld – onsdag 29 mars !!

Det blei fresa opp ein del skilt sist veke – nå er det klar for ny økt denne veka: ONSDAG 29. MARS kl 19.30 – SLØYDSALEN !!  Nye og gamle skiltmakarar velkomne ! v/ Bygdarådet 

Viltlaget lokkar med stipend

Jøsneset viltlag forvaltar hjortejakta på Jøsneset, og alle grunneigarar med jaktrett på hjort er medlemmer i laget. Laget sitt årsmøte gjekk av stabelen 15. mars. Laget disponerer 150 fellingsløyve for hjort over ein 3-årsperiode, og desse bør fordelast så jevnt som råd er med tilnærma 50 felte dyr årleg. I 2016 blei det felt 38 …

SKILTKVELD ONSDAG 22 MARS 19.30

Bygdarådet inviterer til ny skiltmakar-kveld – bli med å produser desse fine lokale stadnamnskilta.  SLØYDSALEN ONSDAG kl 19.30: Sjå HER kor kjekt det var i fjor.

Trekning frå turpostbøkene

På Jøsneset er det allereie lange tradisjonar for å ha turpostar med bøker i som folk skriv namnet sitt i når de går på tur – Dette er eit opplegg som Jøsneset Helselag har drifta i mange år, og som er ein flott stimulans til å oppsøke turmål og halde seg i aktivitet. På årsmøtet …

Trekning frå turpostbøkene

På Jøsneset er det allereie lange tradisjonar for å ha turpostar med bøker i som folk skriv namnet sitt i når de går på tur – Dette er eit opplegg som Jøsneset Helselag har drifta i mange år, og som er ein flott stimulans til å oppsøke turmål og halde seg i aktivitet. På årsmøtet …

Triveleg årsmøte – Jøsneset Helselag

Tysdag 7.mars hadde Jøsneset Helselag årsmøte i god tradisjonell stil: basar, trekning i turbøkene, helserelatert innlegg og vanlege årsmøtesaker. Ganske godt frammøte: 24 stk derav 1 mann (!) og 3 barn – så ja; Helselagsarbeid er framleis kvinnedominert !!  Cesilie Wåland held fram som leiar, og har nå med seg Anne Lise Rosså, Ellinor Mæland, …