Kategori: Siste nytt

Bedehusbasar

Andakt ved Anne Kari Øygard Dale  Matsal i kjellaren   –   Kakeutlodning   –   Vanleg utlodning Vi treng som vanleg gevinstar til basaren.  Alt blir teke imot med takk. Vel møtt til alle! Bedehusstyret  

Lars Bog – Me gratulerar !!

På den store landbrukskonferansen i i Stavanger i dag, blei LARS BOG frå Jøsneset heidra med pris frå Rogaland Landbruksseslskap !  I prisutdeling blir det mellom anna kommentert: «78 år unge Lars Bog er ein sann bygdeutviklar, både som eldsjel for si bygd og gjennom sitt arbeid med å utvikle og tilrettelegge for landbruksbaserte næringar» …

TURSTIMØTE – TRIVSELSTOVA TYSDAG 20. MARS

På Jøsneset er me så heldige å ha eit rikt nettverk av merka turstiar og flotte turmål.  Me treng frivillige til å fortsetje å passe på stiane med litt merking og klipping. Har du lyst å «adoptere» ein av stiane, så er det kjempefint   Me har òg lyst å setje opp fleire infotavler ved utgangspunkta …

Referat frå årsmøtet i Bygdarådet

Det var godt frammøte og nyttige diskusjonar på årsmøtet til Bygdarådet sist veke.  Her er ÅRSMØTEREFERATET

Smashing HANNE SØRVAAG kjem til Jøsneset igjen !!

  Set av lørdag 4.august – då kjem flotte Hanne Sørvaag tilbake til Jøsneset, og her er ei lita helsing frå henne.  Ho held konsert – open for alle !!! Etterpå spelar The Kvednabekkjers opp til dans – då blir det 18-årsgrense.   Arrangementet på Jøsneset er samordna med Sankefestivalen i Hjelmelandsvågen – så det er fleire …

DAMPEN KJEM !

DAMPEN KJEM – FOTO: SVEIN HAUGE, på midten 60-talet. Svein Hauge, oppvaksen på skulehuset på Jøsneset, var allereie på 60 talet ein glimrande fotograf. Med kameraet sitt fanga han opp både portrett og bygdesituasjonar, som han nå – 50 år etter – deler med seg på Facebook, òg på Jøsnes-Facebook. Dette bildet er eit nydeleg …

Set av helga 4-5 august – Smashing Jøsneset og Sankefestival

Set av helga 4-5 august allereie nå – då blir det fleire gode grunnar å legge helga i Hjelmeland. Det blir Sankefestival på Hjelmeland på dagtid 4 og 5. aug og SMASHING JØSNESET lørdag kveld 4 aug. Aktivitetane på Hjelmeland tilpassast aktivitetane på Jøsneset, så her blir det rikeleg høve til å få med seg …

Har du lyst å bli med på volleyball ?

Har du lyst å bli med å spele volleyball i gymsalen på skulen – startar opp tysdag 6. mars kl 19.30 – deretter kvar tysdagskveld utover.  Passer for alle frå ungdomsskulealder og oppover.Kontaktperson: Daniel Fossaa  

Årsmøte i Jøsneset Helselag onsdag 28 februar

Me minner om årsmøtet i Helselaget onsdag 28. februar kl 19.00 i Trivselstova.  Det blir vanlege årsmøtesaker, trekning frå turbøkene, ein liten tippekonkurranse, basar og mat. Det blir òg eit innslag av og om HJELMELAND TURLAG sine aktivitetar .  VELKOMMEN TIL ALLE

Ny info om årsmøtet Bygdarådet

Bygdarådet melder nå at rådmann Wictor Juul ikkje kjem på årsmøtet som tidlegare annonsert.For innkalling og info for øvrig, sjå artikkel lengre ned

Årsmelding/rekneskap for Jøsneset Bedehus

Her finn de ÅRSMELDING2017 JØSNESET BEDEHUS og ÅRSREKNESKAP201 JØSNESET BEDEHUS

Nydelege Nesvikheia

Strålande vintervær og lengre dagar gir gode muligheiter for flotte ettermiddagsturar – som her over Nesvikheia denne veka . Her er det fin og godt merka løype mellom Nesvik og skogsvegen på Foss, så dette er ein yppereleg rundtur med flott utsikt over heile bygda og heile Ombofjorden. Om ein startar frå Nesvik, så kan …

ÅRSMØTE I BYGDARÅDET 5.MARS

Velkommen til alle i bygda til årsmøtet. Her finn du INNKALLING MED SAKLISTE ,  ÅRSMELDING2017 og SKRIV FRÅ BEDEHUSTYRET  

HÆRVERK PÅ SKULEN

Jøsneset Bygdaråd har følgjande melding: Dessverre har vi hatt besøk av «ubudne» gjester på skulen. Det er putta tynne trepinnar inn i dørlåsane inn til Trivselstova og gym.salen. Låsen til Trivselstova har ein nå greidd å fikse, men den inn til gym.salen er øydelagt. Den må kjøpast ny, noko som vil koste opp mot 2000 …

Lyst å bli med i Helselaget ?

Det nærmar seg årsmøtetid. Jøsneset Helselag treng nå to nye styremedlem. Dei siste åra har det vore relativt utfordrande å rekruttere nye.  Har du lyst å bidra til til frivillig folkehelsearbeid og kjekke bidrag for bygda?  Ja, då er det veldig bra, for då kan du bli med å vidarføre drifta av dette tradisjonsrike, frivillige laget – Ta …

Nye avfallsbehaldarar ved gravplassen

Nye, fine behaldarar for restavfall og hageavfall er på plass ved gravplassen – og desse ser solide ut, så la oss håpe at ikkje vinden fyk avgårde med de nå 😉 Foto: Ellen Mari Fosså

Ny turbok på Røssenibben

Som siste av 9 turpostar, er òg turboka på Røssenibben nå bytta ut med ny 2018-bok. Det betyr at alle turbøkene 2017 klar for premiering på Jøsneset Helselag sitt årsmøte den 28.februar.  Det er flotte snøforhold i heia nå – og vel verdt å ta turen på ski til Røssenibben, sjølv om det er litt bratt …

BYGDARÅDET – ÅRSMØTE MÅNDAG 5.MARS

Årsmøtet for Bygdarådet blir måndag  5. mars. Eventuelle saker som nokon ønskjer skal bli tatt opp, må leverast Unni Fossaa eller  Rasin Tjeltveit innan 09.02.18. Sakliste blir offentleggjort etter dette.