Kategori: Siste nytt

Gunlanuten er Kodejaktpost

Kulturkontoret i Hjelmeland kommune kjører òg i år Kodejakta !  Gunlanuten er eitt av 10 turmål som det er lagt ut kodar på. Koden på Gunlanuten finn du ved sida av Jøsneset Helselag sin turpostkasse som heng på varden på toppen av Gunlanuten, 829 moh. Gunlanuten er òg sentral i arrangementet HARDHAUSEN og 3-NUTSTUR, så …

Nytt liv i Ørjans uglekasse

De huske kanskje historia frå i fjor?… om Ørjan sin uglekasse i Knutsvik – og om ugleparet Makkapakka og Hukatta som då fekk familieauke i uglekassen. Ugleparet held seg framleis i området, og òg i år har dei klekka ut egg og fått 3 flotte uglebarn !!  Og naturfotografen Ørjan følgjer med og dokumenterer det …

Koselig busstur til Udladalen og Gullingen

Eldrerådet i kommunen arrangerte denne veka busstur til Udladalen – Det var full buss med folk frå heile kommunen med, og 8 stk frå seniorgruppa på Jøsneset.  Jøsneset Helselag var med å sponsa turen for deltakarane.  Håkon Helgøy var turvert og guide, og de stoppa undervegs i Udladelen og fekk mange gode og interessante  historier.  Og …

Savna nøkkel

Unni i Bygdarådet etterlyser nøkkelen sin til gymsal/skulebygg!! Siste ho huskar til den var at den  sannsynlegvis blei lånt ut rundt vinterferietider – men huskar ikkje til kven !   Nå har ho leita hus og heim rundt, utan å finne den – Etterlyser den difor her. Kan du huske om du har lånt den? ……og …

Fin ryddekveld

JØSNESET BYGDARÅD kalla inn til ryddekveld denne veka – og 25 stk stilde opp – i eit flakse fint vær !  Langs vegane var det lite søppel, så der var det fort gjort (og det var godt, for det var vel ingen som hadde gått på kurs og blitt «godkjent søppelryddar») .   Derfor blei mesteparten …

Ryddedag 3. mai

Det blir tradisjonell ryddedag, les meir om dette her

Damekveld

Helselaget arrangerer ny Damekveld i dag, onsdag 25. april klokka 19:30 i Trivselsstova. Velkommen

Terminliste frå Jøsenfjorden skyttarlag

Vår betyr oppstart av aktivitetar på skytebanen i Jøsenfjorden, og her ligg ei terminliste for sesongen

HARDHAUSEN 2018 – 10 års jubileum !

Jippi – me på Jøsneset er stolte av å kunne inviterte til HARDHAUSEN for 10.gong !! Dette er blitt ein flott tradisjon, og folk har vandra i fjellheimen vår i strålande sol, silande regn, snødekt terreng, tørre bakkar, grauttjukk tåke og lavt skydekke – Men same korleis været og forholda har vore: deltakarane har vore imponerande smilande og glade ved målgang – …

Trivelig og tradisjonell påskebasar

Ingen påske på Jøsneset utan den tradisjonelle bedehusbasaren – og i år var det igjen fullt hus og god stemning. Salg av lodd gjekk unna, og kjekt var det, for dette er ei av dei viktigste inntektskildene for å drifte Jøsneset Bedehus. Andakt høyrer til på bedehusbasaren. I år var det Anne Kari Øygard Dale …

Ta turen til Brynå !

Turstifadder for Brynå, Ellen Mari Fosså, har vore i aksjon på stien «sin» – Det gamle skiltet var ramla ned og låg halvveis begravd under kvist og kvast, og var ødelagd. Nå er det laga nytt skilt og ruta er friska opp mellom Austad og Brynå.  Og det rette stadnamnskiltet er kome på plass ved …

Treng du egg til påske ?

Sven på Foss har høner som verp godt. Egg til salgs for kr 50 pr brett. Treng du egg, så sender du ein sms til 928 62 410.  Sven Westersjø

Volleyball og styrketrening – Torsdag

Skjærtorsdag kan du få trimma deg orntlig – viss du vil !! Då blir det både VOLLEYBALL kl 17.00 – og så blir det fast «torsdagstrim» med STYRKETRENING m/intervall  kl 19. 30. Begge treningane er i GYMSALEN PÅ SKULEN og er sjølvsagt opne for alle som vil,; både fastbuande og ferierande hyttefolk !  VELKOMMEN

Neste damekveld – onsdag 25 april

Cesilie i Jøsneset Helselag melder at neste damekveld blir onsdag 25. april   (damekveld i mars utgår altså)

Ta turen til Høgafjell i Knutsvik

Turen til Høgafjell 225 moh i Knutsvik blir belønna med ein kjempeflott utsikt vestover mot Bandåsen og Nedstrandsfjorden. Frå postkassane i Knutsvik kan du gå ei rundløype på ca 5,5 km, dels hytteveg, dels skogsveg og dels skogsti.  På Høgafjell er det turpostkasse – og nå har òg Jøsneseset Helselag turbok her, i tillegg til …

Populær påskekafè

På den internasjonale vaffeldagen – palmesøndag – inviterte Bygdarådet til kafè i Trivselstova, kombinert med opning av bibliotek på gamleskulen.   Tiltaket var populært, og det strøymde på med folk – ein fin blanding av fastbuande og ferierande påsketuristar – og mange barn og vaksne.  Over 60 stk var innom kafeen – og Bygdarådet var rause …

JIPPI – mange vil vere turstifadrar !!

Denne veka var det ei lita samling om turstiane i bygda.  Fleire hadde meldt inn på førehand at de ville ta ansvar for «sin» tursti – og fleire meldte seg ila møtet – så jippi – me har turfadrar til alle stiane på turstikartet – og litt til.  Jobben er ikkje så veldig anstrengande, for …

Kart med lokale stadnamn – Jøsneset

Det er samla inn og kartfesta fleire hundre lokale stadnamn for Jøsneset. Det er printa ut papirkart med desse namna påført. Karta er hengt opp i Trivselstova. Ta turen på kafeen på søndag (palmesøndag) – då kan du sjå karta og namna – og skriv gjerne på korrigeringar og/eller nye namn !! Sjå elles dagens …