Isen har lagt seg i det kalde vêret, og det blir meld om fine forhold for skeising både på Fosstemmen og Eiatjødna (på biletet). Det fine og kalde vintervêret skal halde seg ei god stund til, så det er berre å pakka skeisene og sikta mot ny verdensrekord.
Fleire personar var i aksjon i vindfulle nyttårshelga, og nå er alle turbøkene i låglandet bytta ! Då er det berre å setje igong å samle nye turbesøk på desse turpostane: Nesdalsfjell, Fosstemmen, Håvehammar, Brynå, Tausanibbå og Høgafjell. Turbøkene i høgheiå blir bytta når vær og føre tillet det. Også i 2023 gjekk Nesdalsfjell av …
Denne hundedressen blei funne nederst i Kringlemyrskaret på tursti inn mot Bastli. Nokon som kjenner til den? Kontakt Elsa Nesvik Altamirano 951 56 137
Har de lagt merke til kor fint julepynta det er på ferja vår MS Nesvik ? Juletre, glitter, stjerner…..Og ikkje nok med det: I anledning Luciadagen serverte matros Gunn Kleppa nybakte Lussekatter til dei reisande !! Det kallar me flott service, og noko som trøtte pendlarar set pris på !! Takk – Ho fortel òg …
Kva likar du best? Bake eller smake ?? Tysdag 5. desember kan du både bake og smake, eller berre smake ! På Jøsneset grendahus – sjå berre her: Først baking frå kl 18.00 : Ta med deg tomme kakeboksar og ein stor deig av din ønska kakesort – (gjerne òg sorter som ikkje treng steiking i ovn) – og kom …
Av og til handlar det om å vere på rett stad til rett tid. Laurdag kveld 25.nov ca kl 19.30 flamma nordlyset opp over bygda vår, mot himmelen i nord – og nett då var Hanne Tjeltveit ute, på veg heim – og fekk knipsa dette flotte stemningsbildet.Blinkskot, Hanne Tjeltveit ! Har du foto av …
Søndag 3. desember klokka 18 blir det lys på juletreet i Skiftukrossen, og nissar i alle aldrar er velkommne! Etter sang og gang rundt juletreet venter gløgg, pepparkaker og graut på Grendahuset .
Strikkekveld onsdag 29.11 kl 19.00 – Jøsneset Grendahus. Det blir litt julesteming og i tillegg ei lita overrasking til ein av dei som kjem Arr: Jøsneset Helselag
Kva likar du best? Bake eller smake ?? Tysdag 5. desember kan du gjere begge deler på Jøsneset grendahus – sjå berre her: Først baking frå kl 18.00 : Ta med deg tomme kakeboksar og ein stor deig av din ønska kakesort – (gjerne òg sorter som ikkje treng steiking i ovn) – og kom heim med x antall …
Torsdag 16. november kl 18.30 blir det møte på Jøsneset bedehus. Odd Eivind Høyvik fra «Lys Over Land» blir med som talar. Alle er velkomne!
Me har fått denne meldinga frå driftsleiar Reidar Mathiesen på Fosså: » Vi planlegger ny behandling av fisken på Fosså neste uke. Det blir en repetisjon av forrige behandling, som gav gode resultater. Oppstart er planlagt til tirsdag morgen, og vi forventer å være ferdig onsdag ettermiddag-isj.. Som alltid avhengig av at vær, vind, …
Dessverre må me avlysa den planlagde puben førstkommande lørdag Me kjem tilbake med ny pubkveld over nyttår!
Driftsleiar ved oppdrettsanlegget ved Fosså kjem i dag, onsdag 25.10, med følgande melding: Anlegget på Fosså har nå levert ca halvparten av fisken til slakt. Vi sitter igjen nå igjen med 4 merder med fisk, med et redusert antall i hver ifht utsett. Vi må behandle disse 4 merdene denne uken, og vi går …
I år går inntektene frå NRK sin TV-aksjon til Redd Barna, og temaet «La barn leve i fred» er dessverre svært aktuelt. Pengane frå årets aksjon går mellom anna til å gje barn hjelp til å handtera vonde opplevingar etter krig; du kan lesa meir om årets aksjon og kva pengane går til her. Etter …
I haust flytta Norunn Westersjø til Sand for å starta på Topp volley Norge, ein vidaregåande skule med om lag 20 timar volleyballtrening i veka. No er ho teken ut til landslagssamling med Jenter17 som skal spele 1. runde av kvalifisering til EM! – først skal ungdomslandslaget på PreCamp i Oslo 12. oktober, …
Driftsleiar ved fiskeoppdrettet ved Fosså har følgande melding: «Vi planlegger en del aktivitet på Fosså-anlegget i uke 40. Fisken begynner å bli stor, og vi skal derfor levere 3 laster inn til Ryfisk 3 dager fra mandag. Vi må også behandle de resterende merdene for lus. Dette starter vi med på tirsdag, og forventer å være ferdig innen helgen. Der …