Kategori: Siste nytt

Tid for bytting av turbøker !

Turåret 2018 ebbar ut, og det er på tide å bytte ut turbøkene. Søndag 30 januar 2018 var bittelitt for tidleg, for det gjenstod enda ein turdag av «det gamle året». Men været denne dagen var såå flott, at ein kunne nytte høvet med å få bytte ut ein del av bøkene på dei høgaste toppane. …

Nyttårsbad!!

Det har blitt ein slags tradisjon å nyta ein siste dag på Skiftustranda før året er omme, og alle er velkomne til eit FRISKT bad i morgon, nyttårsaften kl 13!!

Romjulstrim!!

Det kimer nå til ROMJULSTRIM  ….bli med torsdagskveld 27.12. kl 19.30 – Gymsalen !!

Hus med flott utsikt til leige – Nesvik !

Har du lyst å bu ein stad med nydeleg utsikt og masse sol ! Ja, då er den rette staden til leige på Nesvik. Meir info her på FINN.NO

Ikkje for seint å melda seg på nyttårsfest!

Vil du vera med på trivelig, sosial nyttårsfeiring i Trivselsstova? Meld deg på til nr 95062607!!

Ta SVIPPTUREN til Kalvagaren

Kulturkontoret i kommunen er nå ute med eit nytt turrelatert tilbod som heiter SVIPPTUREN !! Det er ein kodejakt-liknande turaktivetet som går nå i vinter/vår-halvåret, og som er små svippturar til gapahukar og liknande.  Det er 7 turmål tilsaman, og Kalvagaren ved Fosstemmen på Jøsneset er ein av turane.  På kvar turpost er det lagt …

Takk til Nauste !!!

 Då er NAUSTE på Nesvik historie.  Alle var invitert til å bli med på siste opningstimen, som var søndag kl 17 – 18.00. Så stengde dørene for godt og nå skal det ryddast ut av Nauste og klargjerast for riving.  Jøsneset Bygdaråd hadde med stor marsipankake og blomster, og takka Cesilie Wåland og Jarle Langvik …

Avslutning Nauste søndag 9. des kl 17.00

Nå må me desverre snart legge den kjente revysangen – «Nauste nepå Nesvik – der har dei møje søtt…» – på hylla. Cesilie og Jarle har annonsert at siste opningsdag på Nauste er 09. desember. Jøsneset Bygdaråde ønskjer  å invitere til ei markering av deira mange års innsats. Bygdarådet stiller med kake og Nauste med …

Bokkveld i kveld – Onsdag 5 des

Då var det første onsdag i månaden igjen, og då minner me om at det er ope i bokrommet på gamleskulen frå kl 18.00- 19.30. Velkommen inn til boklån, prat og brettspel

Nauste på Nesvik stenger dørene søndag 9.desember

Cesilie Wåland opplyser på  NAUSTE si facebookside at NAUSTE har stengde dører allereie frå 10 desember, dvs siste opningsdag er søndag 9.desember. Jøsneset Bygdaråd har følgjande kommentar til dette Her finn de òg Jøsneset Bygdaråd si uttale til reguleringsplanen.

Nå tennes tusen julelys !

Vel, det er jo sjelden me er TUSEN når noko skjer her på Jøsneset, og heller var det vel ikkje TUSEN julelys som blei tent. Men denne gongen var me i alle fall godt over 30 store og små som samlast til fakkeltog, juletretenning, sang/gang rundt treet, underhaldning på utescenen og grøt og gløgg i Trivselestova. …

Jentene inntok scenen !

  Bygdarådet hadde oppmoda folk: still med et sceneinnslag på juletre-arrangementet 1.des!!   5 jenter tok utfordringa –  og dei kjørte på med heile 3 dansenummer og 2 sangar.  I august var det Hanne Sørvaag som stod på scenen. Denne gongen var det våre heilt lokale stjerner. Jøsnesjentene hadde sjølv korografien på dansane de viste fram.  Og ikkje …

SKILTKVELD onsdag 5. desember

Denne veka var det god gang i skiltmakarverkstaden !! Gjengen var så ivrig, at det blir ny skiltmakingkveld ONSDAG 5. DES kl 19.30 i sløydsalen. Alle er velkomne. Det er veldig kjekt at desse namna lever vidare, og ikkje minst å sjå de ferdig montert ute i terrenget etterkvart. Dei skilta som er laga i …

Ny skiltkveld i sløydsalen

Me prøver igjen: NY KVELD FOR SKILTMAKING BLIR ONSDAG 28.NOVEMBER kl 19. 30 SLØYDSALEN !!

Scenen er din !! 1.desember

Bygdarådet minner om julegrantenninga 1 . desember, kombinert med opning av utescenen.  Og på dette arrangementet står sjølvsagt scenen til DIN disposisjon: alle som har lyst å bidra med eit sprelskt, rørande, høgtideleg, smågalt, morsomt, amatørmessig, historisk innslag får meir enn gjerne lov til det då !  Du kan jo lese, synge, danse, gjøgle, trylle, sjonglere, …

Trimmen flytta til onsdag

Det har blitt lite trening i gymsalen dei siste vekene, og denne veka prøver me onsdag 19:30 i staden! Velkommen til alle

Bli med på meir skiltmaking !

Onsdag denne veka var 4 stk samla i gamle sløydsalen, og produserte fleire lokale stadnamnskilt.  Denne kvelden var det Nesvikheia som «fekk gjennomgå», og etterkvart vil skilta bli satt ut i terrenget langsmed den merka løypa som går over heia der.  Det blir NY SKILTMAKARKVELD neste veke ONSDAG 14. NOVEMBER kl 19.00 – så velkommen …

Referat frå folkemøtet om ferjeplanane.

Bygdarådet har mottatt referat frå folkemøtet som var 1. nov. Bygdarådet vil sende uttale. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer å gi innspel via Bygdarådet, sjå artikkel under