Kategori: Siste nytt

Vedtekter Jøsneset Bygdaråd

Her er VEDTEKTENE FOR JØSNESET BYGDARÅD

SOMMARBASAR MED CORONAVRI

På grunn av corona blei påskebasaren på bedehuset dette året avlyst. Som kjent for dei fleste, er dette hovudinntekta vår, og inntekta går til drift av huset som bygda eig. Vi prøver no ein ny vri, og vil ha sommarbasar med coronavri.  No kan du bli den heldige vinnar av bl.a.ein sykkel, billettar til sightseeing på Jøsenfjorden …

Nydeleg tradisjonell jonsokfeiring – Skiftunstranda

Strålande sommarvær, glovarm grill, flott bål, ivrige krabbefangerar, spente fiskerar, god mat , god badetemperatur – 31 stk benka seg til i Skiftustranda i finfin koronaavstand ! Koseleg, sosialt Jonsok-treff ! Tradisjonell krabbefangstkonkurranse: Ronja fant den største og Pia fant den minste – Begge fekk gåvekort på Enkel-butikken  i premie.  Ivrige fiskerar, fekk lønn for …

TRENINGSROMMET ER OPE IGJEN !

Jippi – etter ein lang korona-pause har òg me her på Jøsneset fått lov å opne treningsrommet igjen  Rommet er ope for alle som betaler medlemsavgift og som er friske/symptomfrie. Kun inngang via garderobedør med kodelås ! Her er meir INFO OG  TRENINGSREGLAR.   

JONSOKFEIRING I SKIFTUSTRANDA

Tradisjonen tro – med litt koronavri – blir det felles jonskofeiring – les meir på PLAKATEN      

Høyring – Utvida produksjon på Fosså-lokaliteten.

Bygdarådet melder at de har fått søknad om utvida produksjonsvolum av laks på lokaliteten på Fosså på høyring. Bygdarådet vil sende ein uttale, og informerer om at dette er ei open høyring som kven som vil kan sende uttale til på eigen hand. De kan òg ta kontakt med Bygdarådet ift kva dei har gjort/meint …

Strandrydde-pengar frå Mowi

Jøsneset Bygdaråd har sendt denne meldinga: «I forbindelse med strandryddingen me hadde så va der mye tilbakemelding på kor enormt mye tau som låg i strendene. Bygdarådet tok derfor kontakt med Mowi og sendte over bilder og ba om ein kompensasjon for jobben som blei gjort av frivillige i bygda.  Mowi svarte at denå  har gått …

Flottaste utsikten – Røssenibben !

Det var varmen og romantikken som seira i årets Hardhausen på Jøsneset. Juryen falt for dette bildet av to 1.gongs-Hardhausar, ja, som første gong gjekk dei 4 nutane NordaHøgaste, Gunlanuten, Valafjell og Røssenibben. Og flott at dei ikkje berre sprang på, men faktisk tok seg tida til å sitje ned, vere til stades, nyte sola, fjordutsikten og kvarandre ! Fotograf …

Hardhausen Light 2020

Ei fantastisk pinsehelg som skapt for Hardhausar og andre hausar ! Pinseafta var det 19 stk som meldte inn løysingsordet frå dei 4 toppane, altså 19 Hardhausar. Og 2 stk melde inn frå 3 nutstur. Me oppmodar om å ta turen for topp til topp eller frå post til post ila pinsehelga. Meld gjerne inn …

Smashing Jøsneset 2020 er avlyst

På grunn av Korona-krisa blir det ikkje mogleg å gjennomføra Smashing Jøsneset i år, og komiteen har beslutta at årets musikkfest blir flytta til 7. august 2021! Artistane er dei same og stemninga blir minst like god, så det er bare å setta av datoen!

HARDHAUSEN light 2020

Alt er annleis i 2020! Også Hardhausen på Jøsneset ! Dët vil i år ikkje bli eit sekretariat eller ein felles sosial happening ved Fosstemmen, slik me pleier!  Me oppmodar likevel folk å ta turen frå post til post, og frå nut på Jøsneset.  Me strekkjer tida ut, så du kan sjølv velge å gå …

Tok kaka !!

Takk alle saman – for ein feiande flott og annleis 17.mai ! Takk for alle foto og videoar som blei sendt inn til oss !! Alle desse ligg på Jøsneset si Facebookside ! Så mykje kreativt og koselig de alle har funne på; frå griseløp til maraton-quiss, frå luftgeværskyting til eige 17.mai tog !  Fantastisk …

Gratulerar med dagen – Her er JøsnesQuissen !

Gratuelerar med nasjonaldagen 2020 ! Dagen kan gjerne starte med JØSNES-QUISSEN 2020.   Men ta deg ein pause kl 12.30 Tale ved Malena Altamirano direkte på Facebook.  OG husk premieutdeling kl 18.30 på Facebook direkte frå Trivselstova Husk at svara må sendast på sms samla til 991 01 365 innan kl 17.00 .  Lykke til og …

Velkommen til annleis 17.mai på Jøsneset 2020

17.mai 2020 kjem til å gå inn i historiebøkene som vår tids mest speseille nasjonaldagfeiring. Bygda vår er lita og me er få. Likevel vel me òg her sosial distanse og svært alternativ feiring pga korona. Men me håpar alle «blir med oss» inn i denne vakre dagen, og følgjer oss på to direktesendingar på …

Kodejakt 2020 – Røssenibben er med !

Kulturkontoret si populære KODEJAKT er nå i gang, og nok ein gong er det farting rundt i heile kommunen på 11 ulike turmål for å finne kodar, og bli med i trekning på fine premiar. Jøsneset er representert i år òg, og denne gongen med ein av våre aller høgaste flottaste toppar : Røssenibben 718 …

Tid for grønt !! Bli med !

Grøntanlegget rundt skulebygningane treng luking og vårpuss !! Bli med !! Tirsdag 5 og onsdag 6 mai – frå kl 18 – vil det vere aktivitet der, så flott viss fleire blir med – god mulighet for riktig koronaspredning i beda der !! Ta med hageredskap ! Dersom du ikkje kan dei kveldane, kan de gjerne kome …

Hald utsiktsplassen ryddig !

Bygda sin miljøstasjon er plassert på ein usedvanleg flott utsiktsplass på Nesvik v/RV13, som òg er Nasjonal Turistveg.   Då er det særs viktig at kun det avfallet som skal INN i kontainerane blir levert der. Ingenting skal stå utanfor kontainerane ! Viganeset gjenvinninstasjon er open ! Sjekk IVAR Renovasjon Ryfylke ! Skrot og avfall som ikkje …

Austadsvingen på plass !

I små bygder er det kjekt å glede seg over dei små ting  Det «drypp»ut med lokale stadnamnskilt i terrenget !  Denne gongen er det Austadsvingen som er blitt pryda med sitt eige skilt.  Ja, du veit vel at Austadsvingen er første svingen på veg opp den bratte, svingete vegen mot Åsland. Og går du …