Kategori: Siste nytt

Les om Sebastian i Strandbuen

Lokalavisa STRANDBUEN har eit koseleg intervju med platedebutant Sebastian Altamirano frå Nesvik.  Ja, me har jo hørt Sebastian sitt flotte gitarspel frå scena på Jøsneset skule, og i åra som har gått har han fortsatt med musikk !  Strandbuen-artikkelen er for abonnentar; så er du ikkje abonnent kan du lese artikkelen i papirutgåva som kjem denne …

Ryfylkepuls – kjekke innslag frå Hjelmeland

https://www.youtube.com/watch?v=7cH-x6FkDCQ Her har de siste nytt om kva som rører på seg i Hjelmeland for tida: Ryfylkealliansen si RyfylkePuls-sending er denne gongen frå Hjelmeland. Undervegs i sendinga kjem òg eit  triveleg innslag frå Jøsneset, nærare bestemt frå Mikals Laks.

Norgesmeister Tania !

Jøsnesjenta Tania Yu Auglend gjer det stort igjen !  Saman med klubbkamerat Kristian Gjersvold tok ho GULL I NM i klassisk sparring Teakwondo under meisterskapet i Trondheim 5-7 november.  Me er imponert over Tania sine prestasjonar på matta! Hjartelege gratulasjonar frå oss på Jøsneset !! Fotograf: Jostein Værnes Tania og Kristian med gullet rundt halsen …

Lokale stadnamn ut på nett !

Hei alle dykk som er interesserte i lokale stadnamn ! Det blei jo for nokre år sidan samla inn hundrevis av lokale stadnamn på Jøsneset, og desse blei plotta inn i digitale kart.  Nå har me lyst å gå eit skritt vidare, og ønskjer å få namna ut i eit nettbasert kart som heiter LOKALNAMN.NO.  Dette er …

Badefest i Kogekjellå

Vinterbade-herdinga har pågått kvar helg sidan august – og det spissar seg litt til mot vinter nå. Det blir kaldare for kvar helg.  Så nå må det feirast litt !!  Laurdag 6. november kl 16.00 blir det igjen helgebad i Kogekjellå på Foss.  Me ønskjer «gamle» og nye vinterbaderar velkomne – med eller utan badehette eller …

Torsdagstreninga startar opp igjen

Den felles torsdagstrimmen har hatt pause sidan mars 2020, men nå er me klar for trim igjen !  KVAR TORSDAG kl 19.30 GYMSALEN – start torsdag 4. november: Det blir felles trening kondisjon, styrke og gode strekkøvingar.  Silje Sværen er tilbake som instruktør som før.  PS: bildet er tatt frå opninga av trimrommet 15.februar 2020…..like …

Helselaget på Frivilligtorg

Jøsneset Helselag var representert på Frivilligtorget på Hjelmeland søndag. Det var Berit  som stilde på stand for vårt lokallag; og hadde med masse informasjon om Nasjonalforeningen for folkehelsen, lokale infoskriv og turstikart for Jøsneset.  Silje Sværen frå Jøsneset opna Frivilligtorget – Det var god deltaking og mange frivillige lag i kommunen og regionen som viste seg …

Åpning av ferjekaien på Nesvik

Tirsdag 26. oktober klokka 11 blir det offisiell åpning av dei nye ferjekaiane på Nesvik og Hjelmeland.  Åpninga skjer på Nesvik ferjekai, og etterpå blir det lunsj for inviterte gjester på Smaken av Ryfylke. Seansen varer fra 11.00 til 11.20, og alle som ønsker er velkomne til å komme.   Du kan lese meir her.   

Strikkekveld – onsdag 27.okt

Det blir ny strikkekveld igjen i Trivselstova onsdag 27. oktober kl 19.00 – ca 21.00 Alle velkomne, med eller utan strikketøy

Opning av Jøsneset grendahus

Fredag kveld blei Jøsneset Grendahus offisiselt opna av ordførar Bjørn Laugaland.   I 2020 overtok Jøsneset bygaråd driftsansvaret for dette kommunale bygget. Ein god del oppussing og oppgradering var naudsynt, og ønskjet var å gjere om dette eldre skulebygget til meir brukarvennlege lokaler. Kommunen har bidratt med midler, det er gitt tilskot frå fond, bygda har …

Informasjon fra Oppdrettsanlegget på Fosså

Det pågår denne veka arbeid på oppdrettsanlegget på Fosså (CAC Fosså). Her kjem eit informasjonsbrev fra driftsledaren der han forklarer kva arbeidet går ut på.  Brevet kan du lese her. 

Møte på Jøsneset bedehus

Søndag 24. oktober kl 11 blir det møte på bedehuset. Tale ved Aud Vihovde Hoftun frå Normisjon.  Alle er hjarteleg velkomne!

På søndag er det TV-aksjon!

Søndag 24. oktober går årets tv-aksjon av stabelen.  I år går pengene til Plans arbeid for bekjempelse av barneekteskap.  Mellom kl 16 og kl 18 vil det komme ein representant fra bygdarådet rundt med bøsse, og i tillegg vil det vere mulig å støtte aksjonen via vipps.  Lykke til med aksjonen! 

Seniorlunsj – tysdag 19.okt

Jøsneset Helselag inviterar alle seniorar på Jøsneset til lunsjsamling i Trivselstova tysdag 19.oktober kl 12.00 Fysioterapeut Asbjørg Kvame Hetleseter bir med oss for å snakke om «Kvifor fysisk aktivitet er viktig» – og visa nokre enkle øvingar me kan gjera heime. På grunn av lunsjservering ber me om påmelding innan søndag 17.oktober til Berit mob …

GRAND OPENING

Endeleg blir det åpning av det flotte, nyoppussa Grendahuset vårt. Set av datoen: Fredag 22. oktober klokka 18.  Det blir musikk ved José Altamirano, og ordførar Bjørn Laugaland skal foreta den offisielle åpninga. Me håper mange vil komme for å sjå kor flotte lokala er blitt, og for å høyre litt om korleis dugnadsarbeidet har vore. Det er …

Strikkekveld 6.oktober

Velkommen til strikkekveld i Trivselstova onsdag 6.oktober kl 19.00 til ca 21.00.Alle velkomne, med og utan strikketøy. Kontaktinfo Ellen Mari 92463675 Trivselstova

Info frå Helselaget

Infoskrivet er òg delt ut i alle postkassar på Jøsneset. Ha ein fin haust !

Nettsidearbeid

På bygdarådsmøtet i mars blei det avgjort at me skal halde fram med nettsida for Jøsneset.  Det er sidan årsmøtet gjort nokre tekniske oppgraderingar.  I kveld hadde med besøk av Lars Skipevåg, som me har supportavtale med ift drifting av sida. Dette blei ein nyttig kveld; med hjelp, råd og tips om rydding, strukturering og …

Galleri bilder

  Her er koden:    {gallery}solveig{/gallery}