Kategori: Siste nytt

Basar og årsmøte Jøsneset Helselag

Basar og årsmøte i Jøsneset Helselag Jøsneset helselag held årsmøte med basar torsdag 06.03.08 kl. 19.00 på skulen. Gåver til basaren mottas med takk! Innslag av Bjarte Sørensen (ny lege i Hjelmeland) Matøkt Innkalling med saksliste og årsmelding vert sendt ut til medlemmane 2 veker før. Arr. Jøsneset helselag Kontaktperson Jorunn Foss mob: 99638803

19.02.08 Revygjengen i full sving!!

Trudde du at Jøsneskalvane lider av skrivetørke og scene-angst?? Då må du tru om att! Gjengen frå i fjor har til og med vakse, og er blitt meir ”mannsterke”, og er nå i full sving med førebuing til viltre sprell i gymsalen Påskeafta.  Tradisjonen er eit faktum. Det blir sang og sketsjar av store og …

18.02.2008 Barnebok på Håvehammar

Nå har Helselaget samla inn alle turbøkene frå postane rundt omkring. Det blir premie-trekning frå desse bøkene på Helselaget sitt årsmøte torsd 06 mars 08. Nye bøker er lagt ut på alle postane – så nå er det berre å setja i gong ny tursesong. For å inspirere borna til turgåing, er det lagt ut …

Barnetrim våren 2008

OBS: datoane blir ikkje heilt anna kvar veke i vår, for vi har tilpassa det til barneklubben. Vi har og delt opp igjen gruppene slik dei var i fjor vår, slik at det ikkje skal bli for stort aldersprang. TYSDAG 08 JANUAR Under skulealder: kl. 17.30-18.15. Ansvar: Anne Auglend 1-4. klasse: 18.15-19.00. Ansvar: Anne Auglend …

Årsmøte Ungdomslaget

Laurd 01.mars 16.00. Årsmøte Ungdomslaget, Trivselstova Me har stadig som mål å få fleire til å kome på årsmøtet enn dei som var i fjor. Så set av dagen allereie nå. Meir info kjem. Ungdomslaget.

Trim for vaksne

Eg har blitt spurt av J.U.L om å ha ansvar for trim/trening for vaksne (frå ung.skulealder) utover våren. Det kan eg godt ha dersom det møter opp litt folk. Ser føre meg at me møtes i gymsalen klokka 20.00 dei tysdagane ungane har trim (sjå datoar nedst på arket). Kor lenge me held på får …

17.01.08 Vaksentrim og barneklubb

KLAR, FERDIG….. TRIM FOR VAKSNE OG KLUBB FOR SMÅ Ungdomslaget har nå starta på vårsesongen med barneklubb i Trivselstova. Det blir to aldersgrupper og ulike aktivitetar ca annakvar onsdag. Programmet for våren 08 finn de under Kalender. —– Elles har Ola Skiftun sagt seg villig til å ha trim for vaksne. Dette er eit kjempegodt …

Barnetrim våren 2008

OBS: datoane blir ikkje heilt anna kvar veke i vår, for vi har tilpassa det til barneklubben. Vi har og delt opp igjen gruppene slik dei var i fjor vår, slik at det ikkje skal bli for stort aldersprang. TYSDAG 08 JANUAR Under skulealder: kl. 17.30-18.15. Ansvar: Anne Auglend 1-4. klasse: 18.15-19.00. Ansvar: Anne Auglend …

07.01.08 Turbøkene frå toppane våre er henta inn!

Helselaget har fått henta inn turbøkene frå dei høgaste toppane – før snøen kjem. På den høgaste nuten, Gunlanuten, har det i 2007 vore 112 stk som har notert namnet sitt i boka. På Røssenibbå har det berre vore 13 stk, dei fleste av desse var i høve merking og oppsetting av skilt og hente …

07.01.08 Klar for ny Kalva-revy ??

Du fekk vel med deg ”Kalvaspretten” i fjor påske? Ja, dei uhøgtidelege Jøsnes”kalvane” som spratt rundt om på scenen i viltre vårsprell ? Når de har hatt mot å entra scenen ein gong, kan ein kanskje klara det igjen ?!? Og vips, så har me det me kallar ein tradisjon. Men då trengs det frivillige …

05.01.08 Dramatisk start på det nye året

Sjølve nyttårsfeiringa på Jøsneset gjekk roleg for seg i stilt og fint vintervær. Men fredag 4 og laurd 5 januar braut uværet laus for fullt over bygda – slik som over resten av distriktet. Kraftig vind i nesten eit døgn gjorde store skader fleire stader i bygda. Aller størst materielle skader blei det på Foss, …

14.12.07 Julestemning i bygda

Lefsebaksten i Trivselstova med Marta og Olga er unnagjort ! Det blei ein koseleg og nyttig kveld med denne tradisjonelle bakekunsten. Damegjengen jobba på i ett, og resultatet blei masse lekre smakebitar, og gode, mjuke lefser er nå spredt rundt i diverse heimar i bygda. Kunne du tenke deg oppskriftene? Send ein e-post til ungdomslaget@josneset.no. …

13.12.07 Jøsneset på nett

For første gong har bygda Jøsneset fått sin eigen nettstad. Gratulerar! Sida er eit samarbeidsprosjekt mellom frivillige lag i bygda. Sida er blitt bygd opp med hjelp av Norsk Plan, www.norsk-plan.no – eit lite konsulentfirma som held til på Ropeidhalvøya. Men sida skal driftas av oss lokalt. Av praktiske årsaker blir ikkje nettsida oppdatert før …

12.12.07 Ja til scene !

Under budsjettbehandlinga 12.12.07, sa kommunestyret JA til scene i gymsalen på Jøsneset ! Dermed har fleirtalet av politikarane halde det dei lovte på valkamp-møtet i september. Som kjent har Ungdomslaget garantert for inntil 1/3 av kostnadene, avgrensa oppad til 250 000,- dersom kommunen òg bidreg med 1/3. Dette gjekk altså inn i kommunebudsjettet. Eit av …

11.12.07 Adopter din eigen tursti !

Det er Helselaget som er tillagt ansvaret for vedlikehald av turstiane i bygda. Styret kan ikkje gå opp desse turane jamleg sjølv, så difor har me ”adoptert” bort stiane. Dersom flittige turgjengarar har lyst til å "adoptere" ein tursti er det kjempeflott ! Ta då kontakt med leiar for Helselaget tlf 996 38 803. Dette …

Litt Jøsneshistorie

Eldre tidJøsneset si historie kan førast fleire tusen år tilbake i tid. Det er gjort steinalderfunn i Nesvik, på Fosså og i Knutsvik, som mange andre stader langs fjordstrendene i Hjelmeland. Dei første steinaldermenneska var nomadar, men gradvis gjekk det over til fast gardsbusetnad. Vi reknar med at budde folk på fem matrikkelgardar på Jøsneset …

08.12.07 Ferja ”Hjelmeland” endelig snart på plass i rute

Eit verkstadopphald som skulle vare 14 dagar, har nå tatt over dobbel så lang tid som berekna. Ferjemannskapet opplyser at det nye bildekket på ”Hjelmeland” er på plass, og at ferja vår er ventande tilbake i rutetrafikk ila denne veka. Etter fleire veker med både ”Utstein” og ”Frafjord” – med diverse forsinkingar, dårleg komfort og …

07.12.07 Spaning kring scene-saken.

Jøsneset Ungdomslag sitt tilbod om 250 000,- til kommunen for å få realisert scene til gymsalen, blir kanskje helst velkommen i kommunen likevel. På Bygdaposten si nettside kan me lese at ordføraren uttalar at Senterpartiet går inn for scenebygget: " Ordførar Bjørn Laugaland vil ikkje seia så mykje om Sp sitt budsjettframlegg, men seier at …

07.12.07 Flott innsats av skulebarna på bygdekvelden ”Ei reise ut i verda”

Og for ei feiande flott "reise" det blei på bygdekvelden som skulen skipa til den 14.11 ! "Reiseleiaren", som var den svært så geografi-kyndige Trond Brandal, geleida oss trygt med på ei spanande "reise" gjennom 12 land i alle verdsdelar. På ein artig og variert måte gav elevflokken oss eit lite innblikk i dei ulike …

Foto – og teiknekonkurranse med tema «Min Jøsnes-sommar 2007».

Foto – og teiknekonkurranse med tema  "Min Jøsnes-sommar 2007". Ungdomslaget arrangerte foto-og teiknekonkurranse i år, og fekk inn mange fine bidrag. Me hadde ein liten utstilling i gymsalen siste helga i oktober. Spesielt kjekt var det å sjå at barna er ivrige, både med teikning/maling og framfor/bak fotoapparatet. Kåringa av beste foto og beste teikning skjedde …