Jøsnesbygda er nå påmeldt med eigen stand tilFrukt-og Laksefestival i Hjelmelandsvågen laurd 6 sept ?? Her kan me få marknadsført bygda på ein kjekk måte og lokale produsentar får seld sine produkt. Og det er allereie ein del som har vist si interesse – så dette kan bli bra ! Me kallar inn alle interesserte til FELLES …
"Eldretreffen" har hatt koselege samlingar med middag, kaffe og drøs i Trivselstova kvar 14 dag heile vinteren. Nå er det pause for sommaren, og dette markerer dei med ein felles tur i lag. Turen er organisert i privatbilar og går først til "Ryfylkebyen" Jørpeland. Her blir det sett av tid til handling, ein tur på …
Me har fått etterspurnad etter fleire Jøsnes-t-skjorter (av same typen som blei delt ut/solgt på Påskefesten). Difor har me nå fått inn eit parti til, som er KLAR FOR SALG PÅ NAUSTE PÅ NESVIK ! Så hiv deg på ei Jøsnes-skjorta: eit sprekt og anvendeleg plagg som passar både til heiaturen, tur på Nesvik-stranda, Syden-turen eller …
Onsdag 23 april var siste gongen med Barneklubb for denne sesongen. Annakvar onsdag har Ungdomslaget i vinter hatt "Klubb" for alle barna i bygda. Her har me drive på med allslags frå bollebaking og toving, til fuglekassesnekring og filmframvisning. Eigentleg skulle sesongen avlsuttast med å henge opp fuglekassane i skogen. Men ettersom alle fekk med seg kassane …
I høve Nasjonalforeninga sin Hjertedag blir det lokal markering her på Jøsneset. Tirsdag 6.mai klokka 12.00 arrangerer Helselaget i samarbeid med eldretreffen, skulen og barnehagen hjertemarsj. Turen startar på skulen og går rundt Nullen. Barna får med seg kvar sin hjerteballong som i fjor. Alle som deltar vil få frukt når dei kjem tilbake og får utdelt …
Nasjonalforeningen og helselaget i Aksdal har fått Inge Lønning til å kome å snakke om "Eldre som ressurs". Dette har han tidlegare hatt føredrag om i Stavanger. Det fekk mykje skrøyt. Sjå heile innbydinga her. Dersom fleire vil dra på dette, kan vi kanskje få til å organisere skyss. Ta i tilfelle kontakt med Jorunn …
Helselaget arrangerer fellestur til Fosstemmen søndag 01.06.08. Vi startar kl. 10.00 frå Foss. Vi går den gamle stien , og det er natursti på vegen opp. På Gapahuken et vi matpakka vår. Vi tenner opp bål dersom nokon vil ha med pølser å grille. Dersom nokon treng taktorskyss opp, kan dette ordnast. Det kjem nærare …
Bli med på ein flott tur til ein spanande plass: Ramsfjell i Jøsenfjorden søndag 20. april 2008, oppmøte ved Sildafjelltunnelen ca 10.45 Flott natur-og kulturhistorisk tur til fjellgardar i dei bratte liene over Jøsenfjorden. Ferje frå Hjelmeland kl 9.45 (via Ombo). Ca 20 min kjøring frå Nesvik. Me parkerer ved Sildafjellstunnelen (første tunnel på veg …
Nå er den store granskogen rundt Fosså-krossen i ferd med å forsvinne, og landskapet opnar seg opp. Det var den store stormen i januar som førte til at store delar av granskogen her blei øydelagd, og store tre låg hulter til bulter som eit "pinnaspel". Men nå er oppryddingsjobben i full sving. Store skogsmaskinar frå skogsentreprenørane …
Songteksten "Det e kje greitt å vera foggel i dag", blir i desse dagar gjort til skamme på Jøsneset. For nå skal det bli riktig så greitt å vere fugl i tida framover! Onsdag i denne veka var det nemlig hektisk byggeaktivitet blandt barna i bygda – for det var fuglekassebygging som stod på Ungdomslaget sitt …
Onsdag 09.04 hadde elevane på Jøsneset skule ein både travel, interessant og variert skuledag. Først på dagen fekk dei besøk av to flinke fagfolk innan arkeologi og geologi: i dag skulle elevane lære om korleis menneska hadde det i steinalderen. Det heile gjekk føre seg ute i skogen bak skulen. Her fekk elevane ein kjekk …
Sist søndag den 06.04.2008 vart det funne to gåstavar på Åsland, der det sto parkert nokre bilar. Dersom nokon saknar dei kan dei hentast ved turskiltet på Åsland.
Onsdag 16 april kl 19.00 brakar det laus med "Ombofjorden volleyballturnering" i gymsalen på Jøsneset. Då stiller lag både frå Jøsneset, Randøy og Ombo til kamp i ei lita og sosial mini-turnering. Me oppmodar folk å møte opp som publikum, både for å heie fram jøsnes-kalvane, og gjerne for å bli betre kjendt med naboar frå andre …
Har du lyst å sjå korleis barn og vaksne har det i Jøsneset Barnehage ? Tirsdag 08 april mellom 12.30 – 14.00 har du sjansen. Då blir Barnehagedagen markert, og her på Jøsneset blir det då open barnehage for alle som har lyst å kome på besøk. Dette gjeld folk i alle aldrar – ikkje …
Er du oppteken av korleis framtida til Jøsneset skule skal bli ? Då bør du følgje med i saka om organisering av Jøsneset og Jøsenfjorden skule og barnehage, og i saka om nye skulekrinsar. Desse sakene ligg nå ute på høyring, og heng nært saman. Høyringsfristen er 08. mai 08.Formanskapet behandla desse sakene første gong i møte …
Dei to siste tirsdags-treningane for vaksne (15.04 og 29.04) går ut. MEN: I stadan for blir det trening kvar onsdag kl 20.00 framover våren. Stad: Gymsalen. Det blir nok mest volleyballspeling. Dette er ein sosial sport som alle kan bli med på. Det trengs eigentleg 6 på kvart lag, og ofte er me for få. Så …
Barnetrimmen held fram ut april. Dersom været er bra kan den vere ute også. TYSDAG 01.APRIL Under skulealder: kl. 17.30-18.15. Ansvar: Anne Auglend 1-4. klasse: 18.15-19.00. Ansvar: Anne Auglend 5-7. klasse: kl. 19.00-19.45. Ansvar: Ola Skiftun TYSDAG 15 APRIL Under skulealder: kl. 17.30-18.15. Ansvar: Ingeborg Westersjø 1-4 klasse: 18.15-19.00 Ansvar: Jarle eller Cecilie Langvik …
Sjå under lag/organisasjonar på helselaget sin side for ei oppsummering av Bitte sin spanande forteljing om si tid i Libya.
No er ny postkasse hengt opp på Brynå, og alt er igjen slik det skal vere. Takk til Ellen Mari som har adoptert Brynå og som har tatt bryet med å ordne opp etter herværket i påska! Flott at folk stiller opp! Det har berre tatt ei veke å få alt på plass att. Helselaget …
Cesilie Wåland på MIXn på Nesvik melder at åpningstidene på Nauste nå framover våren blir frå 11.00 – 19.00, alle dagar. Løp og kjøp !