Kategori: Siste nytt

25.07.08 Drama i Knutsvik

Fredags kveld den 27.07.08 var det skikkeleg "action" i Knutsvik. Ein person fyllekjørte med traktor, kjørte ned ei grind og oppførte seg truande. Personar som forsøkte å stanse vedkommande vart bitt, og måtte ha legebåten for å få behandling. Vedkommande trua både fastbuande og hyttefolk før endeleg ein handlekraftig lokal helt fekk fanga personen med …

31.07.08 Møt Jøsneset på Frukt og Laksefesten

Frukt og Laksefesten i Hjelmelandsvågen nærmar seg, 6 september.  Jøsnesbygda er påmeldt med eigen stand – saman med Mikals Laks. Det er Helselaget, Ungdomslaget og Bygdarådet som saman sponsar stand-avgifta, slik at ein kan få profilert både bygda og lokale produkt frå Jøsneset. Det heile er enda litt i planleggingsfasen, men her vil det nok iallefall …

30.07.08 Send oss dine sommarbilder

Sommaren er over oss for fullt – og FOR ein sommar ! Anten det er godvær eller ruskevær, om du er heime ved huset, ute på sjøen, høgt på heia eller flatar ut på stranda – så kan det vere moro å få inn bilder frå Jøsnes-sommaren 2008.  Send de i ein e-post til oss, så legg …

Syden på Jøsneset!

Den siste tida har det vore strålande vær på Jøsneset. Og det medan mange har ferie! Badetemperaturen i Nesvik blei målt til 22 den 29.07.08. Då kan kven som helst kaste seg uti. Det er også meldt om 29 grader på land. Og natt til 30.07.08 var det tropenatt, iallefall på Åsland… Strendene på Jøsneset …

30.07.08 Merka på Herefjellet

Søndag 27.07.08 gjekk Eilef og Leif i 28 plussgrader te Herefjellet og merka løypa ferdig mellom Tausanibbå og Gauken og frå Asheimstemmen til Norda Høgaste. Dei sette og opp nokre skilt til. Så no skal det gå greit å finne fram. Det er og merka mellom Norda og søra høgaste. Snart skal stien over til …

27.07.08 Dugnadstur til Herefjellet

Frå dugnadsturen til Tausanibbå 03.09.06.           Det vert ein dugnadstur med maling og ryddesaks til Herefjellet søndag 27.07.08 kl. 10.00 frå Åsland. Vi skal bære opp noen skilt, male opp stien til Norda Høgaste og merke frå Tausanibbå til Fossmarka. Vi deler oss nok opp i grupper, ei gruppe kjem til å …

27.06.08. Lita interesse for å bygge scene

Scenetilbygget til Jøsneset skule er ute på anbod.  Innan fristen er det ingen bygg- eller gravefirma som har meldt seg som interessert i å bygge. Dette betyr at det kan bli vanskeleg å få realisert utbygginga i år.  Anbodet har vore annonsert i Bygdaposten. Teknisk seksjon i kommunen melder at dei nå sannsynlegvis må sende …

St. Hans feiring i Skiftunstranda

Måndag 23 juni kl. 19.00 blir det felles St.Hans feiring i Skiftunstranda. Så ta med grillmat, stol og varme klær og kom. Vi set opp partytelt i tilfelle det blir regn. For barna blir det krabbekonkurranse (størst og minst) med premiering, og så blir det tautrekking, for alle! Vel møtt! Bygdarådet/helselaget/ungdomslaget 

15.06.08 Scenetilbygg ute på anbud

Hjelmeland kommune har nå anbudsdokumenta klare for scenetilbygget til Jøsneset Skule. Tilbygget er på 76 m2 og bygginga omfattar både grunnarbeid med sprenging, tømmer og elektroarbeid. Så kjenner du til firma som dette kan vere aktuelt for – så tips dei om dette !!!Anbudsdokumenta kan dei få ved å vende seg til teknisk leiar Jorolv …

14.06.08. Arkitektkonkurranse på gang

Det er for tida ein spanande arkitektkonkurranse på gang på Jøsneshalvøya.  Nærare bestemt på Bassbergneset. Konkurransen er ein del av Nasjonal Turistveg si satsing på RV13, og her skal det bli ein fin raste- og utsiktsplass. Bassbergneset ligg på eigedommen til Ellen Louise og Trygve Brandal, like utanfor Bassbergvika. Når du står ute på dette …

06.06.08 Solveig og Ian fekk ein gut!!

Natt til fredag fekk Solveig og Ian ein gut som skal heite Jaden. Han var 3700 gram og 50 cm lang. Dette er gode nyheter for Jøsnesbygda, då det betyr befolkningsauke. Redaksjonen vil difor nytte høve til å seie GRATULERER MED GUTEN!!

«Villmarksaften» – AVLYST

Den annonserte "Villmarksaften" på Mo Laksegard 28 juni er avlyst på grunn av manglande påmelding. Jøsneset Ungdomslag.

03.06.2008 Flott tur til Fosstemmen

Søndag 01 juni var det fellestur til Fosstemmen arrangert av Helselaget. Det var 15 stk med stort og smått som gjekk turen, (pluss ein hund..). Været var nydelig, det var nærmere 30 grader denne dagen, men vi gikk mye i skyggen inni skogen og starta kl. 10, slik at det ikkje blei for varmt å gå. Det …

27.05.08 Sirkus Jøsneset!

Visste du at me har ein gjeng med sirkustalentar her på Jøsneset ? Fredag i sist veke ga elevane i storskulen svar på spørsmålet: Ja, det har me ! Forklaringa er som følgjer: Jøsneset skule får jamnleg eit tilbod frå Den kulturelle skulesekken (eit skuletilbod som alle skulane i Hjelmeland er med på). Denne gongen hadde skulen …

28. juni «VILLMARKSAFTEN» – obs påmelding

JØSNESET UNGDOMSLAG inviterer til ein aktiv og sosial "VILLMARKSAFTEN" på MO LAKSEGARD i Suldal laurdag 28 juni. Det blir høve til å melde seg på diverse aktivitetar og som ein "minimumspakke" blir det middag og dessert/kaffe ute ved leirbålet. Me satsar òg på kollektiv busstransport.   Les meir i vår INVITASJON og meld dykk på innan …

17-mai-bilder

17 mai på Jøsneset blei avvikla i nydeleg vår-vær og i relativt tradisjonelle former. Ikkje rekordstort frammøte, men god stemning og mange kjekke aktivitetar. Her kjem ein liten biletkavalkade frå årets nasjonaldag på Jøsneset: (klikk på bildene så får du sjå de større)                        

22.mai – møte om Jøsnes-stand til Frukt-og laks.

Jøsnes-bygda er påmeldt med eigen stand på Frukt-og Laksefestivalen i september. Har du lyst å bli med på stand? Har du idear og tips – eller kanskje eit Jøsnesprodukt du har lyst å selje? Då håpar me du vil kome på fellesmøte torsdag 22 mai kl 19.30 i Trivselstova ! Der diskuterer me organisering, utforming og …

13.05.08.JØSNESPOSTEN i salg nå !

Like sikkert vårteikn som sauablomen, er etterkvart den populære skuleavisa JØSNESPOSTEN blitt. Avisa kjem i år ut for 27. gong, og er dermed blitt eit fast og koseleg innslag på Jøsneset i mai. Dei 10 elevane i storskulen har jobba ivrig i fleire veker, og nå er resultatet klar for salg. Avisa blir trykt i ca 100 eks …

17. mai JØSNESET 2008

Feiringa startar allereie kvelden før den 16.mai kl 18.00 med Skarpskyting- konkurranse på den gamle skytebanen . Gamle og nye skytterar er velkomne. PROGRAM FOR 17.MAI-DAGEN 11.00 Tog frå Skiftunkaia til Jøsneset skule 11.30 Tale for dagen ved Svanhild Nessa,            kultur-og næringsjef i Strand kommune 12.00 Matøkt med sal av lapskaus, pølser m.m. 13.00 …

07.05.2008 Rapport frå Hjertemarsj

I nydelig vårvær ble hjertemarsjen arrangert for andre gang tysdag 6.mai. 47 spreke unger og vaksne gjekk marsjen, desse fekk pins etterpå, og var med i trekning av premiar.  Det smakar godt med vatn og frukt etter ein runde rundt "nullen".     Nokre damer frå eldretreffen sørga for himabakst til kaféen etterpå. Det smaka …