Kategori: Siste nytt

25.09.08 Strikkekveld

Datoane for strikkekveldane i haust er:  25 september kl. 19.00 køyrer vi saman til Sand og besøker strikkebutikken der. Ragnild Roaldkvam åpnar ekstra for oss og vi satsar på ein koseleg kveld der, medan vi får med oss siste nytt innan strikkefronten. Vi fyller opp bilane våre i Skiftunkrossen og køyrer saman. OBS Merk tida! …

MØT JØSNESET PÅ FRUKT OG LAKSEFESTEN

Laurdag 6 sept er "solbygda Jøsneset" nok ein gong klar for eigen stand på Frukt og Laksefesten. Vèr patriot – møt opp og støtt den frivillige gjengen som har stått på og stiller på stand for å marknadsføre bygda !!     På standen vil du finne litt av kvart om og frå Jøsneset:   – ekta, …

29.08. Ferjetrøbbel i fredagsrusjet

Fredag ettermiddag danna det seg lange køar og mykje ventande folk på både Hjelmeland og Nesvik ferjekai.  Dette skuldast tekniske problem med styringsmekanismen ombord i ferja "Hjelmeland".  Ved ferjeavgangen kl 14.15 frå Hjelmeland blei ferja fylt opp med helgetrafikk, men det tok lang tid før den vart klar for avgang; nærare bestemt 1 time og …

Volleyballtrening hausten 08

Nå er grillsesongen og latmannslivet over; nå er det på an igjen med svetting rundt volleyballen. SOSIAL TRENING: volleyball er ein kjekk og sosial idrett som alle kan bli med på.  Ola Skiftun og Sven Westersjø tek felles ansvar for opplegget utover hausten. Me byrjar forsiktig med litt grunntrening og teknikk, og så ballar det …

27.08 MIXn jobba seg til middelhavscruise

Mix-kjeden har jamnlege, landsomfattande kampanjesalg-konkurransar, og dagleg leiar, Cesilie Waaland, melder Naustet av og til på dette. I vår var dei med på dette to gonger; mars og mai månad.  Det var då om å gjere å vere best av alle Mix-butikkar i å selge mest av månadens kampanjetilbod; som då var cola eine månaden …

Turar med Hjelmeland Turlag, haust 08

Hjelmeland Turlag er eit aktivt lokallag som arrangerer mange fine turar. Ingen av haustens turar er lagt til Jøsneset – men ingen grunn til å sitje heime for det. Her er eit fint utval av turar frå øy til høgfjell: søn 24.08    Familietur til Breilandsvatnet, padling, 4-5 t,oppmøte kl 11.00 v/Vigane søn 31.08    Fottur til …

Fred 05.09 Innsamling til Romania

Kanskje du har ein del klær, sko, leiker, sportsutstyr o.a. som du ikkje brukar lengre?  Dette kan kan kome til både nytte og glede i Romania. Det vert no organisert ei innsamling til ein heil trailer som skal kjøre ned med utstyr nå i haust.  Innsamlingsaksjonen er på rein frivillig basis, og tinga kjem garantert …

18.08. Skulestart for 4 nye 1.klassingar.

Mandag 18 august var flagget heist til topps på Jøsneset skule, og klasseromma var fint pynta til skulestart. I år starta det 4 nye 1.klassingar: Vebjørn frå Fosså, Kristiane frå Foss, Celine frå Asheim og Stian frå Knutsvik.  Me gratulerer dei med skulestart, og ønskjer lykke til !  Dei skal gå saman med 2. og …

18.08. 7 guttar til Ungdomskulen. Ny Jøsnesrekord?

I dag byrja 7 staute Jøsnes-guttar på Hjelmeland Ungdomsskule !  Me undrast på om ikkje dette er eit historisk stort kull frå Jøsneset ? – iallefall beståande av berre gutar ?  Me må vel mange år tilbake i tid for å finne tilsvarande mange?  Me utfordrar våre lesarar: veit de om eit tilsvarande stort kull …

16.08 Full innsats på Aktivitetsdagen

Det er ikkje berre i Beijing det kjempast hardt om heder og ære i desse dagar. På Ungdomslaget sin årlege Aktivitetsdag kjempa både små og store jøsneskalvar iherdig om "gullet".  Arrangementet fant stad i Skiftustranda i eit strålande augustvær.   Det vart kjempa i fleire klassar: Barnehagealder: dei var med på to aktivitetar: "fyll vann …

15.08.08 Anleggsarbeid på Nesvik

Nesvik ferjekai er nå gjort om til anleggsplass. Mesta er på plass med ein stor brakkerigg og masse utstyr og store maskinar tek mykje av plassen på parkeringsplassen. Ferjelemmen skal skiftast ut m.a, og arbeida her er sett i gong. Det er imidlertidt sendt ut lite og ingen informasjon om arbeidet. Folk i bygda har …

Torsd. 28.08: Dugnad for årleg nedvasking av trivselsstova

Torsdag 28. august kl 18.00 gir me trivselsstova ein grundig vask. Me kjem til å gå over både vegger og tak, slik at me alle kan ha glede av eit fint lokale! Håpar nokon har tid til å komme. Fint viss du tar med bøtte og hanskar. Det blir sjølvsagt pause med kaffi og noko …

14.08.2008 Konkurransen gir godt besøkte turpostar

Det ser ut til at turpostane våre blir ekstra godt besøkte i år! Særleg Brynå utmerkar seg med 581 besøk pr 13.8. Mot 528 i heile 2007. På Håvehammar var det 12.8. 404 som hadde notert namnet sitt i vaksenboka og 126 namn i barneboka, mot 585 i 2007. På Nesdalsfjellet har det pr 17.8 …

Sommar på hell

Sydenstemninga er over, og dei fleste av feriegjestene er dratt heim. Det nærmar seg skulestart og frukthaust. Men flotte, vare, varme stemningar kan me enda oppleva over Jøsneset. Ta deg turen ut å sjå på kveldshimmelen:                                                                         

Sommarbilder 2008

Nokre glimt frå den deilige sommaren 08:                                                                                                     

Tors 14.08 : Møte ang Jøsnes-standen

Torsdag 14.08 kl 19.00 i Trivselstova: Møte om Jøsnes-standen til Frukt-og laksefestivalen. Ein god del er allereie planlagd; men det er framleis rom for gode idear til Jøsnes-standen. Så ta gjerne kontakt med ein i Bygdarådet, Ungdomslaget eller Helselaget – eller møt opp sjølv !

06.08.08 Stem fram Jøsneshagane!

To Jøsneshagar er med i konkurransen om finaste utemiljø. På Norsk Frukt- og Laksefest skal dei flottaste uteområda i Hjelmeland kårast. Du kan vera med og stemma fram vinnaren. Fram til 20. august er det høve til å gå inn på Bygdaposten sine nettsider og velja blant tolv kandidatar. Alternativ 4 er hagen til Olga …

Lørd 16 aug: Aktivitetsdag i Skiftustranda

Lørd 16 aug kl 14.00 arrangerer Ungdomslaget AKTIVITETSDAG for store og små, unge og gamle i Skiftunstranda. Det blir 5 ulike konkurransar og desse foregår både til lands og delvis til vanns – så ta med klær etter forholda.Her blir det beinhard kamp om den gjeve vandrepokalen "årets kvige" og "årets stut" og alle barn …

TIPS OSS !!

Som den observante www.josneset.no-brukar kanskje har oppdaga, så har aktivietsnivået på nettstaden vore litt laber nå midt på sommaren.  Dette skuldast ikkje berre at det er "agurktid", men òg litt tekniske problem, ferieavvikling og det faktum at dei lokale laga har lite aktivitetar sommarstid.  Ei anna årsak er at me i "redaksjonen" er få, og …

01.08.08 Barnefamilie på jakt etter bustad/tomt

Ein barnefamilie har kontakta Hjelmeland kommune – dei er på jakt etter både jobb, bustad/tomt – for dei ønskjer å etablere seg her i kommunen.  Kanskje me har noko ledig på Jøsneset ???? Familien er mor,far, to små barn og tredjemann på veg. Dei er opprinneleg frå Rogaland. Dei har budd nordpå, og ønskjer nå …