Kategori: Siste nytt

10.10.08 Det blir ikkje tur til Julebyen

Styret i helselaget har hatt møte og samla saman kor mange som syns det høyrtes interessant ut med tur til julebyen i Eigersund. Det var berre 6 stk som hadde meldt sin interesse for dette. Det er for lite og det blir difor ikkje tur dit. Derimot kjem vi nok til å få til noko …

04.11.08 Paal-Andrè Grinderud kjem til Finnøy!

   Tysdag 04.11.08 kl. 19.00 på Betel. Dette er verdt å få med seg! Paal-André Grinderud fortalte åpent i et tv-program i 1989 om sin tøffe oppvekst, med en far som døde tidlig og en mor som var alkoholiker. Han har mottatt flere priser for sin åpenhet og innsats rundt omsorgssvikt. Tittelen på hans første …

06.10. Flott innsats av Jøsnesbu i NM

Jøsnesbuen Joar Rosså deltok i helga i NM i saueklipping i Bjerkreim – og gjorde der ein bra debut i meisterskapssamanheng. Joar kom vidare til finalen i sin klasse, Maskinklipping Junior, og fekk til slutt ein fin 6.plass!  Joar klipte 3 lam i finalerunden, og det på tida 7 min og 1 sek ! Han …

05.10.08 Resultat frå demensaksjonen

Søndag 21.9 var det innsamlingsaksjon på Jøsneset. Bøssebærarar frå helselaget var ute mykje av søndagen. Resultatet var kjempebra! Det vart i år samla inn kr. 3.770,- og beløpet gjekk i sin heilhet til årets aksjon. For meir informasjon kan de sjå her.   

30.09.08 Jakta i full sving

Hausten er over oss med vakre fargar og flott vær – og det er jaktsesong både på elg, hjort, rådyr og  småvilt. Hjort: det mest populære på Jøsneset ser ut til å vere jakt på hjort. I fjor blei det tildelt løyve på 50 hjortedyr , og heile 45 blei felt her på Jøsneset; ein …

Helsebading kvar måndag

Helselaga i kommunen har delt på å organisere helsebading i svømmehallen på Hjelmeland i ei årrekkje. I år er det Fister sanitetsforening sin tur. Dei har no fått til at helsebadinga skal vere kvar måndag frå oktober til mai. Prisen er kr. 20 for vaksne og kr 10 for barn. Fyrste gong blir 13 oktober. …

19.09 Nytt forsøk – scene ut på anbud

Kommunen lyser nok ein gong scenetilbygget til Jøsneset skule ut på anbud !! Anbudskonkurransen gjeld bygging av scene og lager til gymsalen; eit tilbygg på 76 m2. Oppdraget omfattar grunnarbeid m/sprenging, tømmer- og elektroarbeid. Interesserte kan ta kontakt med teknisk leiar Jorolv Rivedal, 51 75 70 51 innan 1.okt Så nå folkens : kjenner du …

17.09. Rutetider i perioden 23.-25.september

På grunn av arbeid på ferjelemmen på Nesvik, vil altså biltrafikken bli leda via Jelsa frå og med tirsdag 23.09  til og med torsdag 25 september. Her er ruteplanen for den perioden:    Jelsa  Skipavik  Til Hjelmeland 07.10  07.50 08.05 09.20 10.10 10.25 11.40 12.30 12.45 14.00  14.50 15.05 16.30 17.20 17.35 19.00  — 20.05 …

14.09 Merking tursti Røssenibben

Dei falma merka langs turstien frå Bastli til Røssenibben er nå friska opp att med ny raudmaling, og stien er nå godt merka igjen ! Med eitt lite unntak: like før toppen tok malinga slutt, og siste biten på denne trasèen er difor ikkje oppfriska. Her er likevel merka både med maling og nødlingar, så …

11.09. Hurtigbåt i staden for ferje !

Me viser til tidlegare informasjon om at ferjesambandet Nesvik-Hjelmeland blir stengt frå tirsd 23 kl 06.00 til fredag 26.09 kl 05.30. Biltrafikken blir i perioden leda via Jelsa. Vegvesenet opplyste først at passasjertrafikken skulle løysast med hurtigbåt morgon og kveld.  Etter påtrykk frå kommunen har dei nå revurdert dette, og Vegvesenet melder nå at hurtigbåten …

10.09.08 Stenging av ferjekaien på Nesvik, riksveg 13

Det har nå kome eit skriv angåande stenging av ferjekaien på Nesvik. Sjå dokumentet her. 

08.09.08 Bilete av Jøsnes-stand

Det var eit kjempebra vær på årets Frukt- og laksefest i Vågen på Hjelmeland. Standen til Jøsneset synte godt att og hadde fått ei fin plassering nede på kaien, og fekk masse besøk frå folk frå land og strand.                 Den godslege kjendiskokken Frode Aga stakk òg innom Jøsnes-standen for ein liten mat-prat. Han var som …

03.09. Begrensa opningstid på MIXn rundt helga

Som kjendt har MIXn Nauste på Nesvik jobba seg til Middelhavscruise – vel fortent forøvrig – og dette får nokre små konskvensar på heimebane.  Me har fått følgjande melding frå Cesilie Waaland på MIXn: " BEKLAGER. Vi stenger nå på fredag 05.09, mandag 08.09 og tirsdag 09.09. Åpent lørdag 06.09 kl 10.00- 19.00 og søndag …

Ekstra båtskyss etter laurdagsdansen 06.09!

Frukt- og laksefest-arrangøren melder at ….. ….DET BLIR SETT OPP EKSTRA BÅTSKYSS FRÅ SANDE kl 01.30 TIL NESVIK !! Dette er altså etter konsert med Sinclairs and the Rovers kl 19.oo og påfølgjande danseaften med DI DERRE i Hjelmelandshallen !!   Bilettsal hjå Hydro Texaco Sand – Hjelmeland Sparebank – Enkel butikken – Statoil Tau …

02.09 OBS! Første volleyballtrening utsett

Pga diverse "møte-kollisjonar" både blandt arrangørane og deltakarane blir første planlagde volleyballtrening tirsd 02.09 utsett !!!  Me satsar derimot friskt på neste tirsdag den 09.09, kl 19.30-21.00. Så møt opp då i staden.  Meir info om opplegget følgjer etterkvart.

Tysdagar kl. 20 Gågruppe

Kvar tysdag kl. 20.00 er det gågruppe som helselaget i si tid starta, denne rullar og går vidare, og det er plass til mange fleire. Oppmøte ved brannstasjonen i Skiftunkrossen, og turen er på ca 1 time. Møt opp da vel, og ta trimmen i lag med andre. Går mykje fortare når ein har nokon …

29.08.08 Interesse for tur til Julebyen i Egersund?

Dersom det er interesse for det har helselaget lyst til å arrangere ein tur til Julebyen i Egersund lørdag 6 desember. Vi leiger då inn buss. Sjå www.julebyen.no Det er og ein keramikkverkstad vi kanskje kan besøke, www.egersund-terracotta.no , og det kunne vore koseleg å ete mat i lag der. Dersom ikkje interesse for dette nå, …

19-21.9 Demensaksjon 2008

Helselaget kjem til å ha bøsseinnsamling på Jøsneset i høve årets demensaksjon i løpet av helga 19-21.9.   Årets tema – TRYGG MED DEMENS Følelsen av trygghet er individuell, og varierer fra person til person. Mange opplever å miste fotfeste i tilværelsen når demens rammer, og hverdagen kan preges av bekymring, usikkerhet, angst og forvirring. Av og …

Eldretreff våren 09

Datoane for våren blir: torsdag 15.januar – og forsetter 29.januar – 12. og 26. februar – 12. og 26. mars  Hugs påmelding til Olga Hjorteland tlf. 51 75 19 47 /47 60 19 62. Det har vore jamlege treff annakvar torsdag kl. 10.00 på Trivselståvå i heile haust. Det er blitt servert god middagsmat og dessert frå Hjelmeland Omsorgsenter, …

Barnetrim vår 09

Den 14.01.09 startar barnetrimmen opp att etter jul. Anna kvar onsdag framover. Det blir først barnehagealder frå kl. 17.30 – 18.15, så småskulen frå 18.15-19.00. Storskulen er frå kl. 19.00-19.45. Datoar og kven som har ansvar for barnetrimmen for våren finn du her.