Tysdag 24. mars kjem Odd Harald Olsen til Trivselsstova for å fortelja om utvandringa frå Hjelmeland – og Jøsneset – til Amerika Unge og gamle er velkomne til Trivselsstova 19.30. Kven var Ryfylkingane – og Jøsnesbuar – som reiste til Amerika? Det blir sjølvsagt tid til kaffi, litt mat og ein god drøs!
Søndag 29.03 – fellestur til vakre Natlandsnuten Meir info finn du HER. Arrangør Hjelmeland Turlag.
I ein stolen bil frå Suldal tok ein kar seg sørover mot Jøsneset tidleg søndag morgon, men bilen stansa rett før han kom til bygda. I Nesvik stal han seg då ein ny bil – på lyse morgonen . Men trur du han tok ryming? Nei, i den stolne bilen kjørte han vidare til Åsland !! .Der gjekk han …
Siste torsdag i mars, den 26.03.09, blir det damekveld igjen på trivselståvå. MERK at tidspunktet blir endra for denne gongen: kl. 19.30! Denne torsdagen kjem Ellen Louise Eiane Brandal og Zakia Kassimi frå Algerie. Det blir mulighet til litt drøs og kulturutveksling denne kvelden. Vel møtt adle damer! arr. Helselaget ved Berit Skiftun tlf 51751993
KALVAGAREN ligg nå helst i fred og ro i det snødekte landskapet oppe ved Foss-stemmen nå på denne årstida. Berre hjortane så kosar seg rundt nåvene der nå. Men likevel……akkurat nå er KALVAGAREN kome i fokus. Iallfall på Ryfylkesidene www.ryfylke.no. Ta ein tur til sidene å sjå vel !Der får du kortvarianten av historia om koss …
FOLKEVEKST PÅ JØSNESET Fossdalen er vel den grenda på Jøsneset som har opplevd aller størst prosentvis folkevekst dei siste fem åra. Og statistikken peikar stadig meir oppover : Ingeborg og Sven fekk jente nr 3 i går !! Me gratulerar familien og gledar oss stort over folkeveksten i bygda !!Den stolte far sender stafett-pinnen vidare……………nokon som tar …
Jøsneset helselag har registrert seg i frivillighetsregisteret, og kan dermed motta grasrotmidler frå Norsk Tipping. Dersom du skal tippe og vil at lokalmiljøet skal få din andel tilbake, bør du nytte deg av høvet til dette. Vi håpar mange vel Jøsneset helselag som mottakar av desse, då det er med på å støtte det viktige …
På årsmøte i Jøsneset helselag den 02.03.09 vart vinnaren på toppturkonkurransen trekt. Det var 22 deltakarar i trekninga som alle hadde gått til alle 8 turpostane i løpet av 2008. Premien var ein flott Hadeland krystallvase med logoen til Nasjonalforeningen for folkehelse på, og i tillegg var det gravert inn "Vinnaren av toppturkonkurransen 2008. Jøsneset …
Torsdag 12. mars kl 19.30, Trivselstova, Årsmøte i Bygdarådet, I tillegg til vanlege årsmøtesaker vil temaet NY GIV FOR AUKA BUSETNAD bli drøfta.Så her er det rom for "hjernestorm" og diskusjon Årsmøteinnkallinga kan du lese her. Og Bygdarådet si årsmelding for 2008 finn du her.
Søndag 01.03.09 kl 17.00 er det styremøte i Ungdomslaget, Trivselstova. Me skal mellom anna setje opp årsplan for 2009. Er det nokon som har innspel og tips til oss om kva me kan finne på utover året, så ta gjerne kontakt. Svanhild H Gbada, 97 00 76 36 eller ungdomslaget@josneset.no
Fredag 13.02 hadde Jøsneset Ungdomslag årsmøte i Trivselstova. Dei siste åra har det vore dårleg frammøte; mest skulda at me har møta ein helgedag pga pendlande ungdom. Men i år var det bra frammøte – noko som kanskje skuldast at me hadde eit kjekkt thai-mat-kurs i forkant av årsmøtet. Ekstra kjekkt var det at den …
Styret i helselaget har på styremøte blitt enige om følgande for 2009: Det blir toppturkonkurranse også i 2009! Dei som har gått på Gunlanuten, Røssenibben og Herefjellet (Tausanibbå) kan være med i trekninga neste årsmøte i 2010. Dei må kjøpe ei turdagbok på Naustet for 50 kr og levere den inn til styret innan 01.12.2009. Helselaget …
Fysioterapeut Johs Van Langen stiller på årsmøtet til Jøsneset helselag for å snakke om trening. I tillegg skal vi ha trekning av vinnar i toppturkonkurransen 2008! Det blir og basar som vanleg, vi set stor pris på gåver til basaren! Så sett av datoen 02.03.09 kl. 19.00 til å komme på årsmøtet til helselaget. Innkallinga …
Fredag 13.02 hadde me besøk av Siranee Viken som driv Siranees Thaimat på Hjelmeland. 17 matglade møtte opp, og kokkelerte samane med Siranee, som gladeleg dele om seg med thailandse mat-tips. "Milliliter-oppskrifter" finns ikkje i thai-kjøkkenet, ifølge Siranee. Det viktige er å kunne litt om ingrediensene og smakstilsetningane, og så er det berre å hakke i …
Søndag 15.02 var det duka for UKM (Ungdommens Kulturmønstring) i Kulturhuset på Sand. Her deltok 4 Jøsnes-guttar. Ein av dei; Jone Hjorteland gjekk vidare til Fylkes-mønstringa saman med Bands of Brothers. Det blei ei kjekk og variert framsyning av 8-9 deltakarar frå Suldal og Hjelmeland; frå klassisk fiolinspel, til flott dans, hard-rock og stand-up-komikk. …
Frå og med mars 2009 blir det ein ny ordning i Norsk Tipping som medfører den som tippar kan velge å i gi 5 % av tippesummen til ein lokalt lag . Denne ordninga er kalla GRASROTANDELEN. Det inneber at den som tippar får opp valet om ein ønskjer å støtte eit lokalt lag med …
Jøsneset barnehage har kunst som tema denne vinteren, og nå er det finfin kunstutstilling i salongane på ferja. Nå kan rundturane om Ombo få ein ny dimensjon – du kan kombinere dei med ein liten kunstvandring frå salong til salong.Så ta turen ut av bilen under overfarten, og studèr alle dei fine verka. Barna i …
Ungdomslaget sende sist veke ut eit infoskriv i alle postkassar på Jøsneset; som m.a. omhandlar finansiering av scenen og sceneutstyret, og kva me ser for oss at me treng for å få scenen klar til bruk. Infoskrivet finn du her. Som det går fram av infoskrivet ønskjer Jøsneset Ungdomslag å bidra med meir midler til dette …
Hjelmeland Bygg var på plass første veka i februar, og nå er scenetilbygget i ferd med å reise seg. Ser ikkje ut som kulde og slaps i februar stansar karane frå Hjelmeland Bygg. Dei snekrar i veg og er blide for det – og nå kan ein alt sjå konturene av korleis bygget kjem til å …
Nå er finansieringa på plass og bestillinga sendt – så NÅ BLIR DET BALLBINGE-BYGGING TIL VÅREN !! Det blir travelt rundt øyrene til rektor Rasin denne våren: scenebygging på eine sida, og nå blir det jammen ballbingebygging på andre sida av rektorkontoret. Men rektor sjølv smiler bredt (som vanleg) – og er klar for alt …