Som nemnd i tidlegare artikkel har me hatt Grand Opening på Jøsnesets Nye Scene – ein fantastisk fin bygdefest der talent etter talent trilla fram utpå scenekanten…utruleg kva den vesle solbygda fostrar Me etterlyste foto, og her er eit lite knippe innsendt av Lene Hjorteland og Jorunn Foss: peik på bildet for å få tekst, …
Den 10 oktober kl 13-16.00 blir det slaktekurs på Jøsneset. Instruktør er Joar Rosså, som er slaktar hjå Nortura. Det blir slakting av lam, evt hjort viss du er så heldig at du har skote same dag.. For meir informasjon, klikk her.
Det er Jøsneset Helselag sin tur til å arrangere helsebadinga i år. Det blir oppstart etter høstferien. Helsebadinga vil vere kvar måndag i perioden oktober til april. OBS! Merk at det er ny tid, dette bl.a. for at det skal passe betre med ferjene for oss på nordsida. Småbarn med føresette kl 17.30-18.30 Helsebading …
…Hjelmeland lørdagskveld.Det blir sett opp ekstrabåt dersom nok interesserte….. Dans – Hjelmeland IdrettshallÅsmund Åmlid Band Lørd 26 sept – 21.00Happy Hour kl 20-2100 Dersom det blir eit visst antall interesserte, blir det sett opp EKSTRABÅT OVER TIL NESVIK etter dansen er slutt ca 01.30.Pris etter antall interesserte, men sannsynligvis ikkje over kr 150. NB: Send ein sms til …
I løpet av helga 25-27.9 vil vi i helselaget komme rundt for å samle inn penger til årets demensaksjon. Det innsamla beløpet vil uavkorta gå til Nasjonalforeningen for folkehelsen. Bidrag til Demensaksjonen er en støtte både til de som har demens og deres pårørende. I år er det tiende gang Nasjonalforeningen for folkehelsen arrangerer bøsseaksjon …
Bygdarådet og Ungdomslaget inviterte sist helg alle ungdommane frå bygda mellom 18-35 år til "kafe-treff". Heile 15 stk møtte opp – dei fleste bur i byen nå. Kva skal til for at du skal flytte him til Jøsneset?Kva kan me gjere for at bygda skal bli meir attraktiv for ungdom/småbarnsfamilar? Dette var tema som blei …
laurdag 12.sept blei den nye scenen på Jøsneset opna med brask og bram. Mellom 130-140 gjester benka seg saman i "storstova" denne kvelden. Kulturleiar i kommunen Eldfinn Austigard overbrakte dei offisielle ord i samband med opninga, medan Jone Hjorteland "gjorde jobben" og klippte opp den sorike fana: dermed opna òg sceneteppet seg opp !! Det to …
Fredag 25, sept mellom kl 16.30 og 17.30. Inger Apeland frå Suldal er ei aktiv dame som årleg organiserer innsamling til Romania. Ho tek imot klede (heile og reine), ulltepper, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, garn, stoff, leiker – ja, alt mulig…..til og med briller (men då må ho få dei "rett i handa"). Pakk tøy i doble …
"Kort og godt" kjem for å halde kortkurs på damekvelden siste torsdag i oktober. Gro Tjeltveit er kurshaldar denne kvelden. Vi vil lære å lage 3 forskjellige kort. Kurset kostar 300 kroner per person. Dersom du ynskjer å vere med på eit kreativt og sosialt kortkurs, melder du deg på innan ei veke før, til Berit …
……"Min Jøsnes-sommar 2009" er nå kåra: Vinnaren blei LISE TJELTVEIT med det nydelege motivet "Sure bær!" Juryen berømma fotografen for å ha klart å "fange øyeblikket", fått ein god komposisjon, i tillegg til fullt ut å oppfylle kravet om "sommarstemning" ! Kåringa fann stad på sceneopningsfesten laurd 12.sept, og premien var eit gåvekort på Profil …
Boka på Fosstemmen har blitt våt og ødelagt. Den blei derfor tatt inn sist helg. Den er tørka og lagt opp att. Det vil bli lagt opp ei ny bok snart. Helselaget
Vi kjem tilbake med meir informasjon når datoane og ansvarsfordeling er klart. Helselaget
Nasjonalforeningen for folkehelsen (NFF) har sendt ut et forslag til nytt handlingsprogram for perioden 2010 til 2014. De har lagt opp til ein brei prosess, der heile organisasjonen skal få uttale seg. Dette inkluderer også medlemmer. Styret i Jøsneset helselag jobbar for tida med ein høyringsuttale, blant anna er vi ikkje enige i at temaet "barn og familiar" …
Damekveldane startar opp att for hausten. Kl 20.00 i Trivselståvå. Alle er velkomne. Det blir kaffi og drøs. Tema for denne kvelden blir brannvern og sikkerhet. Jostein kjem for å snakke litt om temaet, som er høgaktuelt når vi nå går inn i høgsesongen for brannar. For ordens skyld inviterer vi også menn, slik at …
Sjå "plakaten" her!
Fristen for å sende inn sommarbilder er nå ute.Me mottok 26 fine bilder. Nå skal juryen setje seg samen; det blir nok ei vekes jobbing for å kåre vinnaren i denne knivskarpe konkurransen. Premiering skjer på sceneopningsfesten laurdag den 12.09.09
Sceneopningsfesten nærmar seg med stormskritt, og planlegginga pågår for fullt. Me har fått følgjande pressemelding frå "ung-kvigene" i byen: " Dei midlertidig utflytta kvigene har ikkje låge på latsia nå på seinsommaren. Uten å røpa for mykje kan me lova at det blir lått og løye, konkurranse og verdenspremiere på sceneåpninga. Der er monge uoppdaga …
sønd 30.08 har Hjelmeland Turlag fellestur til Ombo. Ferda går då til ein stad du kanskje aldri har vore før??Dette er ingen topptur – men ein tur langsmed sjøen. Det blir kulturhistorisk tur til Røygjanes. Ta ferje til Ombo. Oppmøte på Alvaskjær/Bergeland ca 10.45-11-00. Turen går på god sti langs sjøen via Bandura til Røygjaneset. …
,,,,, ORNTLIG "HELAFTEN" PÅ JØSNESET. Showet startar kl 18.00 . men held på til langt på nattOffisiell opning av scenen + all slags underhaldning, talar, musikk, komikk, song, kåseri mm.Orføraren kjem òg – kjem du ?? Barn og ungdom vil garantert setje sitt preg på kvelden: barnehagen deltar, små- og storskulen, kulturskulen, ungdomsskulen …..og dei …
HEI ALLE JØSNESKALVAR I ALDEREN 18-35 ÅR !! VELKOMMEN TIL UFORMELT TREFF !KVA TRUR DU OM JØSNESET SI FRAMTID ? Laurdag 12. september inviterer me Jøsnesungdommar mellom 18-35 år heim til bygda på uformelt ungdomstreff !! Jo, for me som bur her bryr oss om bygda si framtid, og me bryr oss om kva de …