Kategori: Siste nytt

21,11 Monsterregnet uteblei her

Det varsla monsterregnet "gjekk av i ligaste lajet" her i bygda,,,,iallefall hittil.  Det blei ikkje så mykje som varsla for torsd/fred. Meldingane gjekk ut på 5-10 årsflaum, men ifølge målestasjonen vindkast.no utanfor Fosså er det kome "kun" 56 mm det siste døgnet. Sør-Fylket derimot har fått sin dose, og det er flaum i Egersund, sjå …

20.11 Felles Bygderådsmøte med kommunen

11.november blei det årlege Bygderådsmøtet avhalde i Kommunestyresalen på Hjelmeland. Her blir altså alle Bygderåda i alle grender invitert til eit felles møte med kommuneleiinga. Formålet er gjensidig informasjon: Kommunen fortel litt om aktuelle saker, medan dei enkelte bygdaråda får informere om sine aktivitetar gjennom året samt ta opp saker dei meiner er viktige for …

16.11 Monster-regn i vente !

NVE har sendt ut flaumvarsel frå og med torsdag 19 nov !! Og Ryfylke får visstnok sin del av dosen; kanskje opp mot 200 mm frå torsdag til fredag kveld !!  Med sommarflaumen friskt i minne: sjekk takrenner, stikkrenner og grøfter og hald avløpsveier opne for å unngå skader. Les meir om dette hjå NVE,  Strandbuen og NRK …

10.11 Melding frå Mix`n på Nesvik

Cesilie på Nauste Mix`n på Nesvik melder at Mix`n er stengt tirsdag 10 nov og fram til kl 15.00 onsdag 11.nov.Onsdag er det altså åpent frå 15.00 – 19.00. Men deretter er det vanlege opningstider igjen!   PS; redaksjonen beklagar at meldinga kom litt seint ut  🙂

08.11. Uttale frå Bygdarådet om vegnamn

Adressering på Jøsneset Jøsneset bygdaråd har det siste året, i samarbeid med Eldfinn Austigard, arbeidd ein del med adressering på Jøsneset. Vårt første forslag var at adressene tok utgangspunkt i dei namna som var knyta til gardsbruka, som i bygdaboka. Dette blei det orientert om på årsmøte til bygdarådet. Etter samtaler og brevveksling med bygdarådet, …

06.12. Tenning av julegrana

6. desember klokka 1600 tenner me julegrana foran brannstasjonen. Det blir song og gang rundt treet, gløgg og pepparkaker. Me startar med fakkeltog frå Skiftunkaien    

08.11 Julegåve til Ungdomslaget eller Helselaget

Eit flott julegåvetips som du kan gi til dine frivillige lag: 5 % av alt du har tippa for i 2009 kan på ein rask/enkel måte gå til Ungdomslaget eller Helselaget – utan at det kostar deg noko !! Både Jøsneset Ungdomslag og Jøsneset Helselag er registrerte i det nasjonale Frivillighetsregisteret og er godkjende GRASROTMOTTAKARAR.Det …

21.11 Maleworkshop til musikk

Hei alle tenåringar i ungdomsskulealder !!Lørd 21.11 dagtid kan du bli med på ein artig maleworkshop. Kunstnaren Anita Jakobsen bruker musikken som inspirasjon til malinga – og ho er kjendt for å vere veldig dyktig instruktør.Så har du lyst å uttrykke musikken din på papiret, så er dette staden for deg: Tid, stad, opplegg, pris mm finn du …

14.11 Artig figurteater og kafè

Møt Baron Lasaron i artig førestilling av Skromlehjulet Figurteater…..men først blir det kafè   Kulturhaust Ryfylke og Hjelmeland kommune v/ Kulturkontoret set laurd 14.11 kl 15.15 opp den spanande førestillinga: BARON LASARON av Skromlehjulet Figurteater. Dette er eit proft figurteater frå Stavanger, og denne dagen viser de forestillinga om Baron Lasaron som vil ut i …

03.11 Ombygging Hjelmeland ferjekai

Igjen blir det ombygging i ferjesambandet. Nå er det ferjelemmen på Hjelmeland som skal utvidast.  Dette får ulemper for deg som reisande i nokre dagar : Anleggsarbeidet vil etter planen skje i veke 50 (7-11 des). Dette kan bli endra – vil i såfall bli annonsert 3 veker før.Stengningsperioden er planlagd å vare i 3 dagar og …

01.11 Alt om Jøsnesværet

Er du ein av dei mange som er interessert i været; både om korleis det blir og korleis det har vore. Husk at du kan følgje med på alle detaljar om Jøsnes-været på den web-baserte værstasjonen som står utplassert på oppdrettsanlegget utanfor Fosså. Værstasjonen har fått namnet Jøsneset og ligg på www.vindkast.no.Linken til sida ligg …

01.11 Saknar du ei grafse?

Etter ballbinge-dugnaden i vår fekk me med oss heim ei grafse for mykje. Kanskje den er din ??    Den ser slik ut: Ring 97 00 76 36 så skal du få den att…….(bedre sent enn aldri:-))Svanhild

30.10 Utsiktspunkt Bastbergneset

Nå skjer neste steg mot realisering av ny utsiktsplass ved RV 13, Bastbergneset i Jøsenfjorden: det er nå varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for området. I 2008 var det ein stor arkitektkonkurranse på gong for unge norske formgiverar, og det gjekk ut på utforming av raste/utsiktsplasser langs Nasjonal Turistveg. Den eine konkurransen dreide seg om utforming …

27.10 Asfaltering pågår

Asfaltbåten kom til Skiftukaien natt til mandag, og etter det har asfaltgjengen jobba frå morgon til langt på mørke kvelden.Det er i hovudsak Åslandsvegen som blir oppgradert, og nye partier blir asfaltert der vegen har vore dårleg i lengre tid. Det er òg blitt lagt asfalt i div private tun/gardsrom, så nå blir bygda så …

23.10 Kjekk FN-kafè på skulen

Tradisjonen tru, så arrangerte Jøsneset skule og barnehage FN-kafè med basar i tilknytning til FN-dagen. Dette klaffa då i år på fredag den 23.oktober. Alle barna både i barnehage og skule hadde førebudd denne dagen: Barnehagen selde sjølvtørka epler som var knaskande gode. I tillegg hadde dei "butikk" der de selde mange fine FORUT-produkt. Skuleborna …

22.okt Vakker haust

. SEND OSS DINE HAUSTMOTIV på ungdomslaget@josneset.no   Dei to første bildene er sendt inn av Sigurd Opedal, og er tatt på Åsland i begynnelsen av oktober. ________________ Mange stille, klare dagar og naturen kledd i sine finaste fargar. Frukthausten er på hell, og soppsankinga like så. Nytt og nyt dei siste dagane av oktober ute …

22.okt Klar for asfaltering

Vegen opp til Åsland har lenge vore i dårleg stand, med mange stygge hol undervegs. Det er ikkje heile vegen som blir reparert, kun dei dårlegaste partia oppover. På desse stadene har kommunen fjerna gammal asfalt, foretatt grunnarbeid og klargjort for asfalteringa. I neste veke kjem asfalterings-maskineriet, så då må ein rekne med periodevis stengt vegbane. Det er …

18.10 Utvida hjortejakt på Jøsneset

Me er midt inni det som er årets "høgtid" for hjortejegrane. Naturen står kledd i dei vakraste fargar – og det har alt vore mange fine jaktdagar i år. Nytt for jaktåret 2009 er at jakttida for hjort blir forlenga 14 dagar, altså fram til 29.november 2009. Det er Jøsneset Viltlag som har søkt om …

Jøsneset i 1 pluss !

I midten av september fekk Jøsneset eit gledeleg 1 pluss i folketal. Denne gongen var det Skiftu-grenda som gjekk eit positivt hakk opp i folketalstatistikken: Ola og Lene fekk ei finfin jente !! Me gratulerar foreldre og familie forøvrig !

23.10 FN-kafè og basar

Jøsneset skule og barnehage har tradisjon på å markere FN-dagen. Òg i år inviterer dei til KAFÈ OG BASAR på Jøsneset skule, gymsalen.Dette skjer som vanleg på DAGTID i skuletida Fredag 23. oktober, Kl 12.30 – ca 14.00. På programmet står det – sceneopptrinn av elevane og barnehagebarna!! – basar til inntekt for to fjernadoptivborn …