Håper så mange som mogleg har satt av datoen 10. mars. Då er det nemlig årsmøte både for bedehuset og for bygdarådet.Møtet startar kl 18.30 på Grendahuset. Fint om dei som har tatt vare på papira som blei sendt ut i posten tek desse med. Det har ikkje komt innspel om «store» saker til …
I strålande vårvær kom det i dag to heilt nye typer sider for salg på Eiane gard. Jon Eiane Brandal kunne vise fram første årgang av Fyndig og Brist. På bildet ser du han med blomar som han fekk fra Bygdarådet. For meir informasjon om alle produkt og tilbud kan du sjekke ut Eiane gard si facebook-side …
I 1968 var Skiftunkaien bygda sin viktigaste sosiale møtestad. Rutebåten «Hjelmelandsfjord» var den gong kommunikasjonsleddet med omverda, med anløp morgon og kveld. På kvelden kom båten inn frå Stavanger, lasta med varer, folk, post og dyr. Då møttes folk på kaien i god tid, for å prate og høyre siste nytt. Ja, kaien var på …
Mon tru om det er korona som har gitt denne positive effekt? For folk går på tur i nærmiljøet som aldri før !! I 2020 var det ein auke på 1200 fleire besøkande på våre turpostar ift 2019. Nå i 2021 har det vore ein ytterlegare auke på nesten 1000 fleire besøkande. Totalt sett har det …
Torsdag 10. mars kl 18.30 blir det årsmøte for Bedehuset. Like etter at dette er ferdig blir det årsmøte for Bygdarådet. Her kan du lese innkallingane: Årsmøte for Bedehuset Årsmøte for Bygdarådet På innkallinga til årsmøtet til Bedehuset står det at årsmelding og rekneskap ligg ved. Det gjer det dessverre ikkje, men du kan …
I desse dagar blir nettsida Jøsneset.no «pussa opp» og revidert. Me vil gjerne visa fram alt stort og smått som skjer i bygda, og lagar no ei oversikt over Jøsnes-verksemder. Under fana «næringsliv» presenterer me kort verksemda, gjerne med eit bilete eller to og henvisning til nettside eller sosiale medier. Send ei melding til nettside@josneset.no dersom …
Dersom du har gått forbi skulen på kveldstid i det siste, har du kanskje lagt merke til at lyset har stått på i «småskulerommet». Noko er tydeligvis på gang… Denne gong er det Bygdarådet som svinger malerkosten for å gjere verden litt meir grønn – eller Minty Breeze, for å vere heilt nøyaktig. Det er nemlig navnet på …
Velkommen til årsmøte i Jøsneset Helselag – Grendahuset tysdag 23. feb
Tida er nå inne for å samlast Minner om strikkekafè i Trivselstova onsdag 16.feb kl 19.00-21.00
Det blir årsmøte for både bedehuset og bygdarådet torsdag 10. mars på Grendahuset. Årsmøtet for bedehuset startar kl 18.30. Årsmøtet til bygdarådet startar rett etter at bedehuset er ferdig. Sakspapirer til begge årsmøta kjem i posten.
Torsdag 3. februar kl 18 blir det informasjonsmøte med Mowi på Grendahuset. Les meir om programmet her.
På Jøsneset Grendahus er det eit ope treningstilbod for alle som ønskjer å trene på eigenhand. Det er nå på tide å fornye medlemskapet for 2022 – dørkoden blir bytta ila februar Ved å betale årsavgift får du tilgang til gymsalen og treningsrommet. På treningsrommet er det tredemølle, romaskin, benkpresse, ellipsemaskin, treningssykkel, vekter, matter o.l. …
Her finn du MEIR INFO OM TUREN
Mowi inviterer til informasjonsmøte torsdag 3. februar fra kl 18 – 19.30 i Grendahuset. Mowi skriv i inkallinga: Hensikten med møte er å gi informasjon om vår aktivitet på Fosså anlegget og få tilbakemelding fra naboer, kommune og Statsforvalteren rundt ytre miljø konsekvenser som oppleves som plagsomme for bygda. Målet er å bedre rutiner for …
Årsmøtet blir avhalde i tråd med gjeldande koronareglement m.o.t avstandskrav, antall og registrering. Møt ikkje opp om du har luftvegsymptomer.
Det er mykje aktivitet i Bygdarådet for tida. Her er referat fra gårsdagens møte. Merk at dato for årsmøtet er satt til 10. mars. Du les referatet her.
Det er nytt år og nye saker for bygdarådet å bryne seg på. Onsdag denne veka var det bygdarådsmøte, der det blant anna blei gjennomgang av vedtektene. Du kan lese referatet fra møtet her.
Driftsleder ved oppdrettsanlegget på Fosså har gitt melding om at det blir behandling av fisken denne veka, fra tirsdag til torsdag. Arbeidet vil vere ferdig mellom kl 17 og 21 desse dagane.
Alle 2021- turbøkene på dei 10 turpostane på Jøsneset er nå bytta ut. 1. nyttårsdag var ein stille, grå og våt dag, men frivillige var rundtomkring og henta inn bøker. GODT NYTTÅR frå Nesdalsfjell, som i 2021 gjekk av med seieren som bygdas mest besøkte turpost, med 1 690 noterte navn ila 2021 !! Det er …