Kategori: Siste nytt

18.03 Middag og underhaldning for Eldretreffen

Skuleelevane svinga opp med både middag og underhaldning for Eldretreffen på torsdag.Ein svært hyggeleg tradisjon og eit vellykka arrangement. Då pensjonistane møtte opp til sitt jamnlege treff i Trivselstova på torsdag, stod borda ferdig dekka og serviettane fint dandert på plass. Dei 8 storskulelevane svinga seg på kjøkken saman med Rasin og TorOlav: 60 poteter og masse …

14.03 «NY VEG NÅ» var parolen

Til saman 600 stk, på begge sider av den rasramma Tysdalstranda på RV13, aksjonerte i dag for sikrare riksveg. «NY VEG NÅ» «ME VIL HA TUNNEL» var nokre av dei tydelege slagorda som var å sjå på plakatane. Sjå meir her: NRK ROGALAND, STRANDBUEN, STAVANGER AFTENBLAD, Klar tale te na Magnhild på Tinget dette !!

14.03 Ampert i ferjkøen

TIDE slit med å avvikle søndagstrafikken på ekstrarutene, sjå STAVANGER AFTENBLAD. Det er ikkje berre søndagstrafikantane som blir råka av dette. Mange trafikantar har heile den siste veka fått ulemper og lang ventetid, nettopp pga manglande skilting dårleg informasjon på og ved ferjekaien.

Gyngestol var gjev premie på årsmøte

Jøsneset helselag hadde årsmøtet sitt den 10.03.10 i gymsalen. Spreke Arthur Westersjø holdt et innlegg der han mimra litt om gamle dagar, trekte historia rundt helselaget fram, og utviklinga som har vore, bl.a. med kva hjelp det var når penicillinen kom, og bekjemping av tuberkulose. Han fortalte korleis livet på ein gard kunne utarte seg før i …

14.03 Aksjon for RV13

Den tragiske rasulykka på Tysdalsstranda tirsdag denne veka har medført auka fokus på ein rassikker veg. Facebook-gruppa «Få tryggere veg langs Tysdalsstranda i Ryfylke» hadde 400 medlemmer for ei veke sidan – nå har den nesten 4500 medlemmer !! Folk mobiliserer nå for ein sikrare veg, og søndag blir det arrangert aksjon : – TYSDAL CAMPING …

14.03 Det vårast !

Etter 86 døgn med samanhengande snø og ein uvanleg kald vinter, er det små underverk som nå tyt opp or den våte, kalde jorda: Klosterklokkene strekker seg optimistisk mot sola !! Vinteren 2010 vil gå inn i historiebøkene som ein usedvanleg flott vinter. 3 mnd med snødekke er uvanleg her (ja kven veit, det kan enda kome meir?), …

Årsmøte i Bygdarådet 23.03

Tirsdag 23. mars kl. 19.30 blir det årsmøte i Jøsneset Bygdaråd. Ordførar Bjørn Laugaland kjem og snakkar om planane for Jøsenfast. Du kan lesa heile innkallinga her

09.03 RV 13 og ferjesambandet midlertidig stengt

Pga snøskred ved Tysdalsvatnet er RV13 stengt f.o.m 09.03 t.o.m torsdag foreløpig. Det er sett opp ferjer mellom Tau-Hjelmeland-Nesvik-Ombo. Ei av ferjene som går til Tau er «vår» MF Hjelmeland. Den er altså då tatt ut av ordinær drift, noko som betyr at vårt ferjesamband Nesvik-Hjelmeland-Ombo er svært redusert m.o.t. avgangar. Det er sett opp hurtigbåt for …

07.03 Håvehammargubbane

Tar du turen til Håvehammar i desse dagar, så blir du helst velkommen av desse to gubbane: Den eine står å helse deg velkommen med eit snilt smil og eit optimistisk «hei» på magen. Den andre står å skuer ut over «sitt kongerike» med et fornøyd lite glis om munnen – imponerande hårsveisar har de begge. …

05.03 Tolv gode ting om bygda

Kirsten Inga Kamrud i Norges Bygdekvinnelag la spørsmålet «Kva er det som er så bra med bygda?» ut på Facebook, og ho fekk mange svar, som ho samanfatta til 12 gode punkt om bygda. Her er litt å tenke på!  Kanskje nokon på Jøsneset som òg kjenner seg igjen. Les dei 12 punkta HER. Og kanskje …

03.03 Himmelsk korrekturlakk

                        Vanlegvis er våren i full anmarsj 3.mars på desse kanter. Men ikkje i år! I dag blei bygda igjen «inntatt av en himmelsk hær» og farga kvit og mjuk av flott nysnø. Kva passar betre på ein dag som denne enn Anne Grethes Preus hyllest til snøen:     NåR HIMMELEN FALLER NED   Det snør himmelsk …

02.03 «Kor-løye»

Det ny-oppstarta Jøsenfjord- og Jøsneskoret har i kveld hatt si tredje øving. Songen ljoma så taket nesten letta. Men kva skal «barnet» heite?Etter lange høyringsrundar, mange namneforslag og grundige drøftingar, falt endeleg den store avgjerda i kveld:  «KOR-LØYE». I namnet finn ein sjølve grunnpilaren, ideologien og filosofien (he he) bak prosjeket: nemlig: å ha det løye!! …

02.03 Hjelmelandsnytt.no

I kjølvatnet av den nedlagde Bygdaposten såg ei ny nettside dagens lys på Hjelmeland: www.hjelmelandsnytt.no. Tanken var eigentleg å leggje ut lokalt smånytt og aktualitetar frå Hjelmelandssamfunnet. Nå førebels fungerar sida som ein aktivitetskalender : her finn du ein temmeleg god oversikt over arrangementer og «happenings» i Hjelmeland i den næraste framtid. Og det kan du …

01.03 Ny kalender – meld inn arrangmenter

Me har fått ny kalenderfunksjon på høgremenyen på sida vår. Nå ser kalenderen faktisk ut som ein kalender, og er meir oversiktleg og enklare å bruke.Før peikaren over datoane, så vil tittel på arrangement kome fram; klikk på datoen og du får meir informasjon. Det er òg lagt inn ein ny fane øverst «Kva skjer»: klikk på den så får …

02.03 NB Skikarusell Tirsdag 02.03

NB: Skikarusell-rennet er denne veka flytta fram til TIRSDAG 02.03 !! ….det blir altså ikkje på onsdag slik planlagd.

11.03 Kulturkveld på Samfunnshuset

Torsdag 11.mars: stor KULTURMØNSTRING på Hjelmeland Samfunnshus.Frå Jøsneset stiller Jone Hjorteland, Thomas Tjeltveit og Malena Altamirano Gutane er ivrige både på gitaren og som vokalistar. Tipper me rett, så drar de vel til med ei skikkeleg hard-rock-låt!! Malena spelar fløyte i trioen «The Magic Flutes». Dei skulle egentleg stille på UKM, men klaffa ikkje pga sjukdom. …

24.02 Ønsk deg ein song !!

Det nærmar seg påske folkens – og i år blir det igjen REVY og FEST på Påskeafta!!  Den amerikanske musikaren Gil Silverbird er alt klar for danseglade Jøsnes-kalvar. Han melder at han gledar seg til besøket, og har lyst å gi folk den type musikk me sjølv ønskjer. Han vil òg dra i gong god allsong, …

19.02 Historisk dårleg frammøte på JULårsmøte

Fredag 19.02 hadde Jøsneset Ungdomslag årsmøte – umiddelbart etter Ryfylke Visegruppe-konserten. Me prøver å ha årsmøtet i samband med helger for å gjere det mulig for vekependlane ungdom å møte. Vidare prøver me å kombinere det med eit anna arrangement, for å gi folk to grunnar til å forlate heimen ei lita kveldstund. Denne strategien …

23.02 «Jøsneske attraksjonar»

Det er vinterferie og feriefolket strøymer på. Fantastisk vinterferievær. Kva finn du på ??? Send oss dine bilder av dei «JØSNESKE ATTRAKSJONAR«. Som dette nedanfor f.eks: HJORTESAFARI PÅ SILOLASSET I MOLDSKOFLÅ- ka slår vel den ???Inge Torkel er stødig sjåfør opp den megabratte skogsvegen. Hjortane er glad i Inge med traktoren, for det er lik …

22.02 Hjortar på Skiftuheia

Foringsplassen på Skiftuheia har dagleg besøk av vintersvoltne hjortar. Flokkar på 8-12 dyr blir observert. Men de er veldig vare, så trø stilt og hald deg roleg om du vil sjå dei. Her har Ola Skiftun snike seg innpå hjortane og knipsa fleire gode bilder av flokken. Alle foto: Ola Skiftun Flotte dyr, ikkje sant !!!