Kategori: Siste nytt

Kald novembertur

  Siste del av november har vore prega av kaldt, stilt og stabilt barfrostvær.Fint inne ved peisen……men magisk ute i naturen òg   Naturen byr på litt andre opplevingar enn i sommarhalvåret. Her på veg opp Åslandsbakkane mot Herefjellet.  Frå Norda Høgaste ned mot Erfjord og inn Erøysundet Utsikt mot Gunlanuten. Dette er dagen før hjortajakta tek slutt …

27.11.10 Nokon som skal på topptur i desember?

Dersom nokon skal på topptur i desember, er det fint om de kan ta med og byte boka på Norda Høgaste, Tausanibbå, Røssenibben, Gunlanuten og Valafjell. Gi beskjed til Ingeborg Westersjø på tlf 92850297 så ordnar ho bok de kan ta med opp og ta med den andre ned igjen til ho. Det er veldig …

Jøsneset: 12 i pluss

I 2010 har det, etter kva «redaksjonen» har klart å telje, vore ei auke på heile 12 personar på Jøsneset! Pluss 3 stk som bur midlertidig i Nesvik. Dette er ei svært positiv utvikling, og vi håpar at det betyr at vi får ein oppsving att, der fleire vel å «flytte heim» eller at det …

TIPS OSS !!

    Me treng tips og idèar til nettsida. Veit du om eit arrangment, eller små eller store ting som skjer på Jøsneset – SÅ TIPS OSS !Det er enkelt: klikk «kontakt oss» oppe på sida – så vips har du epostadressene våre.  

Husk volleyball torsdagar

Husk Volleyball-trening torsdagar kl 20.00 i gymsalen. Volleyball er ein sosial og kjekk sport som passer for alle, så ta med deg naboen og kom Arr: Jøsneset Ungdomslag

Eventyrleg seilas

Fotoforedrag m/ Audun Hetland, Jøsenfjorden skule, 18. november NB NB kl 19.00(ikkje 19.30 slik tidligare annonsert) Inngang kr 30,-  inkl mat Les meir om seilaset HER Arr: Jøsenfjorden Fritidsklubb

Talenter på rekke og rad

Torsdag 11 november inviterte Jøsneset og Jøsenfjorden skule til Bygdakveld på Jøsneset. Elevane tok ein fullstappa sal med gjennom eit over 1-times variert program. Og salen lot seg begeistre: på dei to små skulane gror talenta !! Tema for kvelden var «Barnelitteratur og forteljingar i ulik form» og tillegg var det framføringar av Kulturskule-elevar.Det var …

Volleyballtrening på torsdag utgår…..

………pga BYGDAKVELDEN som Jøsneset- og Jøsenfjorden skule arrangerer. Men møt opp neste torsdag kl 20.00 – då er det volleyball igjen.

«Me kjører buss «

    Når reklame blir så kostelig som det Suldal Billag har klart å stelle i stand her, så må me nesten oppmode folk om å klikke på følgjande link frå YouTube og nyte øyeblikket   http://www.youtube.com/watch?v=PgWa0lqDL9g  Kva anna kan ein sei  : SULDAL BILLAG – HU HEI KOR DET GÅR !!! og PS: ser du …

Siste kamp for G15

 Hjelmeland sitt fotball-lag G15, der heile 5 Jøsnesgutar var med, har nå spela sin siste kamp etter nesten 10 år i lag. Dei fem Jøsnesgutane som har spela på dette laget er Eirik Fossaa, Jone Hjorteland, Marius Loktu, Jonas Hjorteland Gbada og Trond Brandal. Eirik var førstemann som starta å trene omtrent i skulestartalder, og …

Jone til kretslag i fotball

 Jøsnesguten Jone Hjorteland (15) er klar for Rogaland krets sitt fotball-lag. Jone er ein ivrig kar – og fleire dagar i veka er han å sjå på veg over fjorden med gymbagen på ryggen – på veg til fotballtrening eller fotballkamp. Han har i fleire år spela på Hjelmeland sitt guttalag, G 15, og spela ein viktig …

Følg med på Hjelmelandsnytt

På HJELMELANDSNYTT finn du ein arrangementkalender for Hjelmeland. Arrangementkalenderen er sortert bygdevis og etter dato, så det er veldig enkelt å finne oversikt over kva som skjer i ditt nærmiljø. Det er Hetland Media v/ Morten Hetland som driftar sida. For at HJELMELANDSNYTT skal vere mest mulig komplett og oppdatert er det viktig at du, …

Bygdakveld 11.nov

Torsdag 11 november innbyr skulen til BYGDAKVELD på Jøsneset Skule kl 18.30Tema er «Barnelitteratur og forteljingar i ulik form»Om me kjem til å sjå slike makalause triks som denne godjenta utfører, er vel heller usikkert.Men skulebarna kjem garantert til å gi oss god underhaldning !!! I skrivet frå skulen står det:» Jøsneset og Jøsenfjorden skular …

Aktivitetsdag med paintball mm.

  Aktivitetsdag for ungdom i Jøsenfjorden laurdag 6 november. Les meir HER Jøsneset Ungdomslag er medarrangør……i dette tilfellet inneber det bilskyss inn el ut til fjorden om nokon treng det.Elles er det Gjil Aktivitetssenter som står for opplegget og maten

Dårlege på lesing i Hjelmelandskulane

…..ja, iallefall om me skal tru resultata frå Nasjonale Prøvar. Sjekk artikkelen på NRK ROGALAND, der det viser seg at Hjelmelandsskulane kom dårlegast ut på leseferdigheiter for 5.klassingar. Vindafjord kom nest dårlegast ut, men det ser ut som dei alt har sett i gong tiltak……les meir om nytt leseopplegg på Imsland skule HER.

Volleyballtrening på torsdagar

 TORSDAGSKVELDAR I GYMSALEN PÅ SKULEN kl 20.00. Ungdomsskulealder og oppover. Ta med deg naboen, kompisen, kånå, venner og kjendte – volleyball er god, gøy og sosial trening. (og ps: tenk viss det blir Skiftudalen Open- turnering til sommaren —— då må du legge deg i trening) Arr: Jøsneset Ungdomslag

24.10 Gode bidrag til TV-aksjonen

Det var Helga Havnerås, Berit Hjorteland og Terje Bremnes frå Bygdarådet som stilde som bøssebærarar for TV-aksjonen til Flyktninghjelpen i år. Helga fortel at dei blei positivt mottatt og at seddel etter seddel blei putta på. Mange sat klar med pengane då dei ringde på, medan andre hadde hengt pengar klar i pose på døra til dei. Svanhild …

24.10 Kniv mista

I gjesteboka i «Kalvagaren» v/ Fosstemmen er det ein turgåar frå Stavenger som opplyser at han har mista kniven sin på strekninga opp til Fosstemmen. Om nokon finn den, så er han veldig glad om han får den igjen. Kniven er svart, og det står «cold steel» på bladet.Han opplyser ikkje om det var på skogsvegen …

24.10 Hederspris til Jøsnesbonde :-)

«And the winner is»………nei, ikkje akkurat denne karen……men han er jo ein medverkande aktør på garden som fekk prisen:  BØEN v/ Silje Sværen og Øyvind Oaland. Hedersprisen «Årets bonde 2010»  blei delt ut under den store landbruksmessa Agrovisjon2010 som var i Stavanger denne helga. Prisen (som bestod av eit flott kunstverk og ein diplom ) blei delt …

Aktivitetsdag 59 grader nord

JØSNESET LAURD 23.OKT kl 13.00 – 17.00 v/ Jøsneset skule. GPS-løp, puttball, hinderløype mm i regi av Gjil Aktivitetssenter.For ungdom frå 8.klasse og eldre.Matservering.Meir info på facebooksida «Ung i Hjelmeland» Arrangør: Jøsneset Ungdomslag, Jøsenfjorden Fritidsklubb, Frivilligsentralen.