Siste nytt

20.05.11 Hus skal brennast på Åsland

Eit eldre bustadhus skal brennast 24.05.11 på Åsland. Brannvesenet skal stå for nedbrenninga og nyttar høve til samtidig å ha øving på røykdykking med nytt utstyr, slik dei hadde i Vormedalen sist onsdag.  

20.05.11 Utrygge tider for hjorten

Til hausten kan hjorten på Jøsneset kjenne seg svært utrygge! I tillegg til mange allereie aktive jegrar, er det no utdanna fleire nye jegrar på Jøsneset. Med stønad frå Jøsneset viltlag har desse bestått jegerprøven: – Jone Hjorteland – Jonas Gbada – Sondre Fosså – Eirik Fossaa – Tomas T – Lars Gudmund Brandal Lukke …

Nettet er «på» igjen

 JIPPI : Etter 9 dagar utan nett i bygda, er det nå «oppe og går igjen». Det har vore kabelskip i fjorden heile veka. Kabelen var visstnok «ute av kurs» – låg rett under oppdrettet, og dette medførte vel òg utfordringar i forhold til å reparere skaden. Torsdag kveld var det folk frå Relacom som …

HARDHAUSEN 1. PINSEDAG

Gjer deg klar for vårens vakraste eventyr: HARDHAUSEN og/eller 3-NUTSTUR:Ein tøff og flott dagstur mellom fjord og fjellSET AV SØNDAG 12.JUNI = 1.PINSEDAG. KART OG MEIR INFO OM TURANE OG OPPLEGGET FØLGJER !!

Program for 17.mai

Nettkabeltrøbbel er heldigvis ikkje til hinder for ei god, tradisjonsjonell 17.mai feiring. 91-årige (!!) Arthur Westersjø står klar både som formann i 17-maikomiteen og som talar for dagen, og han har med seg ein sulandes komitè – så 17 mai skal det bli !!! Les 17-mai programma for Jøsneset og dei andre bygdene HER.

Jøsnesbygda framleis utan nett

Heile Jøsnesbygda er framleis utan nett, etter sjøkabelen som går inn til bygda blei ødelagd onsdag 11.mai. Ved telefonsamtale med feilmeldinga til Telenor i dag 16.mai, kunne dei ikkje love snarleg løysing på problemet, og eigentleg heller ikkje gi detaljert svar på det konkrete spørsmålet. Kabelbrot i sjø må løysast med spesiell kabelbåt, ev ubåt …

Kabelbrot på nettkabel

Onsdag formiddag 11.mai skjedde det eit kabelbrot på fiberkabelen som ligg i sjø og går inn mot Jøsneset i Skiftuvika. Dette har medført at nettet på Jøsneset ligg nede. Onsdag kveld opplyste folk frå Relacom at det kunne bli eit omfattande arbeid å reparere skaden. Det trengtes dykkarar på staden for å lokalisere og påvise …

26.05.11 Tur for eldretreffen!

Jøsneset Eldretreff avslutter vårsesongen med å bli med Hjelmeland frivilligsentral på busstur til Sauda 26.mai.  Alle 12 brukerne har meldt seg på, og kan glede seg til guida busstur med lokalhistorie, omvisning på industriarbeidermuseet og fabrikken, middag på Sauda fjordhotell og tid til å se i butikker og handle. Andre som har lyst å være …

Pause i volleyballtreninga

Våren er ei travel tid for nokon og ein kvar; eksamenar, konfirmasjonar, lemming, vinnå, fotballkampar, møter, fridagar osv osv.Volleyballgjengen har difor beslutta å ta sommar-pause……..iallfall på dei ordinære onsdagstreningane. Men husk at det blir volleyballturnering i sommar med OJ EventsMeir info følgjer.

02.05.11 Hjertemarsj

51 stk har gått hjertemarsj på Jøsneset i dag!     Jøsneset helselag samarbeida med skule, barnehage og eldretreff for å arrangere årets hjertemarsj! Coop Hjelmeland sponsa frukta som alle fekk etter dei hadde trimma seg. Det var runde rundt «nullen» med quiz i år, og premie til den med flest rett (vart loddtrekning mellom …

Fest for Rektor Rasin

Joda, det var stor ståhei når alle skogens dyr skulle lage fest for Bamsefar i lia. Det same var tilfellet når alle borna på Jøsneset skule/barnehage og Jøsenfjorden skule/barnehage skulle lage fest for «bamsen sin», nemlig Rasin Rektor.Rasin blei 60 år lørd 30. april. Men alle borna og alle lærarkollegaene til Rasin hadde ein stor …

Arthur Westersjø held 1.mai-appell

Det blit 1. mai-markering på Spinneriet klokka 16.00, der Arthur Westersjø frå Hjelmeland Ap held appell, og Marcela Molina frå Stavanger SV held innlegg – du kan sjå invitasjonen her

Ut på tur – i påsken

Ein tipsar har rapportert at i frå palmehelga til 2. påskedag, så var det 118 besøk på Håvehammar, og 81 besøk på Brynå! Det vil seie at folk har nytta påska til å gå mykje tur, og det er me glade for. Håvehammar og Brynå er dei mest populære turpostane på Jøsneset og går du …

Takk til revygjengen !!

Revygjengen ga publikum gode opplevingar Påskeaften i gymsalen. Dei er etterkvart blitt ein dreven gjeng med gode idèar og rare påfunn. Her er de tydeligvis blitt inspirert av både det lokale damekoret «KorLøye» og slageren «We are the world». Ein artig kombinasjon, og med stor innleving tok koristane salen med storm Her ein sekvens frå …

Hjertemarsj

Måndag 02. mai kl 13.00 til ca 14.30 vert det laga til hjertemarsj på Jøsneset for å markere hjerteveka til nasjonalforeningen for folkehelse. Vi vil møtast på skuleplassen og går ei hjertemarsj rundt nullen. Det blir premiering og gratis frukt/vatn til alle når dei kjem tilbake. Helselaget samarbeider med skule, barnehage og eldretreff om arrangementet, …

Påskestemning i Nesvik

  Frå Edvard Vigesdal i Nesvik har me fått oversendt desse koselege påskebilda. Her er det kos med eit nyfødt lam,og…..     ….og her er det grillkos i Nesvik-stranda.   Joda, i Nesvik kan de kunsten å kose seg i det nydelege påskeværet !!                     …

Revyen «KorNøye?» slo an !

To forestillingar med revyen «KorNøye?» slo an blandt publikum. Det var god stemning og trampeklapp når siste nummer ebba ut klokka ni lørdagskveld.  Over 120 stk fann vegen til gymsalen påskeafta. Og ein glad og munter revy-gjeng gleda oss nok ein gong med lokalhumor, song og rare figurar. FOTO frå revyen vil bli lagt ut her …

Jøsnesposten i rute !!

Elevane på storskulen på Jøsneset er i rute med produksjon av årets høgdepunkt: JØSNESPOSTEN. Arbeidet var godt i gong før påske, og etter den fantastiske påskeferien dei har hatt, er sikkert skrivelysten enda høgare enn før. JØSNESPOSTEN er blitt eit årvisst vårteikn på Jøsneset: nå produserast den for 28. gong!!! Rektor Rasin og lærar Tor Olav fortel …

Salg av THAI-MAT Påskeaften

Påskeaften blir det sal av deilige thairettar på skuleplassen Jøsneset frå kl 16.30 – ca 22.00.Siranees Upawong Viken er kjendt Ryfylke rundt for sine gode thairettar; og Påskeafta kan du gjere det lettvindt for deg sjølv. Kjøp deg ferdig thaimat til Påske-aften-kos!!   Siranee er eigentleg på plass i forbindelse med revy og fest/dans, men …

21.04 Ny turbok på plass på NordaHøgaste

Helselaget si turbok er igjen på plass i kassen på Norda Høgaste på Herefjellet – etter at den «gamle» blei tatt ned for eit par veker sidan: våt og ødelagd. Så nå er det berre å ta turen – så får du bli med på Helselaget sin topptur-konkurranse.   Flotte påske-forhold på Herefjellet: ikkje snø …